Sambåndet

Torsdag 17. juni 2021
RSS

– Ikkje på agendaen no

Leiaren for NLM Norge ser at det er utfordringar når både ImF og NLM driv
forsamlingsbygging.

Skrevet av Petter Olsen den 3. desember 2014.

Fakta

Les mer fra strukturdebatten

Denne saken er tidliger publisert i novemberutgaven av Sambåndet. I lenkene nedenfor, kan du lese alle temasakene fra dette nummeret.

Etter årsmøte i Møre og Romsdal:

Sambåndet har bede Øystein Engås om ein kommentar til det som Torgeir Skrunes tek opp.

– Samanslåing mellom Indremisjonsforbundet (ImF) og Norsk luthersk misjonssamband (NLM) er ikkje eit tema som er mykje oppe hos oss, sjølv om fleire har vore inne på dei same tankane. Men me trur det er viktig at bedehusfellesskapa rundt omkring held saman, og NLM og ImF står jo svært nær kvarandre, både teologisk og i arbeidsform, seier Engås.

Forsamlingsbygging.
Når det gjeld arbeid innanlands, viser leiaren for NLM Norge til at dette har vore viktig for NLM heilt frå starten, og at organisasjonen er avhengig av det for å driva arbeidet ute.

– Så er det riktig at me har satsa på forsamlingsbygging i Norge, og det er fordi me trur dette er riktig vei å gå. Eg er oppteken av at vi skal greia å nytta effekten av dette, seier han.

Når dette skjer på bedehus der både ImF og NLM – og ofte endå fleire organisasjonar – er aktive, understrekar han at det er viktig med gode samtalar og avklaringar på det enkelte bedehus.

– Men det finst jo òg fleire plassar der dette ikkje er noko «problem», påpeikar han.

Forsamlingsavtale.
Øystein Engås trekkjer nettopp strukturen fram som ei utfordring på stader der det er snakk om ei felles forsamling av ImF og NLM:

– Styringsstrukturen har ulikt tyngdepunkt. Den kongregasjonalistiske (sjølvstyrte, red.merknad) forsamlingstanken i ImF er det som utfordrar NLMs struktur mest, men ingen struktur er fullkomen, seier han.

Når NLM og ImF går inn i felles forsamlingsarbeid på ein stad, rår NLM til at denne fellesforsamlinga ikkje knyter seg til to ulikt oppbygde styringsstrukturar.

– Men det kan likevel vera ei fellesforsamling, som kan regulerast gjennom ein forsamlingsavtale. Då legg ein ikkje opp til unødvendig konfliktstoff, seier han og held fram:

– Dette gjeld òg med tanke på kva ein forventar av oppfylgjing frå sentralt hald. Tre viktige punkt er tilsyn, økonomiforvalting og tilsetjingsordningar. Dette er noko ulikt i NLM og ImF og går ikkje umiddelbart i hop. Dei forsamlingane som har ein avklart identitet, har det enklare peikar Øystein Engås på.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Til høsten går Lachie McNicol inn og erstatter Thomas Rake i Bedehuskirkens ledelse. Hans rolle blir å være brobygger mellom generasjonene.

Synodemøtet i Frikyrkja har gitt synodestyret i oppdrag å få på plass igjen eit papirmagasin med uavhengig redaktør.

– I dag har vi heist flagget, sier prosjektleder Odd Inge Austevoll.

ImF Midthordland gav kost og losji på leirstaden sin til nokre av dei som måtte evakuera på grunn av storbrannen på Sotra.

ImF har sett ned ei ad hoc-gruppe som skal sjå på korleis ImF sentralt og kretsane eventuelt kan bidra med innhald til TV12 Bedehuskanalen.

Copyright © Sambåndet 2021