«ImF», seier du?

LEIAR Må det vera slik at måten me organiserer bedehusarbeidet på, er avgjerande for medvitet om organisasjonen som står bak?

I ei rekkje av møte for å markera at forbundet rundar 125 år, var turen komen til ei stor forsamling i området. Forsamlinga er av typen med tilsette og «alt under eitt tak». Møtet var lagt til ein dag i veka der medlemmene er van med at det er samling. Vonaleg opplevdes det som eit godt møte – for dei fem som kom for å lytta til informasjon og tale frå den tilreisande ImF-tilsette. 

Dei 20 siste åra har ImF aktivt tilrådd å etablera slike forsamlingar på bedehusa. Det ligg då også fast at ImF er til for å støtta det lokale arbeidet. Dette er ikkje ein kritikk av denne strategien, men spørsmålet må stillast om det har vore meininga at krets og forbund sjølv skulle forsvinna ut av medvitet til medlemmene. 

Spørsmålet må stillast om det har vore meininga at krets og forbund sjølv skulle forsvinna ut av medvitet til medlemmene

Pastoren og andre med løn i forsamlinga, vil ofte formelt vera tilsett i kretsen og ha eit arbeids- og utrustingsfellesskap der. Men om me spør om medlemmene er klar over denne strukturelle tilknytinga og om organisasjonen får noko betydning for dei, er det grunn til å tru at svaret ofte vil vera «nei» – om då ikkje leiinga i forsamlinga er bevisste på røtene og lar det få betydning.   

Leiar for fellesskapsplanting i ImF, John Torjus Eriksen, ser ei ny form for fellesskap veksa fram som er knytt til heimane og har ein meir personleg karakter. Han trur ikkje at desse fellesskapa «får en dyp ImF-identitet». Om dagens forsamlingsmodell trur han at det i framtida blir krevande for forsamlingane «å være trofaste mot bibelske grunnsannheter».          

I eit slikt bilete kan ein seia at ein funksjon for ImF vil vera å tilby ulike strukturar for leiing og drift av forsamlingane, uavhengig av modell. Men om det er eit poeng også å auka medvitet om ImF mellom dei «vanlege» medlemmene, trur me det må noko meir til.  

Sjølv ikkje som «leverandør» av tenester som Awana, Leiarkonferansen, eit omfattande skulearbeid og Lyngdal Bibelcamp, får ImF ein tydeleg identitet i bedehuslandskapet.

Sjølv ikkje som «leverandør» av tenester som Awana, Leiarkonferansen, eit omfattande skulearbeid og Lyngdal Bibelcamp, får ImF ein tydeleg identitet i bedehuslandskapet. Me trur noko av løysinga ligg i meir tid for ImF-tilsette til førstelineteneste med tydeleg forkynning. Eit mål må også vera å vere med på å motverka faren for teologisk utgliding. Folk må få ansikt på ImF-tilsette, ikkje berre namn. 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.