Innlegg

Nei til kjøp av ImF-bygget

Eit klart fleirtal i komite for finans og forvaltning i Fjell kommune sa i kveld nei til forslaget frå rådmannen om å kjøpa administrasjonsbygget til ImF på Bildøy.

Saka går likevel vidare til kommunestyret den 19. juni, seier komiteleiar Tore Lønøy (Uavhengig) til sambåndet.no.

Ni av 11 representantar i komiteen gjekk imot innstillinga frå rådmannen om å kjøpa bygget og 2,5 mål omliggange tomt. Den tiltenkte bruken var bustadar for personar som slit med tung rus og psykiatri, den såkalla ROP-gruppa.

Les meir om innstillinga frå rådmannen her

– Etter ei innleiing frå sakshandsamaren og ein lang diskusjon i komiteen, stemte fleirtalet på ni medlemmer mot kjøp, medan mindretalet på to ville utsetje saka og få inn fleire opplysningar, seier Lønøy like etter at møtet er ferdig.

– Prisen for høg

Ifølgje komiteleiaren, som sjølv var ein del av fleirtalet, var det to hovudgrunnar til nei-vedtaket:

– Fleirtalet meinte at prisen på 18 millionar er for høg, og at plasseringa ikkje er ideel.

Komiteen var einig i intensjonen i innstillinga om å skaffa bustadar til dei aktuelle brukarane, men meinte at saka var for dårleg opplyst:

– Komiteen sakna ein uttale frå politiet og ein heilskapleg plan for området der konsekvensane for nærmiljøet vart utgreia. Det mangla òg alternative plasseringar for slike bustadar, utdjupar Lønøy.

Dei to medlemmene som ikkje ville seina nei no, men i staden utsetja saka, representer Sotralista og KrF.

– Er det grunn til å tru at kommunestyret vil koma til eit anna resultat når stemmetalet var så klart i komiteen?

– Rådmannen ville arbeida vidare med saka fram mot den 19. juni, så det er det jo ikkje så godt å seia, men som du peikar på, var det eit klart nei-fleirtal i komiteen, seier Tore Lønøy.

Overraska

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet viser også til handsaminga i kommunestyret.

– Siste ord er ikkje sagt i saka, men det var overraskande at fleritalet mot kjøp var såpass klart. Realismen i eit sal til kommunen er nok no liten, seier Furnes til sambåndet.no.

Straume forum held seg til ImF

Bakgrunnen for at administrasjonsbygget til ImF ligg ute for sal, er ønskjet om å flytta inn i Straume forum og dermed bidra til at dette forsamlingslokalet blir realisert. Atle Våge seier, på vegner av Straume forum, at han tek resultatet i komite for finans og forvaltning til orientering:

– Det vi no veit, er at komitefleirtalet går imot at kommunen skal kjøpa. Men det er enno 14 dagar igjen til kommunestyremøtet, og Fjell kommune har krav på seg frå Fylkesmannen i høve til denne gruppa av brukarar. Det skal likvel noko til at kommunestyrefleirtalet vil gå inn for kjøp, seier Våge til sambåndet.no.

Sjølv hadde han rekna med at komiteen ville velja å utsetja saka.

– Men sjølv om Fjell kommune skulle vera uaktuell som kjøpar av bygget etter 19. juni, er ikkje ImF ute. Bygget ligg enno for sal på den opne marknaden, og no har det i alle høve fått god PR, peikar Atle Våge på.

Han seier at det er uaktuelt for Straume forum å driva lobbyverksemd overfor politikarane:

– Vi har vårt tilhøve til ImF og vil ikkje bli kopla til bruken av bygget etter eit eventuelt sal.

Eit steg nærmare sal

Fjell kommune ønskjer å kjøpa, men saka skal innom to politiske organ før alt er avgjort. Bustadar knytt til rus og psykiatri, ROP, vert den nye bruken.

Til ein pris på 18 millionar innstiller rådmannen i Fjell kommune på kjøp av ImFs administrasjonsbygg på Bildøy. Då får han tilslaget på bygget, samt 2,5 mål omliggande tomt.

– Me er nøgde med denne prisen og meiner det vil vera nok til å forsvara flytting, seier administrasjonsleiar Anja U. Heggen i Indremisjonsforbundet (ImF).

Bedehushjelp.
Det var hausten 2012 at ImF fekk invitasjon frå Straume forum om å kjøpa seg inn i andre etasje på det nye bedehuset som vert planlagt for Brattholmen indremisjon. Forbundsstyret sa ja dersom dette kunne løysast utan at det gav meirkostnad økonomisk.

