Rikssynsar frå bedehusland

Som gutunge song Harald Stanghelle duett med Gunvor Fyllingsnes (då Hopland) på bedehus i Nordhordland og sat under talarstolen til Jens M. Rognsvåg.

I tenåra mista han trua, men den no 59 år gamle Aftenposten-redaktøren har framleis sans for humoren til Audun Hjellvik og mykje godt å seia om den kristne oppveksten sin.

Sambåndet møter Stanghelle i bygget som Aftenposten deler med VG i Akersgata i Oslo. Han er den einaste som har fått eige kontor i landskapet, så me kan opna ei dør inn til ei bok- og papirkledd verd. To redaktørar med ein tredje som utgangspunkt: Jens M. Rognsvåg redigerte Sambåndet med kvass penn frå 1962 (sjå faktaboks), og Stanghelle refererte til han allereie då han svara ja til intervju.

RognsvågKva betydde Rognsvåg for deg?

– Han betydde for det første veldig mykje for indremisjonsrørsla på Vestlandet. Han var jo redaktør i Sambåndet og var aktiv. Og han var den første eg trefte, som skreiv bøker, seier Stanghelle, før han går inn i den første av det som skal bli mange referansar til Raknestunet.

46 år etter hugsar han enno bibeltimane til Rognsvåg på leirstaden til Nordhordland Indremisjon:

– Han hadde ei litt anna tilnærming enn det som var vanleg. Det som gjorde veldig sterkt inntrykk på meg som 12-åring eller der omkring, var ein serie portrett han laga av dei bibelske skikkelsane. Han hadde drege ut det ein visste om dei som personar, og han reflekterte over korleis dei hadde handla som personar og som menneskje. Eg hugsar enno den bibeltimen han heldt om Pontius Pilatus, fordi Rognsvåg beskreiv han som diplomaten som freista å få til eit kompromiss med jødane om Jesus, men som mislukkast. Slik føyer jo Pilatus seg inn i ei lang rekkje i Midtausten – det er mange som har freiste på kompromiss der – men eg blei veldig fascinert av det, så pass at eg sit og hugsar det 46 år etter. Og ein av mine mange draumar var å bli diplomat, så eg var nok opptatt av det.

Ein annan av draumane til Stanghelle var å bli misjonær.

– Ein av heltane i min barndomsheim heitte Nils Helle (sjå faktaboks) og var misjonær på Madagaskar. Han kom frå ei bitte lita bygd som heiter Helle, som er endå mindre enn Stanghelle, og han var søskenbarn til far min. Dei gongene han var heime hos oss – han døydde då eg var gutunge – var det ein aura rundt han fordi han hadde vore på Madagaskar.

FOTO: EGILL J. DANIELSEN

FOTO: EGILL J. DANIELSEN

I ein periode var du veldig aktiv på Raknestunet?

– Ja, eg trur eg var der i tre somrar, og meir eller mindre budde der. Det begynte med at eg reiste på leir, og så vart eg ein slags hjelpeleiar. Så eg hadde et veldig nært forhold til mange der. Eg skal forresten tilbake i august, eg er bedt om å koma til eit jubileum dei skal ha. Første gong eg var på Raknestunet, trur eg at eg var 10-11 år, og då var leirstaden ganske ny. Eg hugsar at Raknestundagen var i august, seier Stanghelle og held fram:

– I alle fall var eg der veldig mykje og vart teken veldig godt imot og fekk oppgåver der. Eg hugsar mykje av det eg var med på, blant anna heldt eg misjonstime om David Livingstone, som var ein av dei eg var veldig fascinert av og hadde lese ganske mykje om og snakka om. Så Raknestunet var noko eg hadde eit veldig nært forhold til.

Då Harald Stanghelle vaks opp, var det ikkje bedehus i heimbygda Stanghelle.

