Samemisjonen på friarferd

Nyvalt formann for Norges Samemisjon meiner organisasjonen må gå saman med andre for at arbeidet skal kunne halda fram.

– Min tanke er forhandlingar om ein fusjon, seier Ove-Kjell Sakseid til Sambåndet. Han stadfestar at Indremisjonsforbundet er ein av fleire aktuelle samarbeidspartnarar.

69-åringen frå Norheimsund vart val til formann for Norges Samemisjon på ekstraordinært landsmøte 27.-29. mars. Organisasjonen er i en krisesituasjon mellom anna med omsyn til økonomien. Ifølgje avisa Vårt Land har driftsunderskotet vore på mellom 4,3 og 5,3 millionar kroner per år dei siste tre åra.
– Vi har vore nøydd til å bruka av reservekapitalen i 10-15 år, seier Sakseid til Sambåndet.

Tre forslag.
Ifylgje Sakseid har Samemisjonen per i dag 35 millionar kroner på bok, pluss verdien av eigedomane. På landsmøtet la det avtroppande landsstyret fram tre moglege løysingar:

  1. Leggja ned eiga verksemd og omdanna kapital, eigedomar og eiendelar til eit fond, legat eller stiftelse som kjem tilsvarende formål som dei Samemisjonen har, til gode.
  2. Leggja ned som eigen organisasjon og få ein annan organisasjon til å driva verksemda vidare. Kapital og anna blir då ført over til denne organisasjonen.
  3. Halda fram som eigen organisasjon. Aktiviteten må tilpassast dei ressursane ein har tilgang på.

– Personleg meiner eg nummer to, samarbeid med andre, er vegen vidare for oss. Eg trur ikkje me er sterke nok til å gå vidare åleine. Det er arbeidet som er viktig, ikkje organisasjonen, seier Sakseid.

Styremøte

Det nye landsstyret i Samemisjonen hadde sitt første møte 15. mai, der dette vart drøfta. Forutan ImF er Misjonssambandet og Normisjon aktuelle fusjonspartnarar for Samemisjonen. Sakseid vil overfor Sambåndet ikkje prioritera mellom dei og ynskjer i kveld ikke å seia noko om kva som konkret kom fram på landsstyremøtet.

– Me tek saka opp att til hausten, så me skundar oss seint, seier styreleiaren til sambåndet.no.

Men hans eiga vurdering er den same no som før styremøtet:

– Eg trur ikkje det er mogleg for oss å spara så mykje at me får bort dei årge millionunderskota. Alternativet til å leggja ned blir då å søkja samarbeid med andre, og det trur eg er oppfatninga til mange i Norges Samemisjon, seier Ove-Kjell Sakseid.

Misjonsmark.
På spørsmål om kva Samemisjonen «har å koma med», svarar Sakseid slik:

– Vi har ei misjonsmark. Fleire er aktive i Finnmark, først og fremst ImF og Den Indre Sjømannsmisjon, men Samemisjonen er dei einaste som driv arbeid nord i Russland og inn mot samane.

Han viser til at også «Indre Sjø» slit med økonomien. Både i 2005 og i 2006 var det forslag på landsmøtet i denne organisasjonen om å gå i forhandlingar med ImF, men fleirtalet på begge dei nemnde landsmøta avviste det.

– Eg trur ein del av dei små organisasjonane er nøydde til å tenkja nytt, seier Ove-Kjell Sakseid.

Positiv.
Roald Evensen er finnmarkskonsulent i Indremisjonsforbundet og formann for Finnmark Indremisjon. Han viser til at det er eit visst samarbeid mellom Finnmark Indremisjon og Samemisjonen. Andre helg i september skal dei to ha eit fellesstemne i Lakselv der òg NLM er med. Dette har det vore arbeidd med i eit halvt år. Og ImF og Samemisjonen eig Øytun folkehøgskole i Alta saman med Normisjon.

– Eg er i alle høve positiv til et endå vidare samarbeid med Samemisjonen. Og særleg Samemisjonen sitt arbeid i Russland, prosjekt med diakonalt og humanitært tilsnitt, kunne ImF sentralt hatt godt av å vera med på, seier Evensen til Sambåndet.

Hypotetisk.
Generalsekretær Erik Furnes i ImF seier ein må respektera interne drøftingar i ein annan organisasjon.

– Førebels er det det dette er. Dersom Samemisjonen vender seg til oss, må vi vurdera det, men per i dag (5. mai, red.anm.) er dette ei hypotetisk problemstilling, seier Furnes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.