Innlegg

Nattverden i bedehusland

Å plassera nattverden i starten av møtet bryt med tradisjonsberande reformatorisk teologi, meiner tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet.

Det har gjennom åra vore ei positiv utvikling med sakramenta sin plass i bedehuslivet.

Eg tenkjer tilbake på godkjenninga av dåp i ImF-familien i 1997. Då eg tidleg i min periode som generalsekretær skreiv heftet Åndeleg leiarskap og den kristne forsamlinga i bedehuset, der eg føreslo aksept for dåp i forsamlingslivet, vende kollegaer i andre organisasjonar tommelen ned i første omgong. Før eg slutta i 2009, arbeidde vi med felles «liturgi» for sakramenta ++ i ImF, NLM og Normisjon. Eg er ikkje i tvil om at både samordninga hos forsamlingsorganisasjonane i bedehusland og bruken har vore til styrke for forståing av sakramenta sitt verde og dermed til styrke for gudslivet. Sakramenta høyrer gudslivet til enten ein har sin åndelege heim i kyrkja eller bedehusforsamlinga.

2017 er året då framveksten av den lutherske reformasjon skal feirast. Det gjev oss eit unikt høve til å fornya og styrka reformasjonen sine sentrale moment. Det kan likeså gje oss eit viktig høve til å reflektera over korleis vi tek vare på lekmannsrørsla og vekkingslivet sine ideal i lys av reformasjonen sine røter.

I denne artikkelen skal eg berre ta fram eitt poeng – nemleg om nattverden sin plass i samlinga (eller gudstenesta om ein vil bruka den nemninga). Følgjande spørsmål har eg fått frå fleire: «Kva meiner du om at ein plasserer nattverden heilt i starten på møtet?» Kva gong har eg svart kort og kontant: «Det er ikkje berre uheldig, men bryt med tradisjonsberande reformatorisk teologi – og særleg luthersk vekkingsteologi. Nattverden høyrer heime etter forkynninga!»

Nattverden høyrer heime etter forkynninga!

Martin Luther og reformasjonsfedrane braut med katolsk sakramentslære og ikkje minst katolsk nattverdsteologi – som hadde søkelys på forvandling og ublodig gjentaking av Jesu offer på Golgata.

På reformasjonshald blei det understreka at det i djupaste forstand berre er eitt nådemiddel – evangelieordet og med det forkynninga: Når Kristus blir forkynt, kjem han. Når dei to sakramenta dåp og nattverd blei forstått som nådemidlar, var det nettopp fordi evangelieordet (forkynninga) og det ytre teiknet høyrde saman. Og NB – evangeliet har adresse til menneske som høyrer, ikkje adressert til teiknet til forvandling. I evangeliske gudstenester var då alltid nattverden i forlenginga av preika. Dette har vore ekstra understreka i bedehustradisjon og den lutherske vekkingsforkynninga.

Å lausriva nattverden frå denne samanhengen er svært uheldig og kan få dårlege frukter på sikt. På den eine sida kan frukta bli reformert «minnemåltidsteologi», og på den andre sida lurer katolsk forvandlingslære utan forkynninga sitt sikte til nattverdsgjestene.

Å lausriva nattverden frå denne samanhengen er svært uheldig og kan få dårlege frukter på sikt

Eg har høyrt at endringa berre er praktisk meint for at borna skal få vera med før dei går til søndagsskulen. Ja, det er fint at borna får ta del i nattverdsmåltidet. Men då må ein heller avslutta søndagsskulen før nattverden tek til. Då har også borna fått si forkynning.

Praksis er ikkje nøytral organisering, men vil alltid stå i ledetog med innhald og lære. Difor oppmodar eg frimodig til at lokale forsamlingar i bedehusland tenkjer seg om ein gong til og ikkje innfører fornying med avskorne røter. Det kan gje ny lære gjennom uheldig praksis.

Karl Johan Hallaråker er tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet