FORFATTAR: Alv Magnus gjekk inn i rolla som Hans Nielsen Hauge med tidsriktige klede og stort engasjement. Alle foto: Hjørdis Almelid Vikenes

– Det åndelege kallet er arven etter Hauge

- Det kan vere litt risikabelt at mange vil ha ein del av Hans Nielsen Hauge. Vert han redusert til ein maskot, spurte Dagen-redaktør Terje Gilje på Hauge-seminar på Sunnmøre.

Året er 1771. Hans Nielsen Hauge vert fødd. Året er 2021. 250 år etter fødselen hans møtest knapt 300 personar frå ulike stadar i Norge i Fosnavågen på Sunnmøre for å snakke om kva relevans Hans Nielsen Hauge har i dag. Mange seier at han endra Noreg med det han gjorde. I løpet av nokre timar i Herøy fredag 5. november fekk ein vite korleis han påverka både samtida si – og framtida til landet sitt.

Årets Haugeseminar er det 12. i rekka i Herøy. Arrangørane Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus-Jon Kopperstad hadde også i år fått med seg fleire foredragshaldarar, musikarar og songarar. Per-Arne Lillebø var seminarleiar og ønskte forsamlinga velkommen med eit dikt, før Tore Hjalmar Sævik spelte gitar. Vidare framførte Per-Arne Lillebø ein prolog, og Gutane frå Sula Frikyrkje gledde deltakarane med flott song og musikk.

Vel Gud feil?

Etter songen gjekk tidlegare leiar i Ungdom i Oppdrag, Alv Magnus, på scenen i rolla som Hans Nielsen Hauge i tidsriktige klede.

«Gud, du har valt feil mann. Eg er berre ein bondeson.» Då svara Herren at Han ofte hadde valt seg ut dei som gjekk bak plogen.

Alv Magnus fortalde levande om Hans Nielsen Hauge sitt liv og virke og korleis hans tankar om tenande leiarskap og det at han hadde kvinnelege medarbeidarar, påvirka både samtida og ettertida hans.

– Hans Nielsen Hauge vart arrestert 11 gonger. Han hadde brote Konventikkelplakaten frå 1741, som ikkje tillet at lekfolk forkynte Guds ord. Den unge mannen frå Rolvsøy opplevde at han hadde fått eit pålegg frå Herren sjølv om å forkynne. Difor heldt han fram arbeidet sitt, sjølv om han vart sjuk.

Alv Magnus viste til at forfattar/historikar Karsten Alnæs har uttalt at det er to personar som har forandra Norge; Olav den heilage og Hans Nielsen Hauge.

Arbeidsglede

Etter innlegget til Alv Magnus var det tid for fellessong, under leiing av pianist Ole-Viggo Tynes og forsongar Inger Lillebø. Deretter var det Gina Gjerme, regiondirektør i Capgemini Bergen og pastor i Salt Bergenskirken, som hadde eit foredrag om arbeidsglede og det å ha eit indre driv i arbeidet.

FORBILDE: Gina Gjerme har Hans Nielsen Hauge som forbilde og brukar arven etter han både som pastor i Salt Bergenskirken og som regionleiar i Capgemini Bergen.

– Hans Nielsen Hauge hadde glød og skaparkraft. I Bibelen møter vi ordet om at som dine dagar er, skal din styrke vere. Vi skal kike litt på fem prinsipp for arbeidsglede, som er inspirert av Hans Nielsen Hauge og eigne erfaringar som eg har gjort, sa Gina Gjerme.

Det første prinsippet ho viste til, var å teikne visjonen for ei større hensikt, slik som Devold og Ekornes gjorde og fekk i gong verksemder med eit stort sosialt engasjement både for arbeidarane sine og bygdene der dei dreiv verksemdene. Vidare er det også eit viktig prinsipp å byggje ein kultur som involverer og engasjerer.

– Hauge bygde samfunn og bedrifter, og han hadde eit menneskesyn som var forankra i Bibelen. Alle sine liv har ei meining. Hans Nielsen Hauge hadde eit kall om å endre menneska. Den haugianske rørsla bygde nettverk av menneske, dei hadde ei større hensikt for arbeidet sitt.

Forbilde

Gjerme understreka også at det å skape psykologisk tryggleik var viktig. Gjer du feil, så er du ikkje feil! Hauge si rausheit gav psykologisk tryggleik. Dette å anerkjenne kvarandre var haugianarane gode på. Det finst noko godt i alle menneske.

– Flittigheit trumfar smartheit. Hauge skapte ein flittigheitskultur, som var kreativ og nyskapande. Den sunnmørske arbeidsgleda hadde ei djupare glede, med flid og flittigheit, og den arven som hauginarane gav oss, har vore ein viktig bidragsytar for å skape gode arbeidsplassar i dag. Dette med tenande leiarskap handlar om referansen til Jesus. Hans tenande leiarskap kom heile verda til gode. Hans Nielsen Hauge er eit forbilde for meg, sa Gina Gjerme.

