Innlegg

Friskulegeneral gjer opp status

Avgått friskulegeneral trur det blir naudsynt framover å jobba for at skulane får vere synlege som kristne skular og får lov til å ta vare på eigenarten sin.

– Det er det heile tida press på. Vi må stå saman om det, seier Torgeir Flateby til KPK.

Den tidlegare generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund (KFF), Torgeir Flateby (64), går av med pensjon og blei takka av på KFF sin skuleleiarkonferanse i oktober. I nærmare 30 år har han vore ein av dei store personane i det kristelege friskule-Noreg.

I dette intervjuet kan lesaren bli betre kjend med personen Torgeir Flateby, historia til KFF, politiske kampar for friskular, kva KFF enno ikkje har lukkast med og kva utfordringar den avgåtte generalen ser for framtida. Flateby fortel òg kvifor han gjer seg litt tidlegare enn han hadde tenkt.

– Det er vel knapt noko menneske i landet som har meir oversikt over friskulefeltets system og politikk enn Torgeir, seier etterfølgjaren som generalsekretær i KFF, Jan Erik Sundby.

Solid bakgrunn

Flateby vaks opp på ein gard i Askim. Der har han vore busett det meste av livet og driv stadig med utleige av og til på garden. Han vaks opp i indremisjonen og blei etter kvart engasjert i Den Norske Israelsmisjon. Av utdanning har han embetseksamen i teologi frå Menighetsfakultetet og grunnfag i pedagogikk frå Universitetet i Oslo.

Før han blei generalsekretær i KFF opparbeidde Flateby seg fleire års erfaring som lærer og rektor på Viken folkehøgskule i Gjøvik, og 4 år som undervisingsleiar og eit år som rektor for bibelskulen i Staffeldtsgate. Han har òg i fleire periodar vore politisk aktiv.

Ein stor siger

Hans engasjement for kristne friskular kom allereie i ungdomen. Flateby fortel at det starta gjennom kristent ungdomsarbeid han var engasjert i. Han opplevde det etter kvart som eit kall å vere med å tilretteleggje for skular han gjennom indremisjonen var engasjert av. Blant skulane var Tomb vidaregåande og Staffeldtsgate.

– Eg studerte ikkje teologi for å bli prest, men for å jobbe med ungdom i indremisjonen. Eg blei ført inn i friskulen gjennom fleire styreverv, blant anna i Norske Privatskolers Landsforbund, seier Flateby.

Eg studerte ikkje teologi for å bli prest, men for å jobbe med ungdom i indremisjonen

Også ei sterk oppleving allereie som 13-åring i 1965 påverka engasjementet hans for kristne friskular.

– Det året var privatskulespørsmålet inne i valkampen sentralt. Då det skulle bli danna ei ny regjering, håpte ein på å skaffe eit borgarleg alternativ. Då blei friskulesaka eit av dei store spørsmåla. I prinsippet gjekk ein då for ei privatskulelov, og då fleire skular eg var engasjert av fekk stønad, opplevde eg det som ein stor siger, fortel Flateby.

Håper på utvikling

Han trur både KFF og skulane sjølv vil møte på mange utfordringar òg i framtida. I takt med at den offentlege skulen blir sekularisert, håper han at fleire får auga opp for dei kristne friskulane.

– Det å starte ein kristen friskule i dag er ikkje enkelt. Ein må ha nettverk, kunnskap og kompetanse på skule, vilje til å satse økonomisk og evne til å samle fleire rundt seg slik at skulen kan bli oppretta. Eg håper inderleg at fleire foreldre i framtida innser at dei treng slike skular, og at fleire grupperingar er villige til å satse på å byggje og engasjere seg for sine barn og unge si skuld, seier Flateby.

Eg håper inderleg at fleire foreldre i framtida innser at dei treng slike skular, og at fleire grupperingar er villige til å satse på å byggje og engasjere seg for sine barn og unge si skuld

Samla friskule-Noreg

Torgeir Flateby leia KFF sidan starten i 1988. Dei to fyrste åra var han i ein 40 prosent stilling, deretter var han generalsekretær på heiltid fram til januar 2015. Då KFF starta arbeidet sitt, var friskule-Noreg på mange måtar splitta. Det var liten kontakt mellom dei totalt rundt 80 kristne friskulane som høyrde til ulike kyrkjesamfunn.

– I løpet av eitt år fekk vi samla alle dei norske kristne friskulane inn i KFF, frå grunnskulenivå til høgskulenivå. Utover 90-talet kom trusrørsla sine nye skular, og dei kom òg til oss, fortel Flateby.

Han trur fellesskapet som blei skapt gjennom KFF, har gjort at skulane har møtst og styrka kvarandre.

– Skulane møtte kvarandre på tvers av kyrkjesamfunn og nivå, og ein opplevde det som lærerikt og nyttig å dele erfaringar, fortel Flateby.

Dobbelgeneral

I 1991 blei han tilsett som dagleg leier i halv stilling, fyrst i Kristen-Noreg sitt Forsikringsfellesskap (KNFF) og etter kvart også i Kristen Noreg sitt Innkjøpsfellesskap (Knif), som han var med på å opprette. Det blei samanslåing og namneskifte til Knif frå 1999.

