HISTORISK: Anne Lene Otterøen er første kvinne i ImF Trussamfunn som kan via folk til ektepar. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Første kvinnelige vigslar godkjend

Anne Lene Otterøen er den første kvinnelige vigslaren i ImF Trussamfunn.

Publisert lørdag 24. mai 2025 kl. 13.13.

Statsforvaltaren i Agder har no godkjend søknad frå ImF Trussamfunn om vigselsrett for Anne Lene Otterøen. Det stadfestar styreleiar Anja Ulveseth Heggen i trussamfunnet.

Otterøen er til dagleg nasjonal leiar for Awana Norge og veiledningspastor i Fredheim Arena.

– Når moglegheita kom, valte eg å gå inn i dette. Eg har fått fleire henvendingar, fordi eg jobbar ein del med ungdom, seier Otterøen til sambåndet.no.

Prosess

25. mars vart det kjent at styret i ImF Trussamfunn hadde sagt ja til kvinnelige vigslarar. Det var etter innstilling både frå lære- og tilsynsrådet i ImF og ImF-styret.

Styret i ImF Trussamfunn søkte om vigselsrett for fleire kvinner, og det er altså no først kome godkjenning for Anne Lene Otterøen.

Kurs

Otterøen fortel at ho er mellom fleire i forsamlinga Fredheim Arena driv førekteskapelege kurs for unge par som vil gifta seg. Dei nyttar eit opplegg frå Ungdom i oppdrag.

– Når eg no kan fylgja dei heile vegen fram mot vigsel, blir det endå meir heilhet over det, seier Anne Lene Otterøen.

I same søknadsrunde er også Bernt Arild Gjøvåg godkjent som viglar i ImF Trussamfunn.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.