NYTT: Slik vil Raknestunet sjå ut når ombygginga er fullført neste år. ILLUSTRASJON: Nordhordland Indremisjon

Rehabilitering av Raknestunet i gong

Leirstaden til Nordhordland Indremisjons skal pussast opp for rundt 25 millionar kroner, og no har arbeidet starta.

Osterøy kommune har gjeve byggeløyve til Nordhordland Indremisjon sin leirstad Raknestunet på øya Osterøy. Leirstaden har vore stengt sidan midten av august.

‒ Entreprenøren gjekk i gong denne veka, men vi hadde dugnad førre veke. No held dei på å rive den nordlege delen av bygget, seier dagleg leiar ved Raknestunet, Martin Eknes, til sambåndet.no.

Denne delen av Raknestunet skal erstattast av nybygg, som også vil få gymsal i kjellaren.

Investering
Ifølgje ei pressemelding frå Nordhordland Indremisjon skal det investerast rundt 25 millionar kroner i prosjektet, som ikkje berre inneheld nybygg, men også oppussing av eksisterande internat. Der skal det gjerast mykje innvendig, som utskifting av vindauge, dører, golvbelegg og møblement. I tillegg skal mykje malast.

‒ Neste veke startar entreprenør med å grave ut der det skal bli gymsal, og så går dei i gong med å støype. I internatdelen har vi tømt alle rom og vi begynner å sparkle neste veke, fortel Eknes.

Dugnad
‒ Klarer de å halde dykk innafor 25 millionar kr?

‒ Ja, eg trur vi skal klare det. Målet er å få gjort mest mogleg av internatdelen på dugnad, slik at det blir eit meir fleksibelt og rimeleg prosjekt, seier den daglege leiaren.

Plan B
Etter planen skal Raknestunet opna igjen 31. mai neste år.

‒ Vi har ein plan B om vi ikkje er ferdig med arbeidet då. Vi køyrer inga utleie neste sommar, men planlegg leirar og har ein reservestad om vi ikkje kan vere på Raknestunet, seier Martin Eknes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.