MARKERING: – Vi vil freiste å få fram eit endå meir nyansert bilete av Hans Nielsen Hauge, seier dagleg leiar Hans-Petter Thøgersen ved Hauge-senteret, her ved bautaen på garden der Hauge vart fødd. Foto: Stein Gudvangen, KPK

I år er det Hauges død som blir minna

I 2021 vart det markert at det var 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. I 2024 er det 200 år sidan åndshøvdingen og industrigründaren døydde.

Hans Nielsen Hauge døydde 29. mars i 1824 i det dåverande Christiania. Han mangla då fem dagar på å fylle 53 år.

Tilfellet gjer at Hauges dødsdag i år fall saman med den mest sorgtunge dagen i den kristne påska, langfredag. Hans Nielsen Hauge-Senteret hadde to offentlege markeringar denne dagen, men det var berre startskotet for ein serie arrangement i løpet av 2024.

Betydning etter døden

Markante historiske figurar set ikkje berre spor mens medan dei lever, men óg i ettertida. Historikarar flest er einige om at Hans Nielsen Hauge er ein – om ikkje den fremste – av dei som la grunnlaget for det moderne, industrialiserte og demokratiske norske samfunnet i overgangen til 1800-talet. Dette vart trukke mykje fram på mange ulike måtar under 250-årsjubileet i 2021 for at Hauge vart fødd. Då vart merksemda sterkast retta mot det Hauge fekk å seie historisk.

Ved 200-årsmarkeringa for hans død vender Hauge-senteret blikket meir i retning av kva Hauge fekk å seie etter at han var død, ikkje minst gjennom haugianarrørsla. Det vil óg handle om det historiske grunnlaget for framstillinga av Hauge og alt han fekk utretta.

– Meir nyansert bilete

– Vi vil freiste å få fram eit endå meir nyansert bilete av Hauge og verksemda hans, seier dagleg leiar Hans-Petter Thøgersen ved senteret i Fredrikstad til Kristelig Pressekontor.

Thøgersen er ikkje skråsikker på kva dei vil greie å få til, men seier senteret før har snakka mykje om Hauge sin ungdom, åndsdåpen i åkeren, reisene og fengslinga.

– No vil vi ha meir av merksemda retta mot organisasjonsutviklinga, gründarverksemda og så vidare, seier Thøgersen og legg til at senteret freistar å opne opp historia om Hauge slik at garden og museet ikkje berre blir eit stivna monument.

Museum

Senteret Thøgersen bestyrer, er av mange kalla Hauges Minde, eit namn ein no freistar å fase ut. Det består av eit museum og eit besøkssenter med ei utstilling. Desse to delane er bygd saman. Det som vert kalla museet, er huset frå 1735 der Hauge vart fødd og vaks opp som ein av ti syskjen. Her er det meste av det opprinnelege intakt slik at ein til og med kan gå kring på dei slitte golvplankane der Hauge må ha teke dei første stega sine på som barn. Besøkssenteret er eit påbygg frå 1835.

I Hauge si tid låg garden i det som seinare vart Tune formannsskapsdistrikt, medan staden etter kvart vart ein del av Rolvsøy kommune som i dag er innlemma i Fredrikstad.

FORMIDLARAR: Hans Nielsen Hauge Senteret hadde i fjor 2.000 innom på vitjing som fekk del i informasjonen dagleg leiar Hans-Petter Thøgersen og styreleiar Svein Høiden kan by på. Her sit dei ved bordet i Hauge sin barndomsheim. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Langfredag

Ved Rolvsøy kyrkje langfredag var det kransnedlegging, talar og kulturinnslag ved den store, runde rullesteinen som vart henta frå Hauge-garden og plassert ved kyrkja til minne om bygda sin store son. Der står det ei slags «helsing» frå Hauge – «Følg Jesum» – som skal vere dei siste orda han ytra på dødsleiet.

Seinare på dagen var det óg ei kransnedlegging ved Gamle Aker kyrkje i Oslo der Hauge ligg jordfesta, og der det står eit minnesmerke over han. Dette vart strøymd på Hauge-senteret s nettside.

Travel april

På Hauge sin fødselsdag, 3. april, var det eit større arrangement på Hauge-senteret. Gjester var domprosten i Borg, Kåre Rune Hauge, Svein Granerud frå Normisjon, songaren Hans Marius Hoff Mittet og forfattar Dag Kullerud, som har skrive bok om Hauge.

– Boka blir for øvrig utgitt i ny og oppgradert utgåve til hausten, seier Thøgersen.

Symposium

15. april vert det arrangert Hauge-symposium på Litteraturhuset i Oslo om ulike sider ved Hauge si verksemd. Deltakarar vert mellom andre Harald Stanghelle, Trygve Riiser Gundersen, Dag Kullerud, Kristin Norseth og Eli Morken Farstad.

Same dag skulle óg den offisielle nasjonale Hauge-markeringa ha funne stad i Gamle Aker kyrkje, men fordi restaureringsarbeida der ikkje er heilt fullført, er det heile utsett til 26. mai. Då vert offisielle gjester frå kyrkje, stat og ulike offisielle institusjonar inviterte. Dei får høyre om kva Hauge har hatt å seie for nasjonen i dei to hundreåra sidan han gjekk bort.

Sist i april har MF vitenskapelig høyskole eit seminar der Hauge sin store innsats vert lyfta fram.

Festival og musikal

I 2024 kjem óg ein ny versjon av musikalen «Det brenner en ild», som fyrste gongen vart framført i 2017. Den nye versjonen vert slept under Haugefestivalen i Fredrikstad 14. til 24. august. I 2017 såg 3.000 menneske førestillinga, og det er venta like mange i år.

Musikalen vert å sjå og høyre i Gamlebyen i Fredrikstad der Hauge budde og arbeidde som slaktarlærling i nokre månader i 1795.

Hans-Petter Thøgersen, som har mangeårig teaterbakgrunn, har skrive teksten til musikalen, medan Svein Gundersen er komponist, og Hans Marius Hoff Mittet har rolla som Hans Nielsen Hauge.

– Lyfta medvitet

Thøgersen er godt nøgd med resultatet av merksemda om Hauge i 2021.

– Vi greidde å lyfte medvitet om Hauge over heile landet. Folk fekk augene opp for at han var langt meir enn ein «gæer’n» kar som gjekk og strikka. Dei forsto at han var ein gründar, ein som sette kvinner inn i leiinga i ulike verksemder og etablerte velferdsordningar og så vidare. Feiringa i 2021 bidrog til ei revitalisering av forteljinga om Hauge, meiner Thøgersen.

Markeringa i år ikkje vert like stor som den for tre år sidan.

– Vi hadde ein hovudkomité med mellom andre Kjell Magne Bondevik, og han opna mange dører for oss, seier Hauge-senteret sin styreleiar, Svein Høiden.

Han har tilegna seg kunnskap om Hauge-historia i over eit halvt hundreår og er føredragshaldar og omvisar på senteret som i fjor hadde 2.000 innom på vitjing. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.