Innlegg

UTRUSTA: – Eg har personleg fått undervisning i frikyrkjeforsamlingar, og dette har utrusta meg til engasjement i Den norske kyrkja, seier Rikke Grevstad Kopperstad. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Den norske kyrkje ser frikyrkjer som trugsmål

Rikke Grevstad Kopperstad var delegat på Kyrkjemøtet og trur Den norske kyrkja har ei kjensle av å vere frikyrkjene underlegen.

Grevstad Kopperstad har sjølv fått viktige impulsar frå det frikyrkjelege i Norge.

– Eg har personleg fått undervisning i frikyrkjer, i Ungdom i Oppdrag og i Aglow, og dette har utrusta meg til engasjement i Den norske kyrkja (DNK). Det eg har fått, har berika meg så mykje og utfylt så mykje som ikkje vert dekt i DNK, seier Grevstad Kopperstad til Kristelig Pressekontor.

Frikyrkjeleg trugsmål?

Ho meiner det i eit av dokumenta til Kyrkjemøtet – Et utfordringsbilde for Den norske kirke – framstår som Den norske kyrkja ser på frikyrkjer som teologiske og organisatoriske trugsmål:

«I byer er det også lettere å søke andre menigheter enn sin geografiske, eller å etablere nye menigheter basert på meningsfellesskap. På sikt kan dette undergrave en kirkelig struktur og teologi som sier at menigheter ikke bygges på meningsfellesskap, men på Kristus-fellesskap.»

– Kyrkja må sjå på dei frie kyrkjelydane som ressursar vi kan lære noko av. Eg kunne ynskje at DNK var meir nyfiken på kva frikyrkjene gjer for å få folk til å strøyme til. Grundig bibelundervisning og smågruppefellesskap er to ting dei tek på alvor i det frikyrkjelege, og som vi i DNK ikkje driv med, seier Grevstad Kopperstad.

I lys av kritikken mot det store misjonsarrangementet The Send i Telenor Arena 25. juni neste år, seier ho.

– Eg trur ikkje kritikken mot The Send er naudsynt, og han handlar om ei kjensle av å vere underlegne i DNK, bemerkar ho.

Samtidig som ho medgir at det også kjem kritikk den andre vegen, frå frikyrkjene mot DNK, manar ho til at Den norske kyrkja heller let seg inspirere av frikyrkjene.

«All in»

Som ung vart Grevstad Kopperstad dregen med til Trefoldighetskyrkja i Oslo der ho fekk eit uventa møte med Jesus. No forsvarer ho ungdom som vert sett i brann på kristne storsamlingar.

– Spørsmålet om rekruttering har vore sentralt på Kyrkjemøtet, og ungdomar som er blitt gripne av evangeliet, vert potensielle medarbeidarar i kyrkja på sikt, seier Grevstad Kopperstad.

Fredag 12. november gjekk ho på talarstolen under Kyrkjemøtet i Trondheim og fortalde korleis ho fekk eit sterkt personleg møte med Jesus under Jesus-vekkinga på 1970-talet. Der og då vart skepsisen hennar vend til begeistring, og ho gjekk «all in», eit omgrep som har vore diskutert den seinare tida i samband med The Send. Storsamlinga har fått mykje kritikk grunna påståtte koplingar til kontroversielle predikantar og politikarar, ikkje minst i USA.

Takka

Grevstad Kopperstad representerte Møre på Kyrkjemøtet i Trondheim. Under generaldebatten sende ho takk i staden for kritikk til dei som står bak The Send og «andre arenaer for Jesus-begeistring».

– Takk til kyrkjelydar som sponsar utgifter for dei unge, til leirar og konferansar. Forvandla liv er ei god investering, sa ho. KPK

Teksten er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

 

Kyrkjemøtet

  • Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja.
  • Kyrkjemøtet har 116 delegatar som normalt samlar seg ein gong i året.
  • Trondheim har vore staden for Kyrkjemøtet dei siste åra. I år var møtet frå 11. til 16. november.
  • Kyrkjemøtet er sammensett av 77 leke medlemer valde ved direkte val, 22 representantar for prestar og leke kyrkjeleg tilsette, 12 biskopar, 3 samiske representantar, 1 representant frå Døvekyrkja og leiaren for Samisk kyrkjeråd.
  • Dessutan har leiaren av Mellomkyrkjeleg råd, ein delegat frå kvart av dei tre teologiske fakulteta og 4 representantar for Ungdommens kyrkjemøte tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.

KRITISK: – Det er nokre som må reorientere seg no og finne ut av kva ei folkekyrkje er, seier Egil Morland, delegat i Kyrkjemøtet frå Bjørgvin. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

‘- Kyrkja tonar ned trua

Egil Morland meiner det no er lagt til rette for at Den norske kyrkja kan styrast frå kammerset til Åpen folkekirke.

Kyrkjemøtet 2019 blei avslutta måndag. Delegat Egil Morland frå Bjørgvin meiner også det er blitt stadfesta at det er blitt trongare for dei som ikkje er einige med Åpen folkekirke i synet på homofilt samliv.

– Åpen folkekirke bestemmer

– Kva hovudinntrykk sit du att med etter Kyrkjemøtet 2019?