– Dei første åra hadde vi ikkje kapasitet til å lønne meg fullt ut. Derfor tok eg òg via KFF på meg ulike oppdrag. I den samanhengen blei eg spurd om eg kunne leie Kristen-Noreg sitt Innkjøpsfellesskap (Knif). Eg leia KNFF og Knif fram til nesten ut 1998, og alle tilsette der var òg tilsette i KFF. Dei kalla meg generalsekretær for begge, fortel Flateby.

I 1998 hadde innkjøpsfelleskapa vakse seg så store med 6-7 tilsette som han leia, at det blei ein annan type arbeid. Då blei det naturleg for Flateby å trekkje seg ut og fortsetje i KFF som generalsekretær på heiltid.

«Sekt-skular»

På 80-talet og byrjinga av 90-talet var det stor forskjell på dei sosialistiske og borgarlege politiske partia. Dei borgarlege partia ønskte privatskular, medan sosialistane var skeptiske.

– Det var store diskusjonar om dei kristne privatskulane på den tida. Blant anna kalla Marit Nybakk dei kristne skulane for «aparte sekt-skular», fortel Flateby.

Blant anna kalla Marit Nybakk dei kristne skulane for «aparte sekt-skular»

Han seier det var mykje takka vere daverande leier av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen (KUF), Reiulf Steen (Ap) i 1985, at det ikkje blei eit fullstendig frontalangrep på privatskulelova.

– Dei ønskte å markere usemje på enkeltpunkt, men dei var ikkje prinsipielt imot all kristen skule fordi dei innsåg at menneskerettane gav heimel for dette. Likevel var det store konfrontasjonar mellom dei borgarlege og sosialistane langt inn på 2000-talet, seier Flateby og viser blant anna til debattar om tilsetjingsvilkåret, lærarplanane og verdidokumenta til skulane.

Friskuleforlik

I 2007 inngjekk den raud-grøne regjeringa og KrF det såkalla privatskuleforliket. Det var stadig konfrontasjonar, men desse hadde no i hovudsak flytt seg til regionalt nivå, kommunar og fylkjer.

– Dette forliket hadde vi vore med og påverke, og vi opplevde dette som ein av våre største sigrar i KFF. Friskuleforliket, som vi kallar det, var veldig positivt for dei kristne skulane. Med Høyre/Frp-regjeringa frå 2013 opplevde vi òg etter kvart ei tenking som i stor grad vidarefører forliket og ikkje legg opp til ei brei privatisering, seier Flateby.

Skulane blei synlege

Korleis ville friskule-Noreg sett ut i dag utan friskuleforliket?

– Den gongen låg det føre eit forslag frå regjeringa som truleg ville ha ført til at dei kristne skulane «for funksjonshemma», Danielsen Intensivgymnas, Lukas vidaregåande og nokre bibelskular ville bli nedlagt, fortel Flateby.

Det andre positive med forliket var at dei ulike partia aksepterte religiøse skular. Dei kristne skulane kunne stå tydeleg fram med den kristne trua si.

– For at ein skule skulle bli godkjent som ein religiøs skule, måtte dei synleggjere trua si gjennom fagplanar. Dermed fekk skulane lov til å vere kristne skular som måtte ha eit kristendoms- eller etikk-fag som var annleis enn i den offentlege skulen, fortel Flateby.

Lukkast ikkje med alt

På spørsmål om KFF har det meste av æra for den positive utviklinga for dei kristne friskulane i Noreg, svarer Flateby blygt at dei i alle fall har vore med å påverke prosessen.

Sjølv om Flateby gav seg som generalsekretær i KFF i januar 2015, har han fram til i dag vore på bana som seniorrådgivar og var blant anna inne i saka då Skatteetaten i fjor vinter truga med å fjerne momsfritaket for internatdrift- og vaksne elevar på kristne skular. Dette kunne ha påført allereie økonomisk pressa skular milliontap.

– Dette med å få tryggleik og system på tilskotskostnadsoverslaget er noko vi har jobba mykje og hardt for, seier Flateby.

Kva var det du skulle ønskje du klarte å oppnå i løpet av di tid som generalsekretær?

– Eg har helt frå starten av jobba for å få tilskot til bygningar. Det verkar som om lovgivinga trur vi kan drive skule i telt og ute i naturen – samtidig som lovverket krev at vi har skikkelege bygningar. Tilskot til dette har vi aldri klart å få til, seier Flateby og fortel at konsekvensen av dette er at skulane derfor stadig er avhengig av stor idealisme frå eigarar og tilsette.

– Det gjer òg at elevar og foreldre må hjelpe med litt skulepengar. Eg syntest det er frykteleg dumt at vi ikkje har fått dette til. Vi trudde vi hadde fått til dette då Sem-erklæringa til Bondevik 2 regjeringa låg føre i 2001, men det rann ut i sanden når deira fire år var omme.