– Dei heldt på å byggja, og eg trur det var innvia etter at eg flytta til Oslo. Eg hugsar at eg var med på å leggja taket på det bedehuset, eg trur det var i slutten av ungdomsskuletida. Det var vel mor til far min som i si tid hadde gitt tomt til dette. Han var med i byggekomité og veldig sentral i å få det opp, og det var ein av hans store draumar at det skulle koma bedehus på Stanghelle. Før det var møta i eit gammalt skulehus, som var vanleg mange plassar. Det tok lang tid å få bygd bedehuset, og det er i full verksemd enno. Det var minnesamvær for både far min og mor mi frå det bedehuset. Der har eg vore ein rekke gonger, men det har nok vore i samband med gravferder og andre tilstelningar der ein har brukt lokala.

– I eit intervju i Dagen seier du om deg sjølv at du var ein søkjande sjel. Kva legg du i det?

– Tidleg i tenåra var eg veldig søkjande, og det gjorde nok òg at eg braut ut av den organiserte indremisjonsrørsla og fann meg mindre og mindre til rette der. Eg opplevde den som veldig konvensjonell og veldig lite open for tvil og søking. Og så ser eg òg andre kvaliteter. Mange opplevde det nok som veldig trygt og sikkert, fordi du visste kor grensene gjekk, det var i alle fall slik ein likte å tenkja på seg sjølv.

– Du sa trua farvel?

– Ja, det var nok i 13-15-årsalderen. For meg var det ein periode der eg var veldig interessert i politikk. Eg var aktiv i unge Høgre og stifta eit Unge Høgre-lag i Vaksdal. Eg vart intervjua både i Dagen og her i Aftenposten i 1970, då var eg 14, så det var ein periode der eg søkte ut og sprengte ein del av dei grensene som var der.

Stanghelle fortel om ei ungdomstid der han var mykje i opposisjon.

– Eg vaks jo opp i ein indremisjonsheim der begge foreldra mine var veldig aktive i indremisjonen og anna misjonsarbeid. Begge bestefedrane hadde òg vore aktive, på kretsnivå. Far til mor mi, Johan Kvalvik, var predikant og reiste mykje i bygdene på Nordmøre, der ho kom frå, og han var veldig aktiv i samband med å etablera og driva ein kristen folkehøgskole som heiter Høgtun (bildet). Eg var der i 2013 og snakka på ein kultur- og elevkveld. Det er den einaste gongen eg har vore der, og der hadde mor mi gått. Bestefaren min på farssida, Haldor Stanghelle – som kom frå Stanghelle – var veldig aktiv rundt ungdomsskulen på Frekhaug. Han døydde så tidleg som i 1933, litt over seksti år gammal.

– Min far var 46 år då eg vart fødd, han vart fødd i 1910 og bestefar i 1870. Farfar overtok garden på Stanghelle som me kjem frå, i 1892, han gifta seg til den. Så heile min bakgrunn er frå det miljøet. Og eg hugsar far min fortalte at han fekk stemmerett første gong i 1933, det første året KrF stilte liste med Nils Lavik på topp i Hordaland. Så dette er eit miljø eg kjente ut og inn. Eg vil ikkje påstå eg kjenner det så godt no, men eg veit i alle fall korleis det var.

– Du viser til at du blei politisk aktiv, men var det noko med trua som gjorde at ho begynte å vakla, var det noko som skjedde?

– Slikt skjer ikkje frå ein dag til ein annan, det skjer i ein prosess. Men det som eg reagerte veldig sterkt på, var at alle spørsmål vart parkert. Det var ikkje rom for å stilla spørsmål eller tvila, og det var ikkje rom for å leita etter andre måtar å sjå ting på. Siste halvdel av 1960-åra var jo ei tid der det var veldig klårt kva som var synd og ikkje synd. Og viss ein les historia til dei lågkyrkjelege rørslene, har det nok alltid vore sånn at ein har sett på den stormande verda utanfor som noko farleg, noko som ville ta ungdomen frå det einaste sanne, det einaste rette. På 60-talet var det store brytningar, og eg opplevde nok at dette vart veldig konformt.

Stanghelle strekar under at han i tenåra kom i opposisjon til mange ting.

