Sambåndet

Tirsdag 26. mars 2019
RSS

Risikerer livet for blasfemi-anklaga kristne

Saif ul-Malook er muslimen som var advokat for kristne Asia Bibi i blasfemisaka mot ho. Medan Bibi endeleg er fri, lever ul-Malook med drapstruslar hengjande over seg.

Av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor . Publisert 27. februar 2019.

FRIFUNNEN: I oktober i fjor vart Asia Bibi frifunnen for blasfemitiltalen, og i januar avviste Pakistans øvste domstol eit krav om å gjera om frifinninga. FOTO: ÅPNE DØRER

Bibi er den kristne kvinna som har sete over ni år i fengsel med ein dødsdom hengjande over seg. I oktober vart ho frifunne for blasfemitiltalen, og i januar avviste Pakistans øvste domstol eit krav om å gjera om frifinninga.

– No er det ingen som kan nekta for frifinninga hennar. Det er fastslått i den pakistanske grunnlova, fortel Saif ul-Malook til Kristelig Pressekontor.

Han førde saka for Asia Bibi i høgsterett og vart saman med dommarane truga på livet av ekstremistar etter frifinninga.

No er han i Noreg, saman med Stefanusalliansens støttepartnar Sajid Christopher Paul frå Human Friends Organization, for å diskutera ekstremisme og trusfridom i Pakistan. Tysdag deltok dei i eit panel under Human internasjonale dokumentarfilmfestival i Oslo.

Held fram kampen

Sjølv om ul-Malook forlét Pakistan i frykt for sitt eige liv, er han ikkje ferdig med å forsvara minoritetar mot misbruk av blasfemiparagrafen i landet. Medan KPK intervjuar han, vert vi avbrote av ein telefon frå familien til ei anna kristen kvinne som er dømt til døden for blasfemi i heimlandet.

– Eg kjem til å dra tilbake til Pakistan for å forsvara ho i ankesaka, og eg er sikker på at vi kan vinna den òg, seier advokaten.

Han fryktar for sin eigen tryggleik, men meiner det er betre å drepast enn å la vera å gjera det rette.

– Vi skal alle døy ein gong. Dersom ekstremistane drep meg, vil eg hugsast som ein modig mann. Anten eg døyr eller overlever, vil innsatsen min kunna føra til endringar i Pakistan og gjera noko med misbruket av blasfemiparagrafen, seier ul-Malook.

Advokaten vart òg truga då han var påtalemyndighetens aktor i saka mot Mumtaz Qadri, livvakta som drap Punjab-guvernøren Salman Taseer etter at han kritiserte misbruket av blasfemiloven. Qadri fekk dødsstraff og er i ettertid vorte hylla som ein martyr av ekstremistar i Pakistan.

Mobben trugar lokal justis

Advokaten fortel at så godt som hundre prosent av dei som vert skulda for blasfemi i Pakistan, endar opp med å kjennast skuldige i første rettsinstans.

– Når nokon skuldar andre for blasfemi, har dei gjerne med seg ein mobb på tusen mann. Lokalt politi og rettsvesen vågar då som regel ikkje å gjera noko anna enn å fengsla og dømma personen. Det er på dette nivået vi må styrkja innsatsen dersom vi skal verta kvitt misbruket av blasfemiloven, seier ul-Malook og peikar på at rundt 80 prosent av dei som vert skulda for blasfemi, sjølv er muslimar.

– Dei får ikkje den same internasjonale merksemda som nokon av sakene mot kristne får, legg han til.

Sjølv meiner ul-Malook at muslimar som han sjølv, burde få meir heider internasjonalt.

– Ikkje for min eigen del, men for å hjelpa offera og skapa endring. Dersom andre advokatar såg at eg hausta stor heider for innsatsen min, ville fleire våga å stå opp for dei svakaste og slik skapa ei endring i samfunnet, seier han.

– Liten, høglydt og valdeleg gruppe

Han meiner protestane og trugslane etter Bibis frifinning ikkje er representativt for haldninga til fleirtalet av Pakistans folkesetnad, men har utspringet sitt i ei lita gruppe ekstremistar.

– Dei er små, men svært høglydte og valdelege. Dei kallar seg muslimar, men eg vil ikkje seia at dei er det. Det står jo i Koranen at dersom du drep ein uskyldig person, drep du heile menneskeslekta, seier han.

Advokaten meiner han som muslim har ei plikt til å jobba for menneske frå den kristne minoriteten.

– I Koranen står det tydeleg at vi skal ta vare på dei svakaste og mest utsette i samfunnet, seier han. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Allerede oppførte spikertelt kan bli stående med tre meters avstand dersom campingplassen kan vise til tillatelse fra kommunen.

Boken «När två blir ett» er nå oversatt til norsk og blir lansert i forbindelse med guttogjente.no sin fagdag i Oslo fredag.

Alexis Lundh er ikke redd for å fremme et klassisk verdisyn på seksualitet og samliv. Nå skal han gjøre det for guttogjente.no.

Ein komité i samarbeid med Plussreiser organiserte undervisningstur til Israel med tilsette i tre kristne organisasjonar som målgruppe. Ingen melde seg på, og turen måtte kansellerast.

OPPDATERT Ørskog kommunestyre har samrøystes vedteke at ImF får kjøpa tomt til ny folkehøgskule for den symbolske sum av 1 krone. Men ImF blir ikkje skogeigar i same slengen.

Copyright © Sambåndet 2019