Tankereise

Etter henne fekk journalist i Dagen Tore Hjalmar Sævik frå Herøy ordet, og han kåserte om “Å ha det i hendene”.  Gjennom eit skrått tilbakeblikk som han sjølv kalte det, fekk publikum vere med på ei tankereise attende i tid og dele nokre av dei opplevingane han hadde hatt i løpet av livet. Han undra seg elles litt over at strikking som er veldig haugiansk, ikkje hadde slått an på Sunnmøre.

– Eg kan ikkje hugse å ha sett menn på Sunnmøre som strikkar, sa Sævik.

Etter kåseriet hans var det pause, med sunnmørsk kakebord og tid for å drøse litt medan ein drakk kaffi.

Forvaltarrolla

REIAR: Inge Halstensen frå Austevoll hadde eit innhaldsrikt Hauge-attersyn. Bak til høgre på podiet sit Dagenredaktør Tarjei Gilje (midten) og seminarleiar Per-Arne Lillebø.

I den andre delen av Haugeseminaret fekk vi først høyre musikaren Tore Hjalmar Sævik spele, før redaktør i Dagen Tarjei Gilje fekk snakke om “Korleis forvalte arven etter Hauge?”.

– I det siste har fleire og fleire fatta interesse for Hans Nielsen Hauge, og det er gledeleg, og så kan det også vere litt risikabelt at mange vil ha ein del av Hauge. Vert han redusert til ein maskot? Vi veit ikkje korleis det ville ha vore om Hans Nielsen Hauge hadde levd i dag. Korleis ville han ha vore som samfunnsaktør, forretningsutviklar, coach, samlivsrådgjevar eller ein offentleg omstridd skikkelse? Den arven vi har etter Hauge, er det åndelege kallet. Dette at han møtte den levande Gud var avgjerande, og vi er i dag kalla til å følgje Evangeliet i vår tid, sa Gilje mellom anna.

Han meinte at det framleis trengst levande kristne fellesskap, kristne utdanningsinstitusjonar og kristne i næringslivet.

250 år på 24,5 minutt

Reiar Inge Halstensen i frå Austevoll klarte det kunststykket å formidle 250 år med Hauge-historikk og mange utdrag frå Noregshistoria på 24,5 minutt. Til samanlikning trengte Linda Eide og Sjur Hjeltnes to timar for å formidle 200 år med grunnlovshistoria vår gjennom ord og tonar for nokre år sidan.

– Karsten Alnæs har skildra tidleg 1900-tal som dei kristne si tid. Oljefunnet i 1969 gjorde noko med landet vårt, då vi brått vart rike. Korleis har det vist att at folk har vore kristne i Norge? Har vi mista Jesus på vegen, undra Halstensen.

Akersgata sitt parlament?

Per Sævik hadde avslutningsvis eit kort innlegg der han viste til at den som ikkje står for noko, kan falle for alt.

– Har vi Akersgata sitt parlament? Vi må framleis våge å stå for noko som kan koste. Hans Nielsen Hauge måtte betale med 11 fengslingar for meiningane og arbeidet sitt. Han døydde då han var 54 år gamal. Å ha noko å leve for, og å ha noko å leve av, er viktig. Dei fleste av oss har noko å leve av, men har vi noko å leve for?

Det gode kjem ovanfrå

INSPIRERT: Ordførar Harry Valderhaug i Giske har vore deltakar på fleire av Hauge-seminara i Fosnavågen, og han let seg inspirere av arven etter Hans Nielsen Hauge.

Ordførar Harry Valderhaug i Giske har delteke på fleire Haugeseminar.

– Eg har prøvd å få med meg desse Hauge-samlingane i Fosnavågen. Arrangøren klarer å få med flinke aktørar med ulike innfallsvinklar til det unike og viktige Hauge makta i sitt korte virke. Hauge starta ei endring og utvikling av Norge og samfunnet vårt ved å dele eit likeverd-menneskesyn og inspirere mange i si tid . Eg tenker det viser noko om at det gode kjem ovanfrå, frå ein Allmektig Herre som ser noko uendeleg verdifullt i oss menneske. Å bli inspirert av noko slikt har mykje endrings- og skaparkraft i seg og er verdiar samfunnet vårt treng meir enn nokon gong, sa Harry Valderhaug etter årets Haugeseminar i Fosnavågen.

Per Sævik viste til at mange av dei som var til stades, har delteke på mange Haugeseminar, og at arrangørane er takksame for det.

– Om vi kjem til å arrangere eit 13. Haugeseminar, veit vi ikkje enno, sa Per Sævik.

Møteleiar Per-Arne Lillebø avslutta seminaret med å lese dikt og ei bøn. Heilt til slutt song Gutane frå Sula Frikyrkje “Herren velsigne deg”. Ein innhaldsrik kveld med formidling av Hans Nielsen Hauge sin påverknad på samtida og ettertida hadde funne si gode avslutning.

SISTE GONG? Arrangørane av Hauge-seminaret i Herøy veit ikkje heilt om årets var det siste Hauge-seminaret. Frå venstre Olaus-Jon Kopperstad, Roger Kvalsvik, Per-Arne Lillebø og Per Sævik.

Reportasjen er laga av Hjørdis Almelid Vikenes. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.