– Det var ikkje berre i høve til trua eg vaks opp med, men også til skule. Då eg var 15 år, leia eg ein streik mot normerte prøvar på Dale ungdomsskule og hadde mykje opposisjonstrong i meg. Det å stilla spørsmål, det å tvila, det var ikkje noko som var reservert trusområdet eller det religiøse området, det gjaldt det politiske området og skule, det gjaldt mange ting eigentleg.

På trusområdet fortel han om ei oppleving av at det var veldig trongt og veldig konformt.

– Alle som freista å gå andre vegar, vart møtt med ei veldig stor grad av mistru, at då måtte det vera noko gale med trua. Og eg hugsar veldig tydelig noko som høyrte til den tida, skepsisen mot Ten Sing-rørsla, for eksempel, og sjølvsagt også den tidas stridsspørsmål: langt eller kort hår, fjernsynet, det å gå på teater og kino. Alle desse tinga var utdefinert som noko som ikkje var mogleg å foreina med å vera ein sann kristen. Og viss ein likevel såg noko i det, vart det definert som at du ikkje hadde det godt med di eiga tru. Det vart sett på som eit sjukdomsteikn i truslivet ditt. Som støtte i eit komplisert liv kan jo det verka ganske godt, men det fungerer berre så lenge du er innanfor den boksen. Viss du tar nokre skritt utanfor boksen, verkar det ekskluderande.

– Korleis reagerte familien på at du braut ut?

– Det såg dei mørkt på. Begge besteforeldra mine på farssida døydde før eg blei fødd. Så hadde eg ei mormor på Nordmøre som eg ikkje hadde den type kontakt med, som døydde då eg var 10-12 år. Men foreldra mine såg mørkt på det, for vi vaks jo opp i det svimlande perspektivet at våre små liv var ein del av ei rett linje som starta med skapinga og enda med det evige livet. Og viss ein tar det perspektivet på alvor, er det klart at det å oppleva eit brot med denne rettlinja aksen, skaper sorg.

Du gjekk på søndagsskulen. Hugsar du noko frå det?

– For oss var det heilt naturleg. Far min var lærar på søndagsskulen, og hans tvillingsøster, mi tante, var lærar der, og eg hadde ein onkel som var der. Det var ein del av søndagen. Og for oss var det aldri snakk om om me ville eller ikkje ville gå der, det var noko du gjorde. Dette trur eg var då flanellografen nærmast var ein revolusjon i forkynninga for barn. Eg hugsar vel òg at eg var på ein leir – Søndagsskuleforbundet hadde ei fantastisk hytte på Kvamskogen som heitte Vallemtunet, som dei hadde arva frå ein søkkrik skipsreiar i Bergen.

– Vi reiste elles ekstremt mykje på leir. Eg var på fleire leirar som Samemisjonen hadde. Så var vi på Vallemtunet, så var vi på Kvamshaug, som var leirplassen til Det Norske Misjonselskap, og eg hugsar vi var på Frekhaug ungdomsskule på leir, så det var i det heile tatt stor aktivitet. Og det var pinseleir og påskeleir og sommarleirar. Og eg må seia at eg er veldig takknemlig for den starten på livet, for det var jo slik at du kom ut, du trefte andre, du trefte folk frå andre bygder; det var med på å utvida mine perspektiv.

– Så sjølv om indremisjonsrørsla kjentes konform, så førte det dette med seg?

– Ja, så lenge du var med i ei rørsle, kjentes jo det veldig sterkt og eigentleg veldig godt.

– De fekk heim både Venehelsing og Dagen og kanskje Sambåndet òg?

– Ja, vi hadde Sambåndet i periodar, og viss ikkje, veit eg at vi hadde ei utlånsordning med søstera til far min. Dei hadde Sambåndet, og vi budde berre nokre meter frå kvarandre. Der eg var mest aktiv, var jo i Nordhordland Indremisjon, det var der eg kjente alle dei som jobba der, og ein del til, så Venehelsing var jo det som eg kjente meg mest igjen i.

– Las du det?