Dersom salet no vert ein realitet, kan ImF realisera planane om å flytta administrasjonen til Straume forum.

– For oss inneber eit sal for ImF eit klarsignal til å gå i gang med bygging av Straume forum. Me er klar til å lysa ut anbod på betongarbeidet så fort dette er politisk vedtatt, seier styreleiar i Brattholmen Bedehus, Atle Våge.

Omstridd bruk.
Men sjølv om rådmannen innstiller på kjøp, er saka langt frå avgjort. Saka skal fyrst handsamast i Komité for finans og forvaltning 3. juni. Går den igjennom her, ventar Kommunestyret 19. juni.

Kva utfallet blir, er uvisst.

For kommunen sine planar for anlegget er ikkje kontor, dei ynskjer å byggja dette om til bustadar for personar som slit med tung rus og psykiatri, den såkalla ROP-gruppa.

– Me fylgjer nå opp handlingsplanen som vart vedteken i desember om bustad for vanskelegstilte. Den planen er det brei politisk semje om, seier spesialrådgjevar Atle Justad i Fjell kommune.

– Godt egna.
Ifølgje Nav er det til ei kvar tid kring 30 slike personar i Fjell kommune. Ti av dei treng heildøgnstilsyn i tillegg til bustad. Seks av desse er nå tenkt husa i eigne leilegheiter på Bildøy. I tillegg vil det bli to akutt-bustadar, personalbase for kommunens rusteam, fellesareal for bebuarane og kanskje også dagsenter.

– Desse lokala vil vera godt eigna til denne typen verksemd, og då særleg med tanke på utsikt og nærleik til natur og sjøen, seier Justad – som samstundes forstår reaksjonar frå velforeininga når dette er tenkt etablert i eit byggefelt.

Dei svake.
For ImF-administrasjonen har det fyrst i siste runde av forhandlingane vorte kjent kva kommunen ønskjer å bruka huset til. Det har difor ikkje vore ein faktor i salsprosessen.

– Det er flott at huset kan bli brukt til noko meiningsfullt av ein ny eigar. Å ta vare på nokre av dei svakaste blant oss, er i god indremisjonsånd, seier administrasjonsleiar Heggen.

Nå håpar både ho, kommuneadministrasjonen og eldsjelene bak Straume forum at salet skal gå i gjennom i kommunestyret 19. juni. Skulle det ikkje skje, er det likevel inga krise for bedehusplanane dersom vedtaket må venta til hausten.

Utsetjing?
– Me har tid til å venta litt, for det skjer ikkje noko i sommar uansett. Men dess lengre tid det går, dess knappare tid vert det for oss å rekkja betongarbeidet før vinteren kjem, seier Atle Våge i Straume forum.

– Skulle det derimot visa seg at det er politisk uaktuelt å etablera bustadane slik at heile kjøpet vert stansa, må me vurdera kva med då skal gjera. Men det er heilt klart at primærynskjet vårt er å få inn Indremisjonsforbundet som leigetakar i andre etasje, seier han.

Til orientering
Journalist Vilhelm Viksøy har bustadadresse på Bildøy. Han er òg medlem av hyrde- og lærerådet ved Brattholmen Bedehus. Saka er produsert i samråd med redaktøren for Sambåndet, i lys av dette.

 

– Jeg tror på Jesus

Stor stemning og fullt hus i Foldnes kirke da lokale barnekor inviterte til gopselfest med Jarle Waldemar.

– Helt topp. Enkelt og greit, sier Ann-Magreth Hamre, en av de lokale barnekorlederne når hun blir bedt om å oppsummere dagen.

Sammen med en rekke andre ledere har hun stått på i lang tid for å få dagen i havn. Slitsomt, men moro, skal man tro reaksjonene.

– Den største opplevelsen for meg var å stå midt blant alle barna som synger ”Jeg tror på Jesus” for full hals. Da kom tårene i øynene, sier en av de andre lederne, Marianne Vassnes

Oppmøtet vakte også begeistring blant arrangørene. Nærmere 150 barn var med – først til øvelse og aktiviteter – deretter til konsert sammen med Jarle Waldemar, en av Norges mest kjente barneforkynnere.

– Det var jo kjåka fullt med barn, sier han begeistret.

For et oppmøte på 150 er godt i overkant av det som vanligvis stiller til slike arrangement.

– Det er første gang jeg er på Sotra og det har vært kjempegøy, sier Waldemar.

Hovedtyngden av barna som deltok hører til i de to barnekorene som er en del av det voksende arbeidet på Brattholmen bedehus.