MARTYR: Odd Dubland var krass då han kom inn på korleis Norge behandla Hans Nielsen Hauge. FOTO: PETTER OLSEN

‘- Ein David for si tid

Odd Dubland samanliknar livsgjerninga til Hans Nielsen Hauge i Norge med ord Paulus brukte om Israels kong David.

TIME: – Det står om David i Bibelen at han tente Gud i si samtid, og eg trur at Hauge var ein mann for si tid, sa kunstmalar, songar og predikant Odd Dubland frå Dirdal på Frøyland forsamlingshus sundag.

«Hans Nielsen Hauge – ein norsk martyr. Har vi noko å læra av soga?» var overskrifta Dubland hadde sett for talen. Omtalen av kong David som han viste til, finn me i ein tale av Paulus referert i Apg 13,36: «David var i si levetid ein tenar for Guds plan».

Oppleving

Odd Dubland tok utgangspunkt i Hauge si andelege oppleving då bondesonen som 25-åring 5. april 1796 gjekk bak plogen og song «Jesus, din søte forening å smake». Ifølgje Norsk biografisk leksikon kjende Hauge det slik at «Guds kjærlighet besøkte ham».

– Det er mange som har hatt andelege opplevingar. Men den opplevinga Hauge fekk den gongen, fekk konsekvensar for store delar av folket vårt i Norge. Av enkeltpersonar er det vel få eller ingen som har betydd meir for Norge enn han, konstaterte Dubland. 

Gründar

Talaren starta med Hauge si tyding for næringslivet. – Han gjorde Røkke (Kjell Inge, red.ann.) til ein smågut når det gjaldt å starta bedrifter og arbeidsplassar – og det i ei tid der det ikkje var bankvesen i landet, erklærte Dubland.

Busett som han no er på Ålgård, brukte Dubland Ole Nielsens vei på administrasjonsstaden i Gjesdal kommune som døme. Ole Nielsen kom som innflyttar til Ålgård og kjøpte rettane til ein foss. På den tida var Ålgård ein liten stad med to kvernhus.

– I løpet av 25 år var det 400-500 menneske som budde på Ålgård som var knytt til ullvareproduksjonen. Ole Nielsen var ein pioner innan norsk tekstilindustri – og han var ein haugianer, sa Dubland. 

Forfattar

Hauge meinte at alle menneske var pliktige til å nytta evnene sine og såg på latskap som synd mot Gud. Han var, i Dubland si forståing, ein «omvandrande verdikommisjon». 

– Dei 33 bøkene hans kom ut i så store opplag at han gjer dagens forfattarar i Norge til statistar, i ei tid der det kanskje var 700.000 menneske i Norge, sa Dubland. 

Gudsteneste

Det eneste kjente portrettet av Hans Nielsen Hauge, malt i København av ukjent kunstner ca. 1800. Illustrasjon: Wikimedia Commons

Noko av tanken til Hauge og i evangelisk kristendom, er at kvar einaste kristen skal sjå på livet sitt som ei gudsteneste for Gud. Dubland  brukte «sekkjaforkle» som døme. 

– Det var ikkje noko som passa for catwalk-en, men eg skal seia dykk at mor sitt sekkjaforkle var like heilagt som ei bispekåpe eller ein prestekjole, berre kvar til sitt bruk. Du skal sjå på livet ditt som ei gudsteneste for Gud. Og om alle hadde gjort det, hadde det blitt slutt på svarte pengar og korrupsjon og alt det som virkar så øydeleggjande mange stader i dag, slo Dubland fast.

Hans Nielsen Hauge samla folk om Guds ord og bad dei om å fylgja etter Jesus Kristus. I forkynninga la han vekt på det personlege gudstilhøvet i ein nøktern og arbeidsom livsførsel: «Arbeid det du kan, ten det du kan, gi det du kan». 

