Sambåndet

Mandag 15. oktober 2018
RSS
FJELL: Hovudkontoret til Indremisjonsforbundet heldt til i 4. etasje i Straume forum. FOTO: ImF MEDIA

Varslar oppseiing i ImF sentralt

ImF-styret meiner underskot i budsjettet for 2018 gjer det naudsynt med nedbemanning på hovudkontoret på Straume.

Av Petter Olsen. Publisert 15. desember 2017.

TILLITSVALD: Øyvind Angelskår er tillitsvald for dei tilsette på hovukontoret til ImF på Straume. FOTO: BRIT RØNNINGEN

6. desember vart det sendt ut eit alvorsamt brev frå generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF) til alle tilsette i sentralorganisasjonen. Overskrifta var «Varsel om bemanningsreduksjon». Brevet vart først lese opp for dei tilsette som var til stades, i etterkant av lunsjpausen 6. desember.

Pressa økonomi

I brevet viser Furnes til vedtak i ImF-styret 25. november i år der det mellom anna står slik: «Både ImF sentralt og dei fleste av våre krinsar opplever ein meir pressa økonomisk situasjon. Nokre krinsar ser det som naudsynt å redusere bemanninga for å få budsjettet til å gå i hop, og ImF-styret seier altså no at same tiltak er naudsynt for sentralleddet. Ein arv på slutten av 2017 vil hjelpe oss til å kome økonomisk på pluss-sida for 2017, men vi er nødt til å planlegge med driftsutgifter tilpassa våre ordinære driftsinntekter.»

-Bakgrunnen for vedtaket var eit budsjettforslag for 2018 frå administrasjonen som viste eit førebels underskot på ca. 700.000 kroner for 2018. Etter ein ny gjennomgang av dei ulike postane i budsjettet har vi ikkje klart å redusere underskotet, og vi unngår derfor ikkje nedbemanning, seier generalsekretær Erik Furnes til sambåndet.no.

Usikre inntekter

I styrevedtaket frå 25. november heiter det vidare: «Med tanke på den inntektssituasjonen som styret ser for seg med ny økonomiordning, samt usikre inntektskjelder i Awana-budsjettet, ber styret administrasjonen kome tilbake med eit totalbudsjett i tilnærma balanse. Reduksjon i bemanning vil her vere eit nødvendig tiltak. Styret vil gjere endeleg budsjettvedtak i neste møte.»

Med «ny økonomiordning» siktar ImF-styret til at det på Rådsmøtet 9. mai i år vart sett ned ei arbeidsgruppe med dette mandatet: «Gå igjennom alle sider ved forholdet mellom kretsene/lokalforeningene og ImF sentralt for slik å finne et best mulig grunnlag for organisasjonens økonomi.» Gruppa har ikkje lagt fram noko innstilling enno.

Når det gjeld det ImF-styret seier om budsjettet for trusopplæringsopplegget Awana, er det søkt om støtte på til saman 1,2 millionar kroner frå ulikt hald. Dette er lagt inn i budsjettet, men ein veit enno ikkje om desse pengane kjem. Arven på 1,4 millionar kroner som styret viser til og som Sambåndet fortel om i desembernummeret, skal brukast i Awana-satsinga. Men om det blir nei på søknadane om økonomisk støtte, vil arven altså på det næraste gå med til å dekka det budsjett»holet» som vil oppstå.

-Andre misjonsorganisasjonar budsjetterer med testamentariske gåver. ImF har fleire av dei siste åra òg fått arv tilsvarande fleire millionar kroner, men budsjetterer ikkje med det. Kva er grunnen til det?  

– Det er rett at ImF fekk ei testamentarisk gåve på 1,6 millionar i 2013 og delte ein arv på fire millionar likt med Bibelskulen i 2014. Men samanlikna med til dømes NLM og Normisjon er det sjeldnare at ImF får testamentariske gåver. Difor meiner me det ikkje er forsvarleg å budsjettera med det, svarar Furnes.    

Samd

Generalsekretæren har starta prosessen med å setja i verk vedtaket frå ImF-styret. 5. desember var tillitsvald for dei tilsette i ImF sentralt, Øyvind Angelskår, kalla inn til drøftingsmøte i tråd med Arbeidsmiljølova. Utgangspunktet for møtet var moglege innsparingar i administrasjonen.

-Eg og tillitsvald er samd om at det ikkje er naturleg å redusere på dei strategiske satsingsområda som er meisla ut, og det er heller ikkje særleg å spare på driftssida. Derfor må innsparingar skje ved kostnadsreduksjon i personalet, seier Furnes.

Dei tilsette fekk frist til 14. desember med å koma med synspunkt og spørsmål til generalsekretær og/eller tillitsvald. Prosessen vidare er at Erik Furnes skal setja opp det lova kallar ein «overtallighetsplan». Så vert det nytt drøftingsmøte med tillitsvald.

Oppgåver

-Eg har gått gjennom budsjettet og ikkje funne rom for innsparingar ut over satsingsområda Awana og fellesskapsplanting. Det er korkje ønskjeleg eller mogleg å kutte på det, seier lokaltillitsvald Øyvind Angelskår til sambåndet.no.

I brevet til dei tilsette frå generalsekretæren står det at «vanlege prinsipp å vurdere i ein nedbemanningsfase er ei samla vurdering av ansiennitet, kompetanse og sosiale omsyn. Eg vil også føye til at det vil vere naturleg å fokusere på arbeidsoppgåver som er blitt overflødige etter omstilling som er gjort i administrasjonen». Med det siste tenkjer generalsekretæren særleg på overgong frå lokal dataserver til «skybaserte» dataløysingar.

-Når det no ser ut til at det er på bemanning me må redusera, ser eg òg at det er nokre arbeidsoppgåver som har falt bort. Då er det nokre reglar som skal leggjast til grunn, og eg kjem til å sjå til at desse blir følgde, seier Øyvind Angelskår.

Spent

Den tillitsvalde meiner ImF-leiinga no må konkretisera kva for oppgåver som er falt bort, og så laga ein bemanningsplan som viser kven som skal løysa dei oppgåvene som står att.  

-Korleis opplever du stemninga på huset etter at brevet vart sendt ut?

-Ein merkar at folk er spent, og eg har fått spørsmål om kort fort ting vil skje, seier Øyvind Angelskår.

Smertefullt

I vedtaket frå 25. november gir ImF-styret uttrykk for at det er tungt å måtte gå til nedbemanning. Generalsekretær Erik Furnes sluttar seg til:

«Nedbemanning er ein smertefull prosess å gå inn i for eit arbeidsfellesskap der vi står nær kvarandre, og aller mest for den som vert direkte berørt.»

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Både KrF og Kristne Friskolers Forbund vil ta opp saken om kraftige kutt i statstilskuddet til naturbruksskoler.

Religiøse leiarar må slutta å seia at valdelege konfliktar ikkje har noko med religionen deira å gjera, meiner islam-forskar Martin Accad.

STATSBUDSJETTET Misjonseide KVS-Bygland og KVS-Lyngdal vil tape henholdsvis 600.000 og 2 millioner kroner i statstilskudd for 2019.

STATSBUDSJETTET Heller ikke søknad nummer sju førte fram, og nå vil ImF trolig skrinlegge planene om folkehøgskole i Ørskog kommune for 16-åringer.

Vi kjenner behov for å bygge nettverk saman med andre lutherske kristne frå ulike land i verda, skriv Erik Furnes i dette reisebrevet frå Etiopia.

Copyright © Sambåndet 2018