reCap Sogndal 2010

Bibelsk ekstremsport

Stor oppslutning om samlingane og­ fleire ungdommar frelst. Ekstremsportfestivalen ReCap i Sogndal sette spor for på tredje året på rad.

– Det var ei veldig spennande helg der me nådde mange ungdommar i Sogndal, seier festivalsjef Mathias Mundal.
Målet med ReCap er å bruke ekstremsport og stunt-show for å nå ungdommar og på den måten også nå dei med evangeliet.

– Visjonen vår er ekstreme opplevingar mellom fjell og fjord, himmel og jord, seier Mundal.

Festivalen hadde i år meir enn 50 påmeldte, men møta hadde over det dobbelte. Best besøkt var friluftsshowet i parken med BMXgruppa GX- Europe laurdag kveld, som samla over 300 ungdomar.

Når langt
ReCap er organisert som eigen organisasjon, men hovudaktøren bak arrangementet er Sogndal Indremisjonsforsamling. Formann Tom Salte er ikkje i tvil om at dette har stor verdi for arbeidet i forsamlinga.
– Ja, det betyr mykje, utruleg mykje. I forhold til visjonen vår om å nå nye menneske, er det ­flott å sjå korleis ungdommane våre tar tak og dreg heile arrangementet. Det er ein drøm at me får det til, seier han.

Sjølv deltok han berre som hjelpemann.
– Eg gjekk berre rundt og gliste heile helga mens eg rydda, vaska og lagde mat. Dette var heilt topp, seier Salte som ser at ReCap betyr mykje for Sogndal.

– Me opplever mellom annan at konfirmantane relaterer til dette og har ein referanse når dei møtes til sine samlingar. Våre eigne ungdommar får ein styrka sjølvkjensle og identitet. Dei får vera med på eit arrangement dei er stolte av og kan visa fram med stort frimod. Det byggjer karakter og tru.

Hjelp frå andre
– ImF-UNG har jo sin eigen ungdomskonferanse i Pit Stop. Vert denne for traust for sogningar?
– Heilt klart, seier Salte og ler.
– Men me har ein fantastisk natur rett utfor døra og lang tradisjon med fjellsportfestivalar. Her ligg alt til rette for eit arrangement som ikkje berre har fokus på møter og seminar, men som tar i bruk naturen og aktivitetar på ein meir konkret måte, seier Salte.

Arrangementet er difor ikkje i opposisjon til moderorganisasjonen, snarare tvert imot.
– I fjor hadde me besøk frå Bergens Indremisjon. I år var det ein fantastisk gjeng frå Fredheim i Sandnes som hadde ansvaret for lovsongen og deltok på andre måtar. Det er ei stor oppleving å ha med oss folk frå andre stadar og på den måten knytte kontakt. Ungdommane våre ser og møter andre kristne ungdommar som bidrar med stor glød og kvalitet. Det gir våre eigne ein oppdrift.

[singlepic id=9 w=320 h=240 float=none]

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.