HARAM: Kretsgruppa foreslår at Brattvåg bedehus blir eit kraftsenter i indremisjonsarbeidet på Sunnmøre. FOTO: PETTER OLSEN   

Stor organisasjon – liten bevegelse

KOMMENTAR Det er interessant lesing når medvitne indremisjonsfolk kjem med ærlege analysar av no-situasjonen og moglegheitene for endring.

I nummer 4/24, som kom ut 2. mai, skreiv Sambåndet om korleis fire av kretsgruppene i organisasjonsprosessen konkret ser for seg å endra arbeidet (IMS, ImF Sunnmøre, ImF Rogaland og ImF Sør). I nr. 5/24 skriv vi om årsmøtevedtak i fleire av dei andre kretsane.

Ikkje alle kretsgruppene har lagt fram skriftlege dokument for årsmøtet sitt. To av dei som har gjort det, er gruppene i ImF Sunnmøre og Indremisjonssamskipnaden (IMS). Desse har tatt seg tid til å analysera situasjonen ut over ein rein talmessig oppstilling.

Analysane har verdi uavhengig av avstemminga på dei respektive kretsårsmøta.

«Vi har brukt mykje tid på analyse», skriv Sunnmøre-gruppa i sitt 16 sider lange framlegg. Analysane har verdi uavhengig av avstemminga på dei respektive kretsårsmøta.

Historia

Gruppa i IMS gir oss eit historisk oversyn. Då indremisjonsarbeidet vaks fram i overgangen mellom 1800- og 1900-talet, var målet at kvar bygd skulle ha eit bedehus som innbyggjarane hadde gangavstand til. I den første tida var det også mange omreisande forkynnarar og hyppige møteveker. Lekmannsrørsla ImF vaks fram som resultat av «eit levande bibel- og bønneliv, samt at dei betydde noko for dåtidas naud».

Føresetnadane for dei to førstnemnde historiske kjenneteikna har endra seg, konstaterer IMS-gruppa. Og om levande bibel- og bønneliv og diakoni konkluderer gruppa på alvorsamt vis:

Om levande bibel- og bønneliv og diakoni konkluderer gruppa på alvorsamt vis

«Dette har endra seg til at me ikkje brukar så mykje tid på Gud i kvardagen, og at det meste av vår teneste- og fellesskapstid handlar om å ta vare på dei som allereie er kristne. Her treng me på ny å venda blikket vårt oppover mot Gud (…) og utover til dei som verkeleg treng Jesus, og møte notidas naud.»

IMS gruppa konstaterer at det i dag er få som kjem til tru og blir disippelgjort. Det framtidige indremisjonsarbeidet må målast på dette: «Vinn me nye? Vert menneske gjort til disiplar?»

Sunnmøre

Kretsgruppa i ImF Sunnmøre slår fast at det dei fleste stader er mindre lokalforeingar som står for arbeidet. Omfang, tilhøvet til Den norske kyrkja og alderssamansetnad varierer.

«Svært mange stadar har vi ei aldrande gruppe menneske (…) som ikkje har arvtakarar til arbeidet. Om det ikkje snur, vil arbeidet døy ut med dei som driv det», resonnerer gruppa.

Statusoppsummeringa liknar på den til IMS: «Vi er ein stor organisasjon, men ei lita rørsle. Det meste av ressursane går med til vedlikehald av eksisterande arbeid. Vi når ikkje vår samtid med evangeliet slik at dei vert frelst.»

Her kan det skytast inn at kretsgruppa i IMS samstemmer: «Me ser at me brukar mykje ressursar på å oppretthalda det me har i dag, og lite vert nytta til ny, utadretta verksemd.»

Arbeidsform

På eit historisk bakteppe av store vekkingar gjennom 142 år der bygder og tettstadar har vore «sterkt påverka av brennande og frimodige kristne», erkjenner Sunnmøre-gruppa at «dei siste tiåra har kanskje ikkje bedehusbevegelsen hatt like stor påverknad på lokalsamfunna som ein hadde i tidlegare tider». Ambisiøst nok «ønsker prosessgruppa om mogleg å endre» dette.

Minst like tankevekkande er det at gruppa meiner dagens arbeid heller ikkje utan vidare treffer «menneske som allereie er kristne

Kretsgruppa meiner det er «fornuftig og nødvendig» å tilpassa arbeidsforma: «Det er lite hensiktsmessig å halde fram med arbeid som i liten grad treff dei det er meint å treffe, nemleg møtefremmande og ufrelste.»

Minst like tankevekkande er det at gruppa meiner dagens arbeid heller ikkje utan vidare treffer «menneske som allereie er kristne, men som kanskje i liten grad har engasjement og iver for å vere med og ta del i arbeidet som foregår på bedehuset».

Endringsprosess

Dristig nok har kretsgruppa i ImF Sunnmøre også med eit kapittel om sjølve endringsprosessen. Utgangspunktet er dette: «Det som synes klart og er utfordrande, er at dei aller fleste er einig i at vi ikkje kan drive som før.» Eit anna ord for dette er «kriseforståing», som er ein del av drivkreftene i endringsprosessen.

Dristig nok har kretsgruppa i ImF Sunnmøre også med eit kapittel om sjølve endringsprosessen.

Kretsgruppa held fram: «At det er kriseforståing, betyr ikkje at alle har den same forståinga av kva som har skapt krisa, og kvar løysinga på dette ligg.» Gruppa erkjenner at det er ein frykt for endring, som dei trur «ligg mykje i ei førestilt tapsoppleving. Det vil ikkje bli som før …» Gruppa erfarer også at jo større og tilårskomen organisasjonen er, desto vanskelegare er det å gjennomføra endringar.

Skal ein endringsprosess lukkast, treng ein «endringsagentar», altså enkeltpersonar i eit satsingsområde som har tillit og er villig til å vera med i ein prosess. Kretsgruppa legg ikkje skjul på at dei har tillit til sitt eige framlegg (sjå nummer 4/24 om lokale kraftsentre). «Kven tolkar og forstår krisa slik gruppa ser det? Og ser moglegheiter i dei løysingane som er foreslått, og strategien som gruppa lanserer?»

Gruppa vil også løna dei som er villig til endring, med «tilførte ressursar.

Motstand

Kretsgruppa har likevel ikkje noko imot «positiv motstand», som handlar om «konstruktive innspel og forbetringar som prosessgruppa ikkje har sett», eller der dei har «vore i blindsonen». Negativ motstand er derimot destruktiv. Den «finns blant personar i forsamlingane, og dei får vi respektere, men ikkje navigere etter», fastslår kretsgruppa. Dette er prisverdig ope og samstundes dristig, for dette kan jo folk kjenna seg stempla av.

Dette er prisverdig ope og samstundes dristig, for dette kan jo folk kjenna seg stempla av.

Når det gjeld framdrifta, observerer gruppa at ImF har hatt ein så flat struktur at all motstand blir møtt med resignasjon. Grasrota er sterk, og ein tenkjer at «vi må ha alle med». «Vi trur faktisk at den situasjonen som ImF er i no, krev ei sterkare, men klok, leiing, erklærer kretsgruppa.

«Det ligg mykje kraft i forteljinga», konkluderer Sunnmøre-gruppa. Saman med gruppa i IMS har dei fortalt sin del. No er det opp til misjonsfolket korleis dei vil ta forteljinga vidare.

Først publisert i nr. 5/24, son kom ut 19. juni.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.