UTFORDRANDE: – Eg synest det har vore vanskeleg å høyra på debatter og forkynning som fører menneske vekk frå Gud og dermed inn i ufridom, seier Karen Graaten. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Krevjande å grava i den vanskelege fortida

Ho skriv om kjønnsforvirring, sjølvmordsforsøk, livet som lesbisk og vegen ut. – Eg opplever det som Guds kall å formidle det eg har sett og erfart, seier Karen Graaten.

Boka På jakt etter identitet: min vei ut av kaoset er akkurat komen ut.

– Det var krevjande å skriva ho. Eg måtte på nytt grava i den vanskelege fortida mi, seier Graaten til Kristelig Pressekontor.

Kall

Det er fem år sidan ho ga seg i kast med å sette ord på prosessen som tok henne inn i ein homoseksuell livsførsel – og så ut av han att.

– Med det var det tid for ei bokutgjeving. Eg har opplevd det som Guds kall å setta ord på denne delen av trus- og livshistoria mi, og dele ho vidt ut. Sjølv om det kostar, har det vore godt å få gjennomført dette, seier ho.

Identitet

Gjennom boka har Graaten fått kasta ljos over vegen ho har gått i spørsmåla rundt identitet og kallet som etterfylgjar av Jesus.

– Eg trur eg har fått med meg det som har vore sentralt i mi eiga vandring og som eg tenkjer kan vera til hjelp med å gjera det klårt for andre som søkjer vegleiing i desse spørsmåla, seier Karen Graaten smilande.

FORFATTAR: – Eg har opplevd det som Guds kall å sette ord på denne delen av trus- og livshistoria mi og å dele ho vidt ut. Sjølv om det kostar, har det vore godt å få gjennomført dette, seier Karen Graaten om bokprosjektet sitt. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Tungt

Ho trur boka óg kan tala til folk som dette temaet ikkje vedkjem direkte, men som heilt enkelt ynskjer å kjenna Jesus og fylgja han.

– Det har vore tungt over tid å fylgja debattane og den intense kampen mellom sanning og løgn som går langt inn i kyrkjelandskapet og har vore så splittande.

Biskopane i Den norske kyrkja vedtok i 1997 at homofilt samliv er kyrkjesplittande.

– Det har dei fått heilt rett i, seier Graaten.

Lys og salt

Ho peikar på at den kristne kyrkja si oppgåve først og fremst er å vera lys og salt og å halda fram det som er sant og rett om Guds vilje for samliv og seksualitet.

Ho meiner ein over tid har fått presentert ei villfaring i desse spørsmåla.

– Eg skal vera den første til å erkjenna at det ikkje er så lett. Vi vil så gjerne vera imøtekomande og kjærlege, og det er vi óg kalte til. Men om det går på kompromiss med sanninga, fylgjer vi ikkje meisteren vår.

– Sanninga frigjer

Å vera tru mot sanninga i kjærleik er utfordringa vår i alle spørsmål, strekar ho under.

– Vi skal kjenne sanninga, og det er sanninga som frigjer oss.

Ho synest det har vore vanskeleg å høyra på debattar og forkynning som ho meiner fører menneske vekk frå Gud og dermed også inn i ufridom.

Bunden

På fleire område har ho sjølv opplevd seg bunden i synd og skuld, utanforskap og sjølvhat. På eit tidspunkt prøvde ho å ta sitt eige liv.

– Første skrittet ut av eit slik tilvere er å erkjenna og bekjenna. Det har eg sjølv erfart. Då kan vegen vidare opne seg, seier Graaten.

Andskrefter

Ho er oppteken av å byta ut løgntankar med sanning.

– Vi speglar ikkje Gud i vår synd. Om kjenslene får styra, sporar vi av. For menneskehjartet er svikefullt, seier ho og legg til:

– Å slåst mot begjæret vert ein kamp i eiga kraft. Der er vi dømde til å mislukkast. Her er det snakk om sterke andskrefter, og det krevst omvending, ikkje berre éin gong, men kvar dag.

Omvending

Omvending, forklarer Graaten, handlar om å endre tankesett.

– Det er i tankane starten på endringa finn stad.

Ho syner til Romarbrevet 12,2, som snakkar om å fornya sinnet etter Guds Ord.

– Eg må sjølv kapitulera. Å gi frå seg herreveldet i eige liv kostar alt. Og det er Gud som må handla med oss og gjera oss heile.

Endra kjensler

Som ung vaksen var Graaten i fleire år i eit lesbisk forhold, og ho venta ikkje så store endringar då ho tok dei første skritta på vegen til å overgi livet sitt til Jesus.

– Det har vore ein prosess over tid, der Gud lækjer og set fri. Endring av kjensler kjem ikkje først, men til slutt, seier 71-åringen.