Det verkar som om lovgivinga trur vi kan drive skule i telt og ute i naturen – samtidig som lovverket krev at vi har skikkelege bygningar

TAKKET: Tidligere generalsekretær i KFF, Torgeir Flateby (t.v.), ble takket av nåværende generalsekretær Jan Erik Sundby under Skolelederdagene. Foto KFF

TAKKET: Tidligere generalsekretær i KFF, Torgeir Flateby (t.v.), ble takket av nåværende generalsekretær Jan Erik Sundby under Skolelederdagene. Foto KFF

Stadig engasjert

I 2013 blei Flateby gitt friskuleprisen for innsatsen sin for friskular blant anna gjennom hans gode kontakt med politikarar, embetsverk og skulestyresmakter. Sjølv om han no er takka av i KFF, vil han stadig vere engasjert i friskulespørsmål. Han bruker også mykje tid som fritidspredikant, songar og tillitsvald i Normisjon og i Den Norske Israelsmisjon.

– Eg skal ikkje vere ein sjuande far i KFF-huset. Eg skal òg drive med gard og ein del utleige der. I år har eg teke skyteprøven og er med på elgjakta der eg bur, seier Flateby og legg til:

– Ein kreftsjukdom gjorde at eg trekkjer meg som seniorrådgivar litt før eg hadde tenkt. Ein får eit litt anna perspektiv på livet då, og eg vil prioritere litt annleis.

Ein får eit litt anna perspektiv på livet då, og eg vil prioritere litt annleis

Store sko å fylle

Jan Erik Sundby medgir at det er store sko å fylle som Flatebys arvtakar til jobben.

– Ingen i KFF har den same historiske kontinuiteten. Sånn sett er Torgeir uerstatteleg. Heldigvis har han både telefon og e-post og kan framleis bli konsultert, seier Sundby.

Han trekkjer spesielt fram Flateby si evne til å skape gode relasjonar.

– Dette har hatt tyding i høve til politiske avgjerder der han har vore ein person som gir tillit, men det har også vore viktig internt i KFF i ei svært variert gruppe av ulike friskular.

Sundby gir Flateby mykje av æra for korleis forbundet sine medlemer har hatt det i KFF.

– Eg trur alle har kjent seg heime, velkomne, inkludert og verdsatt i KFF. Torgeir Flateby har skapt mykje av den atmosfæren, seier generalsekretæren.

Jan Erik Sundby strekar under at han kjenner seg veldig velkomen som generalsekretær.

– Det er veldig spennande å jobbe for denne gruppa, seier han. KPK

Bostipend-kutt vil ramme «folk flest»

– Regjeringens forslag om å stramme kraftig inn på borteboerstipendet for skoleelever, vil ramme «folk flest», mener generalsekretær Torgeir Flateby i Kristne Friskolers Forbund (KFF).

– Riktignok kaller de innsparingen behovsprøving, for å sikre de elevene som har foreldre med lave inntekter. Men de vil spare 85,7 millioner kroner på dette. Så det er dramatisk, særlig for alle KFFs internatskoler og skoler som har hybelelever, sier Torgeir Flateby.

Han hadde forventet mer av den nåværende regjeringen på friskole-området.

– Regjeringen foreslår ikke noe mer til kapitaltilskudd til friskolene, det vil si tilskudd til skolebygninger og husleie. I tillegg vil et kutt i bostipendet ramme mange friskoler, sier han.

– Mer fra foreldre
Ifølge forslaget vil elever som har foreldre som tjener mer enn 400 000 kroner i året til sammen, ikke få bostipend.

Regjeringen påpeker at alle som bor i en viss avstand fra foreldrehjemmet, i dag får borteboerstipend, og regjeringen mener at foreldre med god økonomi i større grad bør kunne dekke kostnadene en elev har ved å bo borte.

Flateby sier at KFF har fått reaksjoner fra rektorer ved flere av sine medlemsskoler. De påpeker at innstrammingen vil ramme folk med lave og normale familieinntekter, og at det vil redusere elevenes reelle mulighet til å velge et annet alternativ enn offentlig skole på videregående-nivå.

– Trussel
Stortingsrepresentant Anders Tyvand (KrF) mener forslaget fra regjeringen er en trussel mot lik rett til skole og utdanning. Han påpeker at i noen kommuner er det slik at elevene er nødt til å flytte for å gå på videregående skole, selv om de velger offentlig skole.

– Derfor er forslaget dårlig distriktspolitikk, mener Tyvand.

Han er også opptatt av at det vil ramme mange elever ved kristne internatskoler. I tillegg påpeker han at den foreslåtte behovsprøvingen skal ta hensyn ikke bare til foreldrenes inntekt, men også til lærlinglønn for lærlinger.

Tyvand tror ikke dette vil være noen god strategi for å få flere unge til å velge yrkesfag, og sier at hans parti vil ta saken opp i budsjettdrøftingene i Stortinget.

KFF har også kontaktet skoler utenfor KFF som blir rammet av kuttet. Det gjelder for eksempel toppidrettsgymnasene, der elevene kommer fra hele landet, og en stor del av elevene er henvist til å bo på hybel. KPK