Gudløyse

Dubland peika på at på Hauge si tid vart alle rekna som kristne fordi nesten alle vart døypt og konfirmert. 

– Kyrkja og presten rekna slik. Men så var det slik at det var mykje gudlaust liv, mykje alkohol. Hauge insisterte på at ein kristen må visa i si ferd at ein er kristen, sa Dubland.

Hans Nielsen Hauge var likevel ingen stor folketalar eller stor teolog. 

Endring

– Noko av det han skreiv, var kanskje endåtil litt spekulativt, vedgjekk Dubland, men la til: – Men det fulgte ei and med han som gjorde at ein enkel samtale kunne få ein person til å endra måten han levde på.

Dubland fortalte om ein gong Hauge sigla forbi Jæren og trefte ein fiskarbonde ute på havet. Fiskaren kleiv over i båten til Hauge. Den korte samtalen resulterte i at denne mannen byrja med å samla folk i stovene sine om Guds ord. 

– I ei tid utan telefon, aviser og radio, og der alt måtte forteljast frå mann til mann, hende det at Hauge samla svært mykje folk. Ein mann frå Sogn fortalte meg at det ein gong var samla tusen menneske på ein gard der Hauge kom for å tala. Det var noko nytt, dette, at ein lemann forkynte Guds ord. 

Tukthus

Med slike gründareigenskapar vart vel Hauge «slått til ridder» og æra med kongens gull, spurte Dubland retorisk.

– Nei, det norske maktapparatet takka Hauge med å gi han 11 år i fengsel, tre av åra var i såkalla slaveri, i tukthus. Ein av aktorane forlangte livsvarig fengsel for Hauge, og han fekk tusen riksdalar i bot – like mykje som det kosta å kjøpa ein relativt stor gard, fortalte Dubland.

Sjølv kongen i København var ifølgje Dubland redd for Hans Nielsen Hauge.

– Ein kan lura på kven det var som informerte kongen og kven Hauge var og gjorde. Det var vel sjølvsagt embetsfolk, folk med makt i Norge, som var redd for makta si. Det vart kanskje òg servert ein del løgner og overdrivingar for kongen. Dei var redd for eit gryande bondeopprør, sa Dubland og heldt fram:

– Men Hauge sitt kall og agenda var ikkje å frigjera på det ytre plan, meinte Dubland, det var gudstilhøvet det var spørsmål om.

Salt

På den tida Hauge sat i fengsel, var det saltmangel i landet. Hauge hadde greie på korleis ein kunne produsera salt. Han vart henta ut av fengselet for å hjelpa til med dette.

– Då han hadde gjort det, sette dei han inn igjen. Det gjorde Norge med ein av sine beste menn, sa konstaterte Dubland.

Kva var så den kriminelle handlinga Hauge hadde gjort? Var det økonomisk utruskap? Nei, det var det at han i stover og i friluft samla folk om Guds ord utan å ha spurt presten om lov. Det var det heile.

Prestane

Johan Nordahl Brun. Maleri i Domkirken i Bergen. Kilde: Nina Aldin Thune/Wikimedia Commons

Dubland utdjupa med at mange av prestane i Den norske kyrkja på denne tida var aggressive i si haldning til Hauge. Den einaste biskopen som hadde ein viss sympati for Hauge, var Johan Nordahl Brun i Bergen.

– Det som var litt underleg, var at Hauge liksom ikkje heilt fekk tak i bergensarane. Ein forklaring skal vera at Bruns forkynning likna så på Hauges forkynning, kunne Dubland opplysa. 

På Hå prestagard på Jæren budde det ein prest som heitte Søren Michael Kastrup. Han vart ifølgje Dubland ein aggressiv motstandar av Hauge og Hauge-rørsla. Han gav bod om at forkynnarar frå Hauge-rørsla som kom til hans område, skulle arresterast og transporterast heimover frå lensmann til lensmann. Han baud òg at alle skrifter som var delt ut, skulle samlast inn. Han kalla det svermerisk.

