Sambåndet

Søndag 20. oktober 2019
RSS
SENTRUM: Fergus Falls er som henta ut av ein moderne amerikansk westernfilm. Det er fort gjort å tråla byen som har vore midlertidig heimby for nærare 800 norske elevar. FOTO:HANS VILHELM VIKSØY

Utdanningsbrua mot vest

Gullsmeden heiter Danielsen, den lokale kafeen ber namnet Vikingen, og mang ein innbyggar har ei oldemor i Norge. Den «norske» småbyen Fergus Falls er senter for eit skuleeventyr som starta med ein sofaprat på eit lærarrom i Bergen.

Skrevet av Vilhelm Viksøy den 30. juli 2019.

I jubileumsboka Våg å stå skildrar Asbjørn Ystebø historia bak Danielsen sitt USA-eventyr

FERGUS FALLS: Kva med å starta ei undervisningsbru til USA? Ideen var lansert og flittig debattert i «sofakroken» på Danielsen vidaregåande skule i Bergen seint på 80-talet.

Bakgrunnen for ideen var fleire tiår med politisk interesse for venskap over landegrensene. Verdskrigen og «den kalde krigen» i tiåra etter hadde sett eit slikt internasjonalt arbeid på timeplanen. Handelssamband, diplomati og sameksistens var blant gromorda som vart brukt både i Norge og resten av verda. Det handla om fred og brubygging.

Også i skulen var slikt arbeid viktig. På 70-talet var vidaregåande utdanning etter kvart vorte vanleg, og internasjonalisering hadde meldt seg. Dette handla sjølvsagt om språkkunnskap, men også om å etablera internasjonale kontaktnett.

– Medan konjunkturane på denne tida svinga ned i fleire andre europeiske land, opplevde landet vårt sterk økonomisk vekst med m.a. oljeindustri, arbeidsinnvandring og auka status for Norge i verdssamfunnet, skriv Asbjørn Ystebø i Våg å stå, jubileumsboka i samband med 75-årsjubileet til Danielsen-skulane i 2007.

FRÅ IDE TIL STRATEGI
Det var i denne konteksten ideen om ei utdanningsbru vart lansert. Det hadde i fleire tiår allereie eksistert utveksling av elevar mellom ulike land. Dette skjedde på ideelt grunnlag, og elevane måtte «ta igjen» året dei var ute, når dei kom heim. Tanken nå var ei bru, ei slags filial-ordning der elevane kunne få eit fullverdig undervisningsår i amerikansk regi, men tilpassa norske fagplanar.

– I motsetnad til mang ein «flyge-idé» var denne ideen ikledd ein strategi om korleis eit varig utvekslingsopplegg kunne verkeleggjerast i USA. Vi måtte då ta omsyn til det skolepolitiske landskapet i Norge, Danielsen skole sin ideologiske ståstad og kva vilkår som låg til rette i USA. Dertil måtte vi vurdere kva utdanningsgevinst elevane kunne få, skriv Ystebø, som fortel at problemstillinga ein dag vart formulert slik: «Det høres fantastisk ut, men jeg spør: Er det realistisk?»

ALLTID FULLT HUS: Mang ein elev ved Hillcrest har inntatt eit smakfullt måltid på Cafe Viking, ein liten gåtur frå skulen. Maten som vert servert, overgår interiøret med glans. På veggane heng bilete frå norsk konge- og vikinghistorie.

UT PÅ LEITE-REIS

Våren 1988 fekk skulen positive signal frå Kyrkje- og utdanningsdepartementet dersom norske fagkrav kunne oppfyllast. Dermed var det tid for å ta ideen eit steg bort frå sofaen og nærare realismen. Etter skuleslutt same våren reiste studieinspektør Arne Mikal Landro og Asbjørn Ystebø til USA med mandat om «å sondera landskapet». Styret vedtok å satse dei naudsynte reise- og opphaldspengane, vel vitande om at dette kunne vere eit bomskot.

Med seg i bagasjen hadde dei denne bestillinga:

* Skolen (skolar) må tilby fagkrets og oppfylle fagkrava som ved vår eigen skole
* Skolen (skolar) må ha og fremje same livssynsfundament som vår eigen skole
* Skolen (skolar) kan fortrinnsvis vere knytt(e) til det norske innvandringsmiljøet i USA.

Fyrste stopp vart Minneapolis og Danielson High Schools of Minneapolis, ein fagleg og sosialt velrenommert «Senior High»-skole med internattilbod.

– Skole- og opphaldspengar var noko høge ved denne skolen, og han hadde heller ikkje eit aktivt livssynsfremjande føremål i tråd med statuttane for vår skole. Eit slikt føremål hadde derimot Bethany School i same byen. Skolen her la sterk vekt på bibel og misjon, men stetta ikkje heilt fagplankrava som låg til grunn for allmennfagleg studieretning i Norge, fortel Ystebø.

BØNNESVAR
Ferda bar etter eit par dagar vidare til Fergus Falls, tre timars moderne biltur nordover frå Minneapolis. Der låg internatskulen Hillcrest Lutheran Academy (HLA), driven av kyrkjesamfunnet Lutheran Brethren, eit samfunn knytt til norsk utvandrarmiljø og haugianismen. Mykje låg til rette, og spenninga var difor stor då dei mest uanmeldt banka på døra til rektor.

