HERLEGDOM: "Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyst kringom dei" (Luk 2,8). Illustrasjonsfoto: Freebibleimages.org.

Ære til Gud åleine

På tampen av eit år som har stått i reformasjonens teikn, gir uttrykket «Soli Deo Gloria» meg nokre refleksjonar, skriv Erik Furnes.

Etter Lederkonferansen i november fekk eg ein e-post frå ein av deltakarane. Vedkomande var takksam for ein god konferanse, men sakna ein tydeleg takk og ære til Gud for alt vi hadde fått del i. Det var til ettertanke for meg.

Det er godt å få mykje takk og ros frå brødre og søstre i trua, og den skal vi ta imot på beste måte. Bibelen seier at vi skal vere varmhjarta mot kvarandre i brorskjærleik, og vi skal kappast om å heidra kvarandre. Samstundes treng vi heile tida å tenkje over at våre anlegg, evner og gåver er det Gud som har utrusta oss med. Bibelen minner oss om dette: «Enten de et eller drikk, eller kva de så gjer, så gjer det til Guds ære» (1.Kor 10:31). Og i den åndelege dimensjon er det berre Gud som kan utrette noko. Vi kan så og vatne, men berre Gud kan gje vokster.

Vi treng heile tida å tenkje over at våre anlegg, evner og gåver er det Gud som har utrusta oss med

På tampen av eit år som har stått i reformasjonens teikn, er det derfor uttrykket «Soli Deo Gloria» som gir meg nokre refleksjonar. Dette omgrepet står for læra om at all ære tilhøyrer Gud åleine. Heile skaparverket og forsoningsverket er utført til Guds ære. Dei fleste vil vel seie at synd handlar om brot mot stort og smått i Guds openberra vilje, men djupast sett handlar det om at vi ikkje vil underordne oss og ære den Gud som har skapt alt og som tilbyr oss si frelse i Jesus Kristus. «Dei bytte bort Guds sanning med løgn og æra og dyrka skapningen i staden for Skaparen, han som er lovprisa i all æve», står det i Romarbrevet 1:25. Vi menneske har ein trong til å framheve oss sjølve på bekostning av den plass som Gud skulle ha.

Djupast sett handlar synd om at vi ikkje vil underordne oss og ære den Gud som har skapt alt og som tilbyr oss si frelse i Jesus Kristus

Dette gjeld synet på skaparverket. Midt i alle debattar om korleis universet og alt levande vart til, er det berre eitt overordna fokuspunkt som er tillateleg: «Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få lovprising og ære og makt. For du har skapt alle ting, og fordi du ville det, vart dei til og vart skapte» (Op 4:11).

Dette gjeld også synet på frelsesverket. Eg og du har ingenting å kome med i vår frelsessak innfor Gud. Gud gjorde alt utan å invitere andre inn. Grunnen til at Gud rettferdiggjer menneska er å gjere kjent for all skapningen Guds ære i å frelse sitt folk, og arbeidet for å frelse sitt folk er ein handling som Gud utfører åleine. Mennesket har inga del i dette. Derfor er det også eine og åleine Gud som skal ha all ære, for «det var Gud som i Kristus forlikte verda med seg sjølv så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og la ordet om forlikinga ned i oss» (2. Kor 5:19).

Grunnen til at Gud rettferdiggjer menneska er å gjere kjent for all skapningen Guds ære i å frelse sitt folk

Barnet som skulle fødast i Betlehem den første julenatt, skulle få namnet Jesus, for han skulle frelse folket sitt frå syndene deira. Derfor er det grunn til å merke seg kor ofte Gud oppgir sitt namn som grunn for det han gjer, t.d. 1. Samuelsbok 12:22: «For sitt store namns skuld vil ikkje Herren forlata folket sitt – for Herren har funne glede i å gjera dykk til sitt folk». Grunnen til at han ikkje forkasta sitt folk Israel, og framleis ikkje har gjort det, er ikkje menneskeleg truskap, men «for hans store namns skuld».

Eg håper du ser at det ligg eit enormt frigjerande evangelium i dette fokuspunktet, også når det gjeld vår teneste. Gud treng ikkje augnetenarar som berre gjer det andre menneske ser. Nei, vi treng menn og kvinner som løfter blikket og ser at vi skal tene Han. At vi lever innfor hans ansikt, og vi skal gjere ære på Guds store namn. Eg har lest at når Johann Sebastian Bach endeleg var nøgd med eit nytt musikkstykke, skreiv han bokstavane SDG nedst på sida – Soli Deo Gloria. Han håpa at når musikken vart spilt, ville den peike mot Gud.

Gud treng ikkje augnetenarar som berre gjer det andre menneske ser

Den største ære du kan gje Gud, er å gje ditt liv i hans famn, for Han lengtar etter deg. Den største vanære du kan gjere mot Gud, er å vende deg vekk frå den frelse Han tilbyr i Jesus Kristus. Jesu namn skal prisast gjennom all æve. Ikkje fordi vi må, men fordi då ser vi til fulle kva det betydde at han frelste oss med sitt blod, og det er ingenting som skal fylle vår sjel med slik takksemd som Lammets pris – til Guds ære!

Den største ære du kan gje Gud, er å gje ditt liv i hans famn, for Han lengtar etter deg

Så takk for alle oppmuntringar i 2017. Vi har sanneleg mykje å glede oss over, og vi ser fram til eit nytt år i Herrens teneste. Det gjer vi best ved å la orda i englesongen få trenge djupare inn i vår sjel: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske».

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.