GUDS BY: Jesus «laut fara til Jerusalem», skriv evangelisten Matteus. Kvifor måtte han det, spør Sambåndet-redaktøren. Bildet er tatt frå Oljeberget og er frå 2015. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV
«Jesus måtte til Golgata»
SYNSPUNKT Påske og pinse heng saman. Det starta i Jerusalem, Guds by.
Sarepta Medier AS, som er eigd av Misjon Sarepta, har gjeve ut tre bøker med tilknyting til høgtider. Dei to siste er «Til Jerusalem. Fastetankar» (2023) og «Til endane av jorda. Pinsetankar» (2025).
I «Til Jerusalem» gjer forfattaren, Johannes Kleppa, eit poeng av boktittelen. Han viser til Matt 16,21, der det står (Bibel 2011): «Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.»
Skriftene
Han «laut fara» til Jerusalem, altså. Kvifor måtte han det? Svaret finn vi i Jesu ord i Mark 14,49: «… for at skriftene skulle oppfyllast» (jfr. Matt 26,54). Dette fortel oss fleire ting.
«Skriftene» viser til Det gamle – eller betre; Det første – testamente. Den hebraiske Bibelen er altså heilt naudsynt for å forstå det Jesus gjorde for oss.
For det andre viser det kor stor vekt Gud, som den eigentlege forfattaren av Bibelen, legg på at det som står der, går i oppfylling.
For det tredje viser det noko av rikdommane i Den heilage skrifta.
Kleppa omtalar Jerusalem som «Guds by og Guds soningsstad». Han skriv (s. 10): «Dette var staden for Messias og hans gjerning. Det var den byen Gud gjennom den gamle pakts tid hadde utpeika for si frelse.» Lovnadane «skulle på ein særskild måte oppfyllast i Jerusalem».
Moria
I eit eige kapittel utdjupar han (s.89): «Skulle skriftene verta oppfylte, måtte Jesus la seg ta til fange, verta forhøyrd, spotta, plaga, hudfletta og tornekrona. (…) Jesus måtte naglast til ein kross, forbanninga sitt tre. Han måtte smaka døden ved å tøma begeret med Guds vreidesvin – og det skjedde til det fullkomne. Det var først då syndene våre var sona, at Skriftene var oppfylte.»
Eit av førebileta på det som skulle skje med Jesus, finn vi då Abraham gjekk til Moria berg for å ofra sonen sin, Isak. Dette var staden der tempelet seinare vart bygd i Jerusalem, byen der Jesus vart ofra. Som Kleppa konstaterer (s.19): «Moria berg vart til Golgata.»
Det er difor ganske sterkt å lesa i Joh 18 om då Jesus vart gripen i Getsemane: «Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram …» (v.4). Då timen var komen, gjekk han til ein stad som svikaren, Judas, kjende (v.2).
Openberring
Men læresveinane forsto det ikkje – før etter at Jesus var oppreist. Særs tydeleg kjem det fram i det me les om Emmaus-vandrarane (Luk 24). Når Jesus sluttar seg til dei, førebels utan at dei kjende han att, og spør kva dei snakkar med kvarandre om, svarar Kleopas, nærast litt frekt (v.18): «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.»
I sanning, Jesus visste! Men kvifor ikkje læresveinane? Kleopas og medvandraren trong den openberringa dei fekk då Jesus braut brødet (v.30–31).
Kleppa minnar (s.6) om Jesu spørsmål til læresveinane i Matt 16,13f: «… kven seier de at eg er?» Det er då Peter kjem med vedkjenninga som Jesus sa han ville byggja kyrkja si på: «Du er Messias, den levande Guds son.» Jesus svara han (v.17): «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.»
At Jesus var eit menneske, var klart, peikar Kleppa på (s.6), «men at han også var Gud, måtte det openberring til for å sjå». På Golgata, legg Kleppa til (s.45), var det ingen som kunne sjå, reint fysisk, at straffa for syndene våre låg på Jesus. Det trongst openberring, og den hadde Gud gitt gjennom Jesaja (kap. 53). Dette hadde evangelisten Filip fått sjå (s.46–47), og han kunne difor rettleia den etiopiske hoffmannen (Apg 8,26–40) nettopp ut frå Jes 53.
Pinse
Frå og med (første) påskedag til og med (første) pinsedag er det 50 dagar. I boka «Til endane av jorda. Pinsetankar.» meiner Kleppa at den første og den siste av desse dagane «bind Jesu oppstode og Andens kome saman til ein einskap (s.6). «Frelsa ved Jesu liding, død og oppstode må openberrast. Som vi treng Jesus som vår talsmann overfor Gud, treng vi Anden som Guds talsmann overfor oss.»

JESU HIMMELFART, slik John Singleton Copley så det for seg i maleriet fra 1775. KILDE: WIKIMEDIA COMMONS
Kleppa peikar på at Kristi himmelfartsdag er viktig fordi Jesus «drog til himmelen for å visa seg for Gud for oss, i vår stad» (s.8).
Pinse inneheld også misjonsperspektivet, understrekar Kleppa (s.10). Ut frå Jerusalem skulle læresveinane vera Jesu vitne (Apg 1,8). Og som Jesus «laut fara til Jerusalem», var det ein misjonær som også måtte det (s. 66–67). I Apg 20,22–23 seier Paulus: «Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging.»
Då Paulus kom til Jerusalem, var det starten på vegen til Roma og martyrdøden, peikar Johannes Kleppa på. Det var som med Jesus, som visste at han skulle bli «slegen i hel» i Jerusalem. Men «tredje dagen skulle han reisast opp», til frelse for menneske «til endane av jorda».
Først publisert i Sambåndet 4/25, som kom ut rett før påske.