– Eg synest det Alf Gjøsund i Vårt Land skriv, er ganske treffande når han seier dei bør legge ned Åpen folkekirke. I dette kyrkjemøtet såg vi at stemmetala jamnt over var dei same heile vegen og i dei fleste sakene, sjølv om det var nokre positive unnatak. Det tyder at det Åpen folkekirke har bestemt seg for, slik blir det, seier Morland i ei oppsummering til Kristelig Pressekontor.

Kyrkjemøtet vedtok måndag at dei lokale kyrkjelydane skal få mindre liturgisk fridom. Om dette seier Morland:

– Det er Kyrkjemøtet som vedtek om den nye liturgien skal innførast. Så må Kyrkjemøtet etter det vedtaket som no er gjort, seie om lokalkyrkjelyden i kvart einskildtilfelle skal få lov til å nytta den gamle liturgien, eller om dei må innføre den nye. Det er ikkje slik at Kyrkjemøtet ikkje har lov til å vedta dette, men spørsmålet er om fleirtalet vedkjenner seg at det no er eit nytt prinsipp som blir introdusert.

Meir sentralstyrt

– Ser vi med dette ei meir sentralstyrt kyrkje?

– Ja, og det ser vi også mellom anna ved at det skal vere direkte val til bispedømmeråd og kyrkjemøte. Det universelle er jo at det er eit indirekte system, der soknerådet vel representantar til bispedømmerådet, og at medlemene der er utsendingar til Kyrkjemøtet. Eit slikt system ville ha knekt Åpen folkekirke si makt, seier Morland.

Han meiner det no er duka for at Åpen folkekirke kan avgjere det meste bak lukka dører på sitt eige rom. Dette vart tydeleg på Kyrkjemøtet 2019.

Delegaten frå Bjørgvin meiner eit slikt system aldri ville vorte akseptert og sett på som demokratisk nokon annan stad, til dømes på fotballtinget.

– Det skulle ha tatt seg ut, seier han og legg til: – Men dette er ei av dei kampsakene eg har tapt.

Kyrkjeordning

I saka om kyrkjeordning argumenterte Morland for at lokalforsamlingane har rett til å velja kvafor liturgibøker dei tek i bruk. Vårt Land skriv at dette til no har vore opent for tolking i kyrkjelova, og at ein del forsamlingar har nytta seg av det for å unngå å ta i bruk liturgien for vigsel av likekjønna. Dette «holet» i lova er no tetta etter at Morland sitt forslag om å ha same lovtekst som i dag, falt med 27 mot 83 stemmer. 

– Dette endrar makttilhøvet mellom det nasjonale og det lokale planet og bryt med det som har vore praksis tidlegare, seier Morland til Vårt Land. 

Han gjorde seg gjeldande frå talarstolen i fleire av sakene som vart handsama på Kyrkjemøtet i Trondheim frå onsdag sist veke og fram til måndag.

– Ligg vigselssaka, slik du ser det, framleis bak vedtaka om auka sentralstyring?

– Eg vil ikkje seie at alt handlar om vigsel, men det dreier seg om ein generell teologi som freistar å tone ned den personlege trusdimensjonen ved det å høyre til i kyrkja.

– Ikkje plass til to syn

– Etter vrakinga av Helge S. Gaard som biskop i Stavanger og responsen frå kyrkerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum på kritikken mot denne avgjerda – har vi i realiteten ei kyrkje der det er plass til to syn i vigselssaka og plass til lokale variasjonar i kyrkjelydane?

– Nei, det har vi slett ikkje, og eg er litt forundra over at dette ikkje har fått større konsekvensar i Stavanger, seier Morland.

Han syner til Stavanger-delegaten Jostein Ådna som under Kyrkjemøtet klaga over mangelen på handlingsrom for dei som står for mindretalet sitt syn i ekteskapssaka.

Les òg: Ei rådlaus kyrkje (kommentar).

Truga folkekyrkjeomgrep

– Kva konsekvensar vil desse utviklingstrekka få; blir det no sett fart i ein prosess der fleire melder seg ut av Den norske kyrkja og startar nye fellesskap?

– Det skjedde ikkje noko på dette kyrkjemøtet som straks vil føre til fleire utmeldingar, meiner Morland.

– Men noko nytt håp vart vel heller ikkje tent for det kyrkjelege mindretalet?

– Nei, det var det ikkje, og det kunne vore interessant å om nokon hadde undersøkt kor mange kyrkjemedlemer som har gått inn i andre trudomssamfunn. Kristenlivet i ein by som Kristiansand er til dømes dominert av dei frikyrkjelege.

Morland viser til at presten Trond Bakkevig i si tid definerte at ei folkekyrkje måtte ha minst halvparten av befolkninga som medlemer. Utviklinga har gjort at folkekyrkjeomgrepet, som jamvel ligg inne i grunnlova, no er truga. Eller så må det få eit nytt innhald.

– I Oslo er medlemstalet forlengst under 50 prosent, og tala for dåp og vigsel og jamvel for gravferder går kraftig ned, seier Morland.

Han indikerer at strategien til Åpen folkekirke er sårbar.

– Det er nokre som må reorientere seg no og finne ut av kva ei folkekyrkje er, seier han. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen