MIRAKEL: Faglig leder i Åpne Dører, Stig Magne Heitmann, mener vekkelsen som skjer i Iran er et mirakel. ARKIVFOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Enorm kristen vekking i iranske huskyrkjer

– Det er eit mirakel det som skjer i Iran no, seier Stig Magne Heitmann i Åpne Dører.

I den islamske republikken Iran veks kristendomen raskare enn i noko anna land i verda.

Den pågåande politiske krisa og økonomiske utfordringar bringar med seg eit utbreitt sinne mot regimet, ifølgje den amerikanske nettstaden CBN News. Med dette kjem òg ein større skepsis til det islamske presteskapet og islam.

– Gud jobbar i Iran, erklærer Mike Ansari.

Han er president for Heart4Iran Ministries og seier til CBN News at politisk uro skapar unike høve til å dela Kristi kjærleik.

– Mange iranske kristne har vendt seg til oss og spør kva dei skal gjera, seier Ansari.

Han seier at med alle negative nyhende om Iran, er det lett å gå glipp av den store historia om kva som verkeleg skjer i den islamske nasjonen.

– Jesus byggjer kyrkja si, den Heilage Ande forvandlar liv, og evangeliet er på farten.

– Størst kyrkjevekst i verda

Fagleg leier i Åpne Dører i Noreg, Stig Magne Heitmann, stadfestar at det er ei vekking på gang i Iran.

– Det er eit mirakel det som skjer i Iran no. Det er ingen andre land i verda som prosentvis har like stor kyrkjevekst, seier Heitmann til KPK.

Han fortel at vekkinga primært skjer gjennom huskyrkjelydar.

– I tillegg til at mange i Iran vert kristne, ser vi òg at mange iranarar som har flykta frå landet, har kome til tru på Jesus.

Ansari ser at Irans huskirker opplever eksplosiv vekst då mange iranarar forlèt islam for kristendomen.

– Jesus er i live, Han rører seg, Guds Ånd rører seg i Iran, og kyrkja veks verkeleg fort. Vi har aldri sett ein så stor vekst av ei underjordisk kyrkje nokon andre stadar før, seier Ansari.

Les historia til David Kamalirad.

Viktig Satellitt-TV

Mike Ansari. Kilde: Jacques Koolen/Wikimedia Commons

Heart4Iran Ministries skildrar seg som «eit ikkje-politisk partnarskap av multinasjonale organisasjonar», som bringar rundt 86 ulike misjonsorganisasjonar saman med målet om å tena og velsigna folket i Iran.

I 2006 vart mediekanalen deira, Mohabat TV, den første 24- timars kristne farsi satellitt-tv-kanalen til å streame gospel-program til Iran.

– Kristne satellitt-TV-sendingar til Iran har spelt ei viktig rolle i suksessen til den underjordiske huskyrkjebevegelsen. Han trengjer gjennom tryggingssperringar som regjeringa set opp, seier Ansari.

Ei nyleg undersøking Heart4Iran Ministies har gjort, viser at rundt 16 millionar iranarar i løpet av dei siste 12 månadene har sett eit eller fleire av programma deira på satellitt-tv og på mobileiningar.

– Det utgjer rundt 20 prosent av Irans folkesetnad, og det er ei overveldande mengd, seier Ansari.

Draumar og personlege vitnesbyrd

Åpne Dører samarbeider med fleire kristne satellitt-TV-kanalar i Iran, og Heitmann stadfestar at desse, saman med internett, er eit viktig verkemiddel for å spreia evangeliet i landa.

– I tillegg er det to andre faktorar som er viktige i Iran: At Gud openberrar seg direkte til lengtande menneske gjennom draumar og syner, og at nye kristne inviterer med seg vener og deler personlege vitnesbyrd, seier Heitmann.

Den demografien som responderer mest på evangeliet er, ifølgje både Ansari og Heitmann, dei unge frå 18 til 30 år, som er veldig teknisk kompetente.

– Dei er online, dei følgjer verda si popkultur, og dei er veldig kobla på, og dei leitar etter svar. Dei ynskjer å tilhøyra eit større føremål og meining i livet, og dei finn det i Jesus, seier Ansari.

– Iranske styresmakter seier sjølv no at det er i universitetsbyane flest menneske forlèt islam og vert kristne, seier Heitmann

Forfølging

Det er ikkje utan risiko iranske kristne delar vitnesbyrda sine. Å konvertera frå islam til eit anna livssyn er straffbart.

– Det er eit enormt overvakingssystem i Iran som følgjer med og arresterer huskyrkjelydsleiarar ofte. Dei som forlèt islam, risikerer å mista studieplass, jobb eller forfølgjelse på andre måtar, seier Heitmann.

Iran har i mange år vore på topp ti på World Watch List der Open Doors International rangerer land der kristne blir forfølgde. I år er landet på ein 10. plass.

– Realiteten til ein iransk kristen er at dei lever i frykt. Dei kan ikkje gå ut på gata og dela den nye trua si med folk. Dei kan ikkje feira nokon stad som helst offentleg, og dei er stadig i frykt for gjengjelding frå styresmaktene. Det er difor vi vil at folk rundt om i verda skal halda fram å løfta opp den forfølgde kyrkja i Iran, seier Ansari. KPK

Andre nyleg publiserte artiklar:

Makt med ansvar (kommentar)

Med evigheten som målestokk (intervju med Helge Kleven)

Folkehøgskoler vil bli klimakloke.

Ny styreleder i ImF Straume.

Taus om religionsfrihet.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.