Sambåndet

Søndag 16. juni 2019
RSS
SENTRAL: – For meg er pinsen sentral. Det er noko mykje meir enn karismatiske manifestasjonar, gåver, tungetale og profetiar, seier professor ved MF, Terje Hegertun.

– Utan pinsen – inga kyrkje

Professor Terje Hegertun meiner pinsen er ei undervurdert høgtid: Utan pinsen ville det neppe vore noko kyrkje.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 15. mai 2016.

– Kva ville kyrkja vore utan pinse? Den ville ikkje vore kyrkje i det heile. Det nye testamentet fortel at Jesu venner var bak lukka dører. Dei var fylt av frykt og redsel. Det syner seg eit heilt anna bilete av dei etter erfaringa dei gjorde på pinsedag, seier MF-professor Terje Hegertun.

Preses i Bispemøtet i Den norske kyrkje (Dnk), Helga Haugland Byfuglien, er einig.

– Utan pinsen ville kyrkja blitt ei lita sekt og krympa. Det viktigaste med pinsen er at kyrkja stadig består. Trua på Kristus i verda forsvinn ikkje, men veks faktisk, seier ho.

Undervurdert høgtid

Pinsen sit gjerne ikkje like langt framme i folk flest sitt medvit som dei andre store kristne høgtidene. Terje Hegertun synest det er leitt at pinsen som høgtid ikkje har den same status som for eksempel jul og påske.

– Eg kan ikkje setje desse høgtidene opp mot kvarandre, men eg vil hevde at pinsen på mange måtar er like viktig som påska. Dersom påska er kyrkja sin kjøl, så er pinsen vinden i segla som gir den framdrift, seier han.

Kyrkja og misjonen sin fødselsdag

Haugland Byfuglien synest også at pinsen er noko neglisjert som høgtid.

– Pinsen er den høgtida som blir feira minst, er mest ukjent for folk flest og samlar færrast, fortel ho.

Pinsen blir ofte rekna som kyrkja sin fødselsdag.

– Framstillinga om pinsen i Det nye testamentet står som eit grensepunkt for disiplane og den fyrste kyrkja. Men pinsen kan like gjerne kallast misjonen sin fødselsdag då disiplane fekk nådegåva å kunne forkynne til folk med ulike språk og ulik bakgrunn, seier Haugland Byfuglien.

Les også: Ingen tungetale på pinsedag (blogg)

Gåve, nærvær og mot

Hegertun bruker gjerne tre stikkord når han snakkar om Den heilage ande: Gåve, nærvær og mot.

– Ifølgje Det gamle testamente skulle folket nyskapast ved at dei fekk eit nytt hjarte og ei ny ånd. Oppgåva for den truande er å sjå livet og trua som ei gåve. Frelsa er noko vi ein gong for alle har motteke og noko som vi kvar time av dagen stadig tek imot, seier han.

Nærværet som pinsen og Den heilage ande gir, kan vi ifølgje professoren ha forskjellig tilnærming til.

– Fordi det kom ein pinsedag, er Guds frelsande nærvær kome til oss gjennom kyrkja sitt liv i verda, og gjennom dei gåvene og fruktene som Anden gir for å byggje kyrkja, seier han.

Når Bibelen gir formaningar om at vi skal vere brennande i Anden eller la oss bli oppfylte av Anden, handlar det ifølgje Hegertun mykje om mot.

– Det handlar om det relativt dynamiske språket som urkyrkja og oldkyrkja var kjent for. Det handlar om mot til å reise seg som kyrkje i omgivnader tettpakka av andre gudar og dekadent livsstil: Mot til å vere kyrkje, kort og godt, seier han.

Ned på jorda

For mange kristne kan Den heilage ande fort bli noko svevande og lite handfast. Det ønsker Hegertun å gjere noko med.

– Eg vil omskrive omgrepet Den heilage ande, som fort dreg i retning av noko svevande som ikkje er konkret og fysisk, til at det nett er noko av det mest fysiske i den kristne trua. Den heilage ande er i praksis den dynamiske og levande kyrkje overalt i verda, seier han.

Som pinsevenn er Hegertun også oppteken av at vi ikkje snevrar inn tydinga av pinsen til eit bestemt kyrkjesamfunn.

– Forteljinga om pinse må ut av dei rammene mange folk har, for eksempel knytt til eit bestemt kyrkjesamfunn. Dette skjer heldigvis i dag. Ei kristendomsform som snakkar meir om kristen erfaring har ein forunderleg sterk vekst verda over på tvers av kyrkjesamfunn, seier han.

Kyrkjehistorikarar seier, ifølgje professoren, at veksten som har vore dei siste hundre åra i denne forma for kristendomsutøving, kanskje er eit av dei største kyrkjehistoriske mirakla som har skjedd gjennom heile kyrkja si historie.

– Det gleder meg at mange teologar no har fått eit felles språk rundt det som har med pinse å gjere. Pinsekristendom er ei kristendomsform som dreg Gud og Jesus inn i vår eigen kvardag og lèt den bety ein forskjell, seier Hegertun.

Å forstå heile gudsbiletet

Ifølgje Hegertun kjem ein ikkje utanom Den heilage ande om ein skal forstå heile gudsbiletet i den kristne trua.

– Dei heilage ande er ein sentral del av den kristne gudsoppfatninga og det rike kristne gudsbiletet som Bibelen og særleg Det nye testamentet teiknar. Den heilage ande er ikkje den som kastar lys på seg sjølv, men kastar alltid lys på biletet av Jesus Kristus, som er det viktigaste. Det er viktig at ein heile tida tenkjer på Den heilage ande saman med resten av det kristne gudsbiletet, med Jesus og Gud. Det er Anden som aktualiserer og lèt oss forstå kven Gud og Jesus er. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

En oppfordring til misjonsfolket i Nordhordland Indremisjon om å samle inn kr 2 millioner til kretsen i løpet av juni har resultert i kr 1 million etter en drøy uke.

Kretsårsmøtet bestemte også at deler av summen for å realisere nye Raknestunet, skal hentes fra evangeliserings- og nybrottsfondet.

ImF stiller seg bak et felleskristent dokument for hvordan konvertitter bør tas imot i forsamlingene.

For Geir Otto Holmås er det å være karismatiker ikke for spesielt interesserte, men fundamentalt i det kristne livet.

Styreleder i Oase gir prinsesse Märtha Louise og sjaman Verrett rett i én ting: Det finnes en åndelig virkelighet – og mennesker kan være i kontakt med denne virkeligheten.

Copyright © Sambåndet 2019