NØGD: – Det er utruleg stas å vinna, seier Jarle Mong som måndag mottok Medierosen 2024. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

BT får kjeft for å sleppa han til

Jarle og Egil er ikkje eit nytt sangevangelistpar, men to markerte mediefigurar som veit å nytta stemmen og som det vart gjort stas på i Oslo denne veka.

Som sambåndet.no meldte 4. oktober, er Jarle Mong (43) årets vinnar av Medierosen, som kvart år vert utdelt ut av Tro & Medier. Egil Svartdahl (70) vart tildelt organisasjonen sin heiderspris – som den andre personen i historia.

Begge mottok både blomar og verbal ros og fekk ein flott inngang til veka i Normisjon sine lokale i Staffeldts gate måndag 15. oktober.

Allmenne medium

Før Jarle Mong fekk Medierosen 2024, vart det vist ein liten heiderskavalkade.

Først ut var kulturredaktør Jens Kihl i Bergens Tidende (BT), ei avis Mong ofte skriv innlegg i. Kihl sa at avisa stadig får kjeft for å sleppa til Mong så mange gonger, men sa han ikkje hadde nokre planar om å nytte Mong mindre.

Mong har elles uttalt at «Jeg kan skrive innlegg i Dagen og sånn, men jeg synes det er mest interessant å skrive innlegg til andre enn «menigheten»».

«Menigheten»

Deretter vanka det i tur og orden ros frå kona Olene, frå Skaperkraft-leiar Joakim Magnus, frå tidlegare fotballkollega på Bryne sitt A-lag, Vegar Landro, og frå Vebjørn Selbekk.

– Mong har ein skarp og god penn og er ei viktig og god stemme. Vi ser fram til gode debattbidrag framover, sa Dagen-redaktør Selbekk.

Dessutan kom det ein straum av støttefråsegner frå kollegaar på Framnes kristne vidaregåande skule der Mong til daglig er lærar. Skulen er eigd av Indremisjonssamskipnaden og ImF.

VINNARAR: Jarle Mong (til venstre) og Egil Svartdahl var begge påverka av rosen dei blei til del måndag. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Mange kandidatar

Dagleg leiar Jarle Haugland i Tro & Medier syntest det var «utrolig stas» å dela ut prisen til Mong, utpeika frå eit sterkt og breidt felt av kandidatar og ei opphaveleg liste med 20-30 framlegg.

Haugland sa at prisvinnaren ifylgje det han visste, hadde fått eitt raudt kort i fotballkarriera si, men var ikkje viss på om det var for ureglementert spel eller røff språkbruk.

I alle høve roste Haugland namnebror sin som ein dyktig og modig skribent som har fått spalteplass i medium som Klassekampen, VG og Bergens Tidende utanom kristenpressa.

– Han er ein mann med motstraumstankar, sa Haugland før han ga ordet til prisvinnaren.

«Kvifor gidd du?»

– Det er utruleg stas å vinna, og det hjalp nok i avstemminga å ha 250 framnesingar i ryggen, sa Mong spøkefullt frå podiet.

– Vi likar å bli verdsette. Det gir oppdrift og er inspirerande. Mange kristne spør kvifor eg gidd å skrive i avisene, for det vert berre krangel av det, sa Mong.

Jesus synleg

Han meiner den kristne trua vert snikprivatisert i vår tid, medan ho høyrer heime på gater og torg – og i avisene.

– Vi må synleggjera Jesus på alle flater, for Jesus er eit fellesgode, ikkje berre eit gode for oss kristne. Jesus er for alle, og same om folk trur eller ikkje, vil det at vi snakker om Jesus, føre til eit betre samfunn, resonnerte Jarle Mong.

HEIDER: – Biletet treff meg så djupt, derfor er eg svært rørt, kommenterte Egil Svartdahl som ein augneblink under utdelinga vart heilt stum. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Heiderspris

Tro & Medier sin Heiderspris er berre blitt utdelt éin gong før, i 2021. Då var det medieveteranen og forkynnaren Asbjørn Kvalbein som fekk han.

Prisen vert tildelt personar som har bidrege i media over fleire år, og Egil Svartdahl er ein person som overoppfyller dette kriteriet.

Jarle Haugland baud på nokre hovudpunkt frå ein lang medie-CV: Svartdahl er utdanna konditor, men har bakt lite i yrkeslivet sitt. I staden har han brukt mykje tid som forkynnar, pastor og mediemann, med avbrot for eitt år som søppelkøyrar i Kristiansand i dei tidlege pastordagane sine.

TV-pastor

Seinare har det vort masse TV-arbeid, mest på TV 2 der han vart «heile Norge sin TV-pastor» i programseriar som «Gudesens Konditori» (1993–1995), «Søndagsåpent» (1998–2004), «TV-pastoren» (2005–2007), «Pastor på prøve» (2008–2011), «Fyrlyset» (2012) og «Reisen hjem» (2013–2018).

For denne innsatsen har han fått Petter Dass-prisen frå Vårt Land (1995), Medierosen frå Tro & Medier for «Søndagsåpent» (2005) og Økumenikkprisen frå Norges Kristne Råd.

Svartdahl lo godt då han fekk sjå innslag med seg sjølv på storskjerm frå tidleg i TV-karriera, med glimt frå alt frå «Gudesens Konditori» til «Reisen hjem» og serien «Plussord», alt saman produsert av TV Inter – eit mangeårig team Svartdahl insisterer på å dele Heidersprisen med.

Innlysande

– Egil Svartdahl har bidrege til å gjere Jesus synleg i media over fleire år og har hatt stor påverknad. Det er innlysande at dette er ein pris Egil Svartdahl skal få, sa Jarle Haugland.

Han overrekte eit innramma bilete med bibelmotiv, eit signert trykk av kunstnaren Oscar Jansen, av ein gut med brød og fisk – eit kunstverk som for ein gongs skuld gjorde Svartdahl stum, og dessutan blank i auga.

– Biletet treff meg så djupt, derfor er eg svært rørt, kommenterte han og takka Tro & Medier, teamet i TV Inter og ikkje minst kona, som han seier har halde han nede på jorda.

– Eg hamna i godt lag med TV Inter-gjengen, la han til og fekk tilsvarande respons attende frå Einar Matre som er dagleg leiar i produksjonsselskapet:

– Egil kan prate med alle. Det har gjort at vi saman har fått til masse, sa han mellom anna.

TEAMARBEID: Berre glede hjå TV Inter-gjengen som Egil Svartdahl (framme) har jobba tett med i mange år, frå venstre Henrik Peder Govertsen, Ole Kristiansen, Brynjar Sætre og Einar Matre. Foto: Stein Gudvangen, KPK

– Stel blikkontakten

Tro & Medier sin daglege leiar, Jarle Haugland, nytta elles høvet til å snakke om noko organisasjonen har vore oppteken av ei stund: Skjermfridom.

– Skjermane stel blikkontakten mellom menneske, sa Haugland som tok opp att noko han tidlegare har vedgått: – Eg lir av scrolling.

Han meiner vi i skjermane sin tidsalder har fått ein svekka evne til å bygge relasjonar og til å ta frie val. Haugland problematiserte sterkt den utbreidde mobilbruken i samfunnet og slo eit slag for skjermfrie soner. KPK

Reportasjen er laga av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor – stein@kpk.no. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.