ImF og skilsmisse/gjengifte

Den vanskelegaste etiske problemstillinga vi møter i arbeidet vårt, er spørsmålet om skilsmisse og gjengifte. Vi trur det er fundamentalt viktig at vi set oss inn i kva Bibelen seier om dette spørsmålet, før vi diskuterer alle tvilstilfelle, og før vi lar vårt eige hjerte styre våre val.

Losen kjenner ikkje alle skjæra langsmed kysten, men han må vite kvar leia går. Som kristne må vi lytte til vår himmelske los, han som elskar sine barn og vil bevare vår sjel for sitt evige rike.

«Eg hatar skilsmål», seier Herren i Malakias 2:16. I Markus 10 seier Jesus at «det som Gud har knytt saman, det skal ikkje eit menneske skilja» og «den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i hor mot henne.  Og dersom ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, då driv ho hor.» Det er tydeleg at denne bodskapen var radikal også for Jesu læresveinar, for Matteus føyer til deira reaksjon: «Har det seg slik med mann og kone, då er det ikkje godt å gifta seg!» Det må ikkje vere tvil om at Bibelen er restriktiv her.

Så har Matteus med nokre tilleggsord: «Den som skil seg frå kona si av nokon annan grunn enn hor …» Jesus opnar altså for skilsmisse der den eine er skuldig i hor. Vi ser også at Paulus opnar for skilsmisse ved ekteskap der berre den eine er truande. «Men dersom den vantruande skil seg, så lat han gjera det» (1.Kor. 7:15). Det vil også vere andre tilfelle der det rette vil vere å tilrå skilsmisse. Er det for eksempel vald i ekteskapet, vil det i mange tilfelle vere rett å tilrå skilsmisse med grunn i andre bodord.

Det aller vanskelegaste er spørsmålet om gjengifte, og det er vanskeleg å kommentere kort og generelt fordi situasjonane er så totalt ulike. I ImF er det nokon som vil seie konsekvent nei til gjengifte, og andre vil halde fram at «den uskuldige part» har rett til å gifte seg på nytt. Begge syn er grunna i Guds ord, og vi skal ikkje døme noko som meir eller mindre bibelsk. Den som vurderer gjengifte, må ha sitt samvit forankra i Guds ord, og til sjuande og sist er det enkeltmenneske sitt forhold til Gud det handlar om. Kristne som vil vere tru mot Guds ord, skal ikkje møtast med skepsis til si kristne vedkjenning, eller nedvurdering av sitt kristne liv. Overfor dei dette gjeld, er det også betre å vere open og ærleg om at temaet er vanskeleg, enn å respondere med taushet eller baksnakking.

Samtidig har vi som enkeltmenneske, forsamlingar og organisasjon eit kall til å bygge opp under det kristne ekteskapet. Vi må oppmode menneske til å gifte seg, og vi må halde fram ekteskapet som ei livslang pakt mellom mann og kvinne. Det er grunnen til at våre verdidokument er tydeleg på forbilde-funksjonen, særleg hos leiarar og dei som står i ein formidlingssituasjon. «Handbok for Bedehuset» gjev også verdifull rettleiing i dette spørsmålet.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.