Innlegg

TILGRISA: Dette synet møtte dei som arbeider og nyttar seg av St. Martini-kyrkja i Bremen for nokre dagar sidan. Foto: St. Martini Gemeinde Bremen.

Prest dømd for hatprat, kyrkja vandalisert

Presten Olaf Latzel uttalte seg skarpt mot homoseksualitet. Då blei kyrkja hans tilgrisa med maling. Så vart han dømt for oppvigleri, og no har vandalane vendt attende.

Under eit ekteskapsseminar i kyrkjelyden sin i Bremen i Nord-Tyskland sette Latzel sinna i kok då han kalla homoseksuell praksis ein «degenerert form for samkvem».

Den tyske nettstaden idea.de skriv at han vart anklaga for utsegner om at personar frå det tyske motstykket til Pride-marsjen, Christopher Street Day, var som «forbrytarar som dukka opp overalt», og at «Heile denne kjønnsskiten er eit åtak på Guds skaparorden.»

Seminaret i den evangelisk-reformerte St. Martini-kyrkjelyden vart halde i oktober i 2019. Mykje av bråket starta først eit halvt år seinare då Latzel sine fråsegner under seminaret vart lagt ut på Youtube og med det gjort kjende for ålmenta.

Latzel har beklaga delar av ordbruken sin, men ikkje standpunktet sitt. Han seier fråsegnene ikkje var meint for eit større publikum, berre for de 30 para på seminaret. Han hadde ikkje tenkt å publisere videoen på nettet, men han vart lagt ut av eit soknebarn. No er videoen fjerna.

Dømd til bot

Fråsegnene førte til at Latzel vart tiltalt, og i slutten av november i fjor vart han i tingretten dømd til å betale nesten 82.000 kroner for det dommaren meinte var oppvigleri.

– Det er bevist at han med vilje anspora til hat mot homofile, sa dommer Ellen Best.

Ho hevda at Latzel gjennom det han sa, hadde skapt ei hatefull stemning mot homofile og dermed krenka menneskeverdet deira.

Latzel peika på at han set eit klårt skilje mellom homofili, som han avviser, og homofile, som han respekterer som menneske.

– Dette er uforståeleg, for homofili utan menneske er utenkjeleg, og den seksuelle orienteringa er ein del av ein person og definerer personlegdomen hans eller hennar, hevda dommar Ellen Best, som la vekt på at Latzel hadde presentert homofili som eit trugsmål samfunnet må forsvarast mot. Med det antyda presten ifylgje Best at homofile ikkje var likeverdige samfunnsmedlemer. Ho sa dette vart understreka av Latzel si merknad om Christopher Street Day, som kan forståast som ein invitasjon til å «setje iverk tiltak mot dei».

Åtak på kyrkja

Trass i påstanden frå domaren kan det sjå ut som hatet i første rekkje er retta mot Latzel sin kyrkjelyd og ikkje mot homofile. Kyrkjelyden har vore utsett for ulike slag åtak i ei årrekkje som fylgje av presten sin teologiske ståstad. Då det i fjor vart kjent kva Latzel hadde sagt, vart kyrkjefasaden vandalisert med maling. Den første helga i mars hende dette igjen.

Tidlegare er kyrkjefolket fleire gonger blitt forstyrra av hissige homoaktivistar før og under gudstenesta. I fjor vår stilte 50 homofile par seg opp utanfor kyrkja og kyssa kvarandre medan folk var på veg inn i kyrkja. Ifylgje kyrkjelyden vart dei som skulle på gudsteneste, fysisk hindra i å kome inn i kyrkja. Demonstrantane kasta oppblåste kondomar på dei og viste dei fingeren, og då dei nekta å forlate staden, hamna dei i slåsskamp med politiet.

Under åtaket for nokre dagar sidan vart den verneverdige kyrkja tilgrisa for andre gongen med raud- og blåmaling over store delar av fasaden.

Inngangspartia er tilgrisa fleire gonger, og slagord er skrivne på ytterveggane. Eit av dei lyder: «Gud er homofil». Arbeidet med å gjere rein kyrkja har kosta titals tusen kroner. Det har også vore retta åtak mot Latzel personleg. Bilen hans er fleire gonger skrapt opp, og einkvan har mora seg med å bestille varer i namnet hans for levering på døra hans. Det er også komne drapstrugsmål i kyrkjelyden si postkasse.

Omstridd prest

St. Martini-kyrkjelyden opplever stigande oppslutnad og er godt kjend i Tyskland for den konservative profilen sin. Olaf Latzel er ein omstridd prest, men får full støtte frå dei faste tilhøyrarane sine. Kyrkelydsrådet stør også presten sin utan atterhald.

Kyrkjelydsrådsleiaren Jürgen Fischer sa i fjor at pressa har framstilt saka heilt feil.

– Latzel har aldri uttalt at homofile er kriminelle, seier han.

Latzel sjølv seier fråsegnene var mynta på dei som hadde smurt maling og slagord på kyrkja. Latzel har ifylgje advokaten sin heller ikkje snakka om personar som «kjønnsskit», men kritisert ei politisk rørsle og kjønnsideologien deira.

Suspendert

Mens den lokale kyrkjelyden stør Latzel, gjer ikkje alle i kyrkjesamfunnet deira, Evangelische Kirche in Deutschland (EKD), det same. Bernd Kuschnerus i sammenslutninga Bremische Evangelische Kirche (BEK), som St. Martini-kyrkjelyden er med i, er sterkt kritisk.

– Eg er djupt råka av at ein prest i kyrkja vår er dømd for oppvigleri. Fråsegnene som ligg til grunn, er uakseptable og har skada heile kyrkja sitt rykte, seier Kuschnerus.

BEK meiner det er eit dårleg vitnemål andsynes samfunnet at ein av prestane deira er dømd for hatprat. Derfor blei Latzel førebels suspendert. St. Martini-kyrkjelyden vurderer på si side å avslutte medlemskapen i BEK, melder idea.de.

«Politisk dom»

Andre kyrkjelege røyster i Tyskland stiller seg på Latzel si side. Ulrich Rüß, som leier den protestantiske paraplyorganisasjonen Konferenz Bekennender Gemeinschaften, kallar utfallet i tingretten «ein politisk dom i ein politisk prosess».

– Sidan Latzel har sagt seg lei for det grove ordvalet sitt og fråsegnene ikkje var meint for eit større publikum, har domen mindre å gjere med oppvigleri og meir med viljen til å gjere eit eksempel ut av Olaf Latzel, meiner Rüß.

 Olaf Latzel sin forsvarar, Sascha Böttner, kunngjorde i retten at domen vert anka. Han kalte domsslutninga «ein katastrofe» og sa ho kunne føre til begrensa ytringsfridom i Tyskland. KPK