Ystebø skildrar møtet på dramatisk vis:
«Vi la fram ærendet vårt. Bill Colbeck lytta interessert og nikka av og til med hovudet. Litt seinare sat vi med Colbeck åleine på kontoret hans.
Vi spurde: «Kan de (Hillcrest) ta inntil fem elevar frå oss i eit slikt opplegg?»
«Yes, we can (Ja, det kan vi)», svara han.
Vi gjekk vidare: «Kan de ta inntil ti?»
Roleg kom svaret: «]a.»
Det same gjentok seg då vi spurde om dei kunne ta inntil 15 elevar på årsbasis.
Deretter spurde vi: «Kan de ta ein heil klasse, 30 elevar?»
Svaret kom akkurat likt: «Yes, we can (Ja, det kan vi)». …

Seinare skulle det vise seg at den morgonen tospannet frå Norge banka på, hadde Colbeck «vore på kne for Gud i bøn om at Gud måtte sende skolen fleire elevar. Det kneip litt for å oppretthalde fullt undervisningstilbod. I hans augo kom bønesvaret ved at vi steig innom og spurde om samarbeid.»

POLITISK KAMMER-SPEL
– Vel heime att innstilte vi overfor rektor og styret ved Danielsen skole på at vi i alle fall kunne starte opp samarbeid med Hillcrest Lutheran Academy, og at første elevgruppa kunne sendast frå skolestart 1989, skriv Ystebø.

Skulen var funnen, puslespelet med fagplanar vart lagt, og snart var stempelet frå Kyrkje- og utdanningsdepartementet (KUD) på plass. Alt var klart, men dei fyrste åra gjorda høge krav på innsats frå eiga lommebok. Opplegget kvalifiserte nemleg ikkje for støtteordningar i Lånekassen. Dei trong direktiv frå KUD som igjen trong eit stortingsvedtak for å endre forskriftene.

Som så mange gonger var det Jon Lilletun som vart redninga. På den tida var han leiar for Stortingets undervisningskomité.

– I salderingsdebatten våren 1996 vart saka vår lagt i vektskåla frå opposisjonen, og med overvekt på ei røyst, vart endringa vedteken. Skolen si utdanningsbru til USA, som handfast og overtydande verkeleggjorde ideen om internasjonalisering, hadde fatt gjennomslag også for rett til økonomiske tilskots- og lånemidlar i Lånekassen, skriv Ystebø.

– At elevane våre såleis fekk stipend- og lånerettar, vart eit nytt og, for mange, avgjerande vendepunkt. Hittil hadde økonomiske omsyn sperra ute ein del elevar frå å søkje seg inn i USA-klassen.

VELKOMNE: Big Al, som elevane kallar han, er ungdomspastor i Bethel Lutheran Brethren som ligg like ved skulen. Han set stor pris på det norske innslaget.  – Dei er til vesigning for oss og bidreg med stor entusiasme. Fergus Falls er kjent for sine mange kyrkjer, og meir enn 50 kyrkjesamfunn skal vera representert i den lille byen. FOTO: Vilhelm Viksøy

SUKSESS I 30 ÅR
Danielsen vidaregåande skule har også hatt og har framleis samarbeid med andre skular i USA, men i langt mindre omfang. Då er det heller ikkje snakk om ein heil klasse og internatliv. Hillcrestprogrammet er difor eit eige kapittel som no har vart i 30 år. Det er ingen planar om at dette skal bli siste kapittel.

– Utvekslingstilbodet er populært blant elevane og meiningsfullt for tilsette å arbeida med. Det betyr difor mykje for skulen vår, seier Birger Danielsen, dagens rektor ved Danielsen vidaregåande skule.

Han peikar på at året ved Hillcrest betyr mykje, også for den einskilde elev.

 – Elevar som tek del, får oppleva ein anna kultur enn sin eigen, i ein viktig fase i livet. Dette gir moglegheit for inngåande kjennskap, og det gir dermed også moglegheit for ein vidare forståing av eigen kultur. I etterkant kan ein samanlikna dei to kulturane med integritet fordi ein har opplevd noko anna over tid. Dette er verdifullt for den einskilde elev si utvikling, i tillegg til at det er ein verdifull kompetanse i eit samfunnsperspektiv. Elevane reiser langt vekk, får moglegheit til å læra eit nytt språk, samstundes som dei har trygge rammer rundt seg.

SAMHALD: I 30 år har venskapsband vorte knytt mellom elevar frå Danielsen og resten av verda. Her er det årets elevar som tek avskil før heimreis til Norge. FOTO: HLA

 

 

 

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Inspirert av den amerikanske tradisjonen Thanksgiving inviterer divisi til å takke for alt det gode Gud har gitt oss.

Landsmøtet i KrFU får seg denne helgen forelagt et endringsforslag som vil rive bort grunnlaget for de kristne friskolene. Vi forventer at landsmøtet avviser forslaget.

De leter etter en mann, men ingen supermann. Han skal være en skoleleder, men trenger ikke være tidligere skolemann. Og så må han trives med ungdommen.

Bildøy bibelskole har sikret inntekter som kommer fra utleie av tjenesteboliger til eksterne leietakere.

Torsdag sydde Rebekka Slettebø den fineste brudekjolen og vant med det Symesterskapet på NRK. Der har hun også fortalt om sin kristne tro.

Copyright © Sambåndet 2019