– Ja, då las eg det. Og så lenge mor mi levde, og ho døydde så seint som i 2007, samla ho på Venehelsing til meg. Eg var veldig interessert i å sjå namn på gamle kjende og sjå korleis det utvika seg, så eg las Venehelsing iallfall til 2007. Vi hadde ein heim som var full av misjonsblader. Kristenfolket på Vestlandet, i alle fall slik eg kjente dei, var aktive i veldig mange organisasjonar: Blå Kors, Samemisjonen, Misjonselselskapet, NLM, Indremisjonen – og så gjekk det veldig klare grenser opp mot pinserørsla. Ein var aktiv i et cluster med organisasjonar. Og slik eg opplevde mi oppvekst, var det dei same som gjekk på møta i alle organisasjonar. Det var nokre veker kvar vinter med preikarar som kom rundt, og foreldra mine var aktive i alt. Men det gjekk ei grenseoppgang. Det var ikkje noko fiendskap overfor pinserørsla i og for seg, men det var ikkje noko nærleik heller. Og eg hugsar far min var veldig skeptisk til tungetale for eksempel, og det var eit par kvinner på Stanghelle som mest alltid skulle tala i tunger. Han syntes dette var åndsmakter som ikkje skulle utøvast på amatørbasis. Så der gjekk det ein grense, og det har det jo alltid gjort mellom ein del av det som blei den karismatiske rørsla, og indremisjonsrørsla. Dette var jordnære folk med småbrukarbakgrunn.

Aadland– Du haika ein gong med Dagen-redaktør Arthur Berg og DVI-sekretær Birger Aadland (bildet) (sjå faktaboks)?

– Det hugsar eg godt, for det var eit krinsmøte i Nordhordland indremisjon på Frekhaug, og det var eit av desse stormøta. Det er mogleg det var eit jubileum på Nordhordland folkehøgskule. Eg hugsar i alle fall at eg maste meg til å sitja på med dei i bilen attende til Bergen, og det var aldeles storveges.

Berg– Det enda jo med at eg tok kontakt med Arthur Berg då eg var 15. Så min første jobb hadde eg som utplassert i 8. klasse (9. no) på ungdomsskulen. Arthur Berg tok imot meg, og det var via han eg fekk jobb der. Eg hadde sendt ein del nyhende, små notisar, frå Vaksdal heradsstyre til Dagen og fått dei på trykk, og eg hadde skrive fleire debattinnlegg på trykk i Dagen. Det var der mitt journalistliv begynte. Eg var to veker hos Arthur Berg, og då var det veldig lite folk i redaksjonen – det var det sikkert alltid – så eg vart sett til å jobba med ein gong som journalist. Dette var i april/mai, og så maste eg meg til eit vikariat same sommaren og var der i halvannan månads tid. Der lærte eg dei journalistiske grunntrinna. Eg hugsar at ein av dei første jobbane var å dekka kommunestyret i Meland, der dei mellom anna diskuterte om dei skulle spørja Vegvesenet om nedsett fartsgrense på ein av skulevegane. Og den sommaren var eg også på Raknestunet og laga reportasje, så eg fekk i det heile tatt gjera mykje.

Stanghelle-komprimert

Harald Stanghelle på «heimekontoret» som ung journalist. Foto: Privat – og utlånt av Aftenposten

–  Som 16-åring såg du rockeoperaen «Jesus Christ Superstar» og reagerte kraftig, sjølv om du då hadde brote med barnetrua?

–  Eg opplevde musikalen som blasfemisk, uavhengig av om eg trudde eller ikkje. Det er ikkje slik at du kuttar ei truslinje frå ein dag til ein annan. Det er mykje sjelekvalar og mange kjensler. Du lukkar ikkje eit kapittel for noko som er ein så stor del av livet ditt. Eg såg «Jesus Christ Superstar» sommaren 1972, på Palace Theatre i London, og etter det skreiv eg artikkelen «Nei til Superstar» i Dagen, for eg meinte det var galt å setja den opp på Den Nationale Scene. Og det var ein ganske stor aksjon mot å setja musikalen opp, og så vidt eg hugsar, blei den aldri sett opp heller. Men det kan jo ha andre årsaker, som at dei ikkje fekk rettighetene til det, eller at det ikkje passa inn i repertoaret.