Redd for å miste

Ligg lenger sør på Jæren, på Ogna, var haldninga litt annleis. Der skrev formannskapen eit kraftig protestskriv retta mot den motstanden Hauge var blitt møtt med. Dei skreiv at folk kan samlast til dugnad og til bryllaup, der alkoholen flyt, utan at nokon kritiserer det, men om nokon vil samlast om Guds ord, blir dei jaga frå kvarandre.

– Dei mektige var redde for Hauge då han hjelpte småkårsfolk fram til makt. Ingen gir frå seg makt utan kamp, og det gjeld òg i kyrkja, konstaterte Dubland.  

Lekmannsrørsla i Norge er ein av fruktene etter Hans Nielsen Hauge, og Norge er det landet som har hatt flest misjonærar i høve til folketalet.  

Sekter

Var det så, spurte Odd Dubland, svake sider ved haugianismen?

– Det er ingen kristne rørsler som ikkje har utvekster. Det kan til dømes vera einsidig forkynning, sa Dubland.

Han samanlikna eit sunnt kristensliv med blomen prestekrage. Den har ein gul kjerne i midten og kvite kronblad rundt. Desse kronblada kan stå for ulike ting når det gjeld det som høyrer Guds rike til.

– Alle desse kronblada har eit senter, og det er Kristus. Det som blir galt, er dersom ein trekkjer eit kronblad vekk frå blomen og byrjar å gå rundt det. Der har du inngangsporten til mange sekter,  sa Dubland.  

Han viste til Pauli brev til kolossarforsamlinga, der nokre hadde byrja med engledyrking, faste og å halda seg til syner. Folk er svake for slikt. Paulus sa at dette ikkje var noko verdt, fordi dei ikkje heldt fast ved han som er hovudet for lekamen, peika Dubland på. 

Kunstig

KUNSTIG: Odd Dubland sa seg ikkje fri for sjølv å ha vore smitta av å gjera seg til for å sjå kristeleg ut. FOTO: PETTER OLSEN

Hos haugianarane viste talaren til det den tidlegare nemnde presten Søren Michael Kastrup mellom anna hadde trekt, nemleg at haugianarane snakka med ein pipete stemme, dei gjorde seg ynkelege. Ein haugianar ved namn John Haugvaldstad frå Mosterøy, ein rik og flink forretningsmann og venn av Hauge sjølv.

– Han skulle ta sin kristendom alvorleg, og han skulle då og gå på ein kristeleg måte, med hovudet på skrå og blikket retta nedover. Hans Nielsen Hauge tok tak i John Haugvaldstad og sa: «Ditt vesen er taget og ikke givet» – altså du er kunstig, du er unaturleg. Slikt kan finnast i dag òg, så som kunstig stemme og patos, sa Dubland.

Han fortalte om Ludvig Hope frå Nordhordland som snakka på dialekt frå Preikestolen og som «kristna» det som vart sett på som den radikale nynorsken. 

– Hope var så ekte i si framferd og talte så ekte at skodespelarar ved teatra i Oslo vart rådde til å gå i forbundssalen og høyra på han, fortalte Dubland. 

Leid for Kristi skuld

Då Hans Nielsen Hauge til slutt vart sett fri, var han fysisk og psykisk nedbroten. Men Dubland kunne opplysa om at det på ei minnetavle er tatt inn eit sitat frå Hauge: «Jeg har svoret Den hellige ånd trosskap, og han har hjulpet meg til å være mitt forsett tro.»

– Eg trur at Hauge fann trøyst i at han opplevde å lida for Jesu Kristi skuld, sa Odd Dubland og siterte mellom anna frå 1. Pet 4,14f: «Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld, For Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk. (…) lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet». 

– Me få lysa fred over denne mannen sitt minne. avlsutta Odd Dubland i Frøyland forsamlingshus.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.