Homofili

Ho vil ikkje kalla homofil praksis ei «spesial-synd»:

– Vi kan alle ha synder vi strevar med og må snu oss vekk ifrå. Men det er ingen tvil ut frå Bibelen om kva Guds vilje er når det gjeld homofil praksis. Å velsigna eit slikt samliv, vert å forblinda menneske så dei lever i synd med dei veldige konsekvensane det får, seier ho.

Anten eller

– Den som er fødd på nytt, ser på livet på ein annan måte enn dei som ikkje er det. Det er snakk om eit anten eller. Det er umogeleg å pynta på synda ved å velsigna ho. Vi har med ein heilag Gud å gjera, seier Karen og peikar på fleire skriftstader som talar om eit før og eit no.

  Ho kjenner fleire som er i ein liknande situasjon som henne.

– Men det er få som ynskjer å stå fram grunna dei store børene dei må rekna med å møta. Her i landet er det særs vanskeleg å leva motstrøms. I USA er det enklare. Der veit eg at det er mange som har vend seg vekk frå sin homofile livsførsel. I Norge gjeld det å vere «politisk korrekt». Men heldigvis byrjar det å slå sprekkar, føyer ho til.

Fekk reaksjonar

– Får du reaksjonar frå praktiserande homofile som meiner at du sviktar kampen deira?

– I starten då eg vende om, møtte eg sterke reaksjonar frå miljøet og einskildpersonar. Men no er det lenge sidan. Derimot merkar eg godt generell motstand i samfunnet. Pride har lukkast i å få med seg mange på sin veg, også kristne.

  – Kva tenkjer du om forbodet mot såkalla konverteringsterapi og skuldingar om hatprat?

Hatprat

– Ja, skuldingar om hatprat er våpenet som vert nytta. Å vere usams vert likestilt med hatprat. Det er ein effektiv måte å få folk til å teia på, konstaterer Graaten og held fram:

– Det handlar ikkje om hat. Tvert imot vil eg seia at det er kjærleik å ville redda nokon ut av eit brennande hus.

MOTRØYST: – Skuldingar om hatprat er eit våpen som vert nytta. Det å vere usamd vert likestilt med hatprat. Det er ein effektiv måte å få folk til å teie på, meiner Karen Graaten om ordskiftet rundt likekjønna samliv. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Fridom

Ho understrekar at folk har full rett og fridom til å velgja å leva liva sine som dei vil.

– Ingen kan endra eit anna menneske, men vi sjølv må ha fridom til å søkja hjelp og vegleiing der vi ynskjer, seier Karen.

Forsamling

Ho lever åleine, men er langtifrå einsam. Ho høyrer til i forsamlingsnettverket Innlandskirken Livets Senter på Lillehammer.

– Her vert Guds ord forkynt klårt og tydeleg. Det gir støtte til personar som ynskjer å fylgja Jesus.

Småbruk

Ho har lenge budd på småbruket Brøttum sør for Lillehammer som ho arva i 1984. Der dreiv ho i ti år retreatsenteret Johannesgården som ho sjølv har bygd opp.

Karen er agronom og hjelpe- og sjukepleiar og har jobba hardt og mykje i livet, mellom anna som sauebonde i 20 år. Tre og eit halvt år på bibelskule har ho óg i bagasjen. No er ho pensjonist og har lagt ned retreat-verksemda, men tek imot pilegrimar om sommaren.

God respons

– Har du fått nokon respons på boka di?

– Ja, eit hundretal har vendt seg til meg på Facebook, mail, telefon eller SMS. Alle har så langt vore positive. Folk er takksame og glade for å høyra ei anna røyst i desse spørsmåla, svarer Karen og legg til:

– Men eg har vore, og er, budd på negativ omtale. Eg er sjølv lite glad for debattar. Samstundes har eg sett meir og meir behovet for å tale klårt.

Andre opplag

Boka er trykt i 1000 eksemplar. Ventura forlag har alt førebudd det andre opplaget.

– Eg kjenner meg trygg på det eg har gjort, og eg vonar og trur at denne boka vil kunne vera til hjelp, til tru og til å halda fast på Jesu lære i desse spørsmåla, seier Karen Graaten. KPK

Artikkelen er skriven av Boe Johannes Hermansen, KPK – kpk@kpk.no

I august har Sambåndet kjønn som tema. Du får møta Anne Kalvig, som kjempar mot den nye kjønnsforståinga i samfunnet. Miriam Jørgensen har undersøkt kva som står om kjønn i dei nye lærebøkene. Nora Tobiassen fortel om fem år der ho levde som mann. Desse artiklane må du vera abonnent for å kunne lesa. Er du ikkje abonnent, kan du tinga det herDu får resten av 2024 gratis.

Les i morgon, 13. juli: Karen Graaten opplevde seg bunden i synd og skuld, utanforskap og sjølvhat. På Lyngdal bibelcamp tala pastor Gunnar Ferstad om synd og sår.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.