– Korleis arta det seg då du braut med det miljøet du var vaksen opp i , til dømes i høve til Raknestunet og det som du hadde vore oppteken av?

– Tilhøvet til Raknestunet forsvann jo på ein måte. Eg flytta jo òg til Oslo då eg så vidt var fylt 17, og kom inn i heilt andre miljø. Men det ville nok ha skjedd uansett. Eg hugsar ikkje siste gong eg var på Raknestunet, men eg hadde ein periode med mykje tvil, og sakte men sikkert vart det eit tilbakelagt kapittel. Siste gong eg var på Raknestunet, må ha vore i 1995 eller -96, for då vart det laga ein serie på NRK som heitte «I bedehusland», og der spurte dei nokon av oss som var aktive på den nasjonale scena, og som hadde misjonsbakgrunn, om å gå tilbake igjen. Og då var vi på Raknestundet og filma, og eg trefte igjen tre-fire av dei som eg hadde hatt mykje kontakt med.

Stanghelle nemner Kåre Hellem og Gunvor Hopland (sjå faktaboks), nå Fyllingsnes. Det var sistnemnde han song duett saman med.

– Henne hadde eg veldig mykje kontakt med. Og så var det Bjarne Skjold, som reiste som predikant i mange år, og Torstein Raknes.

Me går over til notida. Harald Stanghelle sa i eit intervju med avisa Dagen at den lågkyrkjelege rørsla er undervurdert. Kva legg han i det?

Jordal Amfi i 1952. Foto: Widerøes Flyveselskap/Vilhelm Skappel/Oslo byarkiv

Jordal Amfi i 1952. Foto: Widerøes Flyveselskap/Vilhelm Skappel/Oslo byarkiv

– Den har betydd mykje meir enn det som viser igjen i historiebøkene, i beskrivinga av landet vårt, i sosiologien. Krafta som den lågkyrkjelege rørsla har hatt, er undervurdert. Ein snakkar veldig tydelig om arbeidarrørsla og målrørsla, og ein nemner kanskje dei lågkyrkjelege rørslene i ei undersetning, men det har ikkje noko stor plass hos dei som vurderer kva som har skapt samfunnet vårt og vore aktive i brytningane. Eg merka det veldig tydeleg då eg skreiv i heilside her i Aftenposten om John Olav Larssen (sjå faktaboks) – og det var medan avisa var i fullformat – og fekk ufatteleg mykje kommentarar på det. Det var like etter at John Olav var død. Det var ikkje noko nekrolog i vanleg forstand, det var meir eit forsøk på å teikna eit portrett av han og det lågkyrkjelege Norge som han representerte, og då fekk eg veldig mange reaksjonar av typen «kvifor har vi ikkje høyrt om han?!». Sjølv om han i si tid var ein stor nasjonal kjendis; han leigde Jordal Amfi og vart kalla Norges Billy Graham. Eg hugsar eg nemnde i den artikkelen at professor Rune Slagstad, ein av dei fremste kronikørane over dei som har skapt Norge, skreiv boka «Dei nasjonale strategene» om dei som forma Norge. Så skreiv han ei bok om danningsagentar, altså dei som har forma vår måte å tenkja på, men der finn du ingen John Olav Larsen, for eksempel, mens det finnes folk der som er mykje mindre viktige enn han. Det er det eg meiner med at rørslene har vore undervurdert, den krafta og dei bidraga dei har vore, til å forma vårt samfunn, men òg til å forma brytningane.

– Kva meiner du med «å forma brytningane»?

– Dei har vore på ei slags åndeleg slagmark heile tida, delvis også på ei politisk og kulturell slagmark. Men dei fleste av sakene er nok tapte, til dømes dei lange kampane mot diktarlønn til forfattarar som ikkje passa inn i biletet, motstand mot å etablera Riksteateret, motstand mot kino og skepsisen til fjernsynet. Så det er klart at dette har vore ei mest samanhengande rad med tapte saker. Og det har vore tapte saker om ein tenkjer på liberalisering av seksualmoralen og kampen mot ekteskapslova.
Og så har det vore ein del vinnarsaker der misjonsfolket har vore veldig viktige. Det går ei rett linje frå misjonsfolket til solidaritetstanken med den tredje verda, til dømes, der tankegangen går an å følgja.

– Les du kristne blader?

– Ja, det gjer eg når eg får fatt i dei. Eg abonnerer ikkje, men eg er ein hund etter det, og det er to grunnar: For det første synest eg det er eventyrleg spanande og viktig å følgja me på den delen av Norge og verda, og for det andre gir det meg alltid eit gløtt inn i mi eiga fortid, det er alltid noko du blir minna på. Det er ein del lange linjer du treffer, og det synest eg er fascinerande.

– Du seier at du ikkje veit om det hjelper så mykje om nokon vil be for deg. Kva legg du i det?

– Eg legg vel i det både at et ikkje trur bøna når fram, og at det uansett ikkje hjelper meg. Det er nokså fjernt for meg, eller det er både nært og fjernt. Eg fekk brev seinast i dag, som eg svarte på, av ei kvinne frå Hamar som gjerne ville seie at ho var vaksen opp på Vestlandet og at ho ba for meg.

– I pressemiljø eller når du bevegar deg i høge sirklar, blir folk overraska over bakgrunnen din, eller føler du at alle veit om den?

– For det første er det slik at vi lever i eit land der alle har sin bakgrunn og der svært mange dei siste 30–50 åra har gjennomgått ein ganske stor klassereise. Og det er relativt ofte eg opplever at når det har stått noko om min bakgrunn, så møter eg folk som spelar viktige roller på den norske samfunnsscena, som seier at «dette kjente eg meg igjen i. slik har eg det også». Og slik er Norge. Viss ein ser på den politiske eliten og deler av den økonomiske, intellektuelle, kulturelle og mediaeliten, ser du svært, svært mange som kjem frå såkalla vanlege heimar. Dei er kanskje den første generasjonen som har fått utdanning eller fått utfolda seg, den første generasjonen som har flytta ut av bygdene der familien har budd i generasjonar. Det seier litt om det samfunnet som har vakse fram gjennom dei siste 50 åra. Min bakgrunn er nå min bakgrunn, men det er mange som kan relatera seg til det. Om ikkje det er ein blåkopi, er det likevel ein del av det som ein kjenner igjen. Og så har eg jo etter kvart eit ganske forsonande syn på dette. Og eg meiner jo òg at dette er eit miljø som både var viktig og er viktig, og som fortener respekt for det det står for.

– Korleis vil du beskriva livssynet ditt i dag?

– Som liberalt og agnostisk. Eg har inga tru på tanken om den styrande gud som står bakom det som hender, og som har makt over eller i dei hendingane, verken når det gjeld einskildmenneske eller dei store og små samfunnsting. Eg vert meir og meir overtydd om at den styrande handa – den får andre sjå, eg ser den ikkje.

– Og det lever du godt med?

– Ja, det lever eg godt med. Og det er ikkje slik som mange i ditt miljø då trur, at eg innerst inne skulle ønskja noko anna. Det er ikkje slik det fungerer.

– Og så er eg ein person som prøver å dyrka veldig få absoluttar. Eg er over dei fasane der noko er absolutt for meg. Så korleis ting ser ut om ein dag eller ti år eller 20 år, det veit eg ingenting om. Framtida ligg jo alltid i det mørke.

Seier Harald Stanghelle.

Me vandrar mot heisen, der me tek farvel. Ein time er over.

Harald Stanghelle i Aftenposten-resepsjonen. Foto: Petter Olsen

Harald Stanghelle i Aftenposten-respepsjonen. Foto: Petter Olsen

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.