MØTE: "Gjennom sine mange år som artist, også i Norge, veit ho at vi priser Gud på ulikt vis. I Indremisjonen på Vestlandet er det ikkje mest gjennom hallelujarop og oppløfta hender, som ho sa, men gjennom å lytta til ho denne kvelden fekk vi alle som var der, eit møte med Gud", skriv Astrid Blindheim Husdal frå konserten på Nordhordland folkehøgskole. FOTO: Geir Jensen
Lynda Randle song for Raknestunet
Gospelsongaren Lynda Randle fylte Nordhordland folkehøgskole i takknemlighetskonsert for leirstaden Raknestunet.
Det var Anita Solbakk som hadde skipa til konserten, og det var andre gongen Lynda Randle – kanskje mest kjent frå Gaither Homecoming – besøkte Nordhordland. Ca. 300 personar møtte fram i striregnet torsdag 16. august. Overskuddet går til leirstedet Raknestunet, som er eigd av Nordhordland Indremisjon og der det er planer om ei omfattande rehabilitering.
Etter avtale med Anita Solbakk har Sambåndet fått bilder og rapportar frå konserten:
Astrid Blindheim Husdal:
Varme gospeltonar på Frekhaug
I august 2015 song Lynda Randle på 50-årsjubileumskonsert for leirstaden Raknestunet på Osterøy. Nyleg var ho tilbake på Frekhaug på Nordhordland folkehøgskule, denne gongen på «Takknemlighetskonsert» for Raknestunet, og der kom ho med lys og solskinn til alle oss om lag 300 i salen medan regnet hølja ned ute. For Lynda har sterke og gode vitnesbyrd å koma med.
Som 12-åring fekk ho møta Jesus, og dette vart vegen ut av ein vanskeleg barndom og ungdom. Lynda er i dag ein av dei mest folkekjære gospelsongarane i USA, og på konserten på Frekhaug fekk vi høyra hennar historie om Guds leiing, gjennom både tunge og gode dagar. Gjennom kjende songar som «God on the monutain», «I`m free» og «Through it all» vitna ho om at Gud alltid vil vera med oss. Han går føre oss, og Han er bak oss.
Hennar klare og djupe altstemme har gjort Lynda kjend internasjonalt, og ho opptrer mykje på store arenaer og konsertar. Ho er ein underhaldar og stor artist, men aller mest ønsker ho å formidla Guds omsorg gjennom songane sine. Det klarte ho også denne kvelden på Frekhaug. Gjennom sine mange år som artist, også i Norge, veit ho at vi priser Gud på ulikt vis. I Indremisjonen på Vestlandet er det ikkje mest gjennom hallelujarop og oppløfta hender, som ho sa, men gjennom å lytta til ho denne kvelden fekk vi alle som var der, eit møte med Gud. Han berørte gjennom musikken, songen og orda som vart sagt. I tillegg til noko playback hadde Lynda Randle fantastiske musikarar med seg på piano, gitar, trommer og bass.
Ho hadde ein bodskap med seg på turnè i Norge denne sommaren. Det var til alle dei som slit med depresjon og sjølvmordstankar. Gud rettar ut si store sterke hand og vil bæra deg . «He will carry you».
Kvelden vart opna med at Anita Solbakk fortalde om bakgrunnen for konserten og kva Raknestunet har betydd i hennar liv. Det var besteforeldra til Anita som gav eigedomen til bygging av leirstaden og som sende Anita på leir fyrste gongen då ho var lita jente.
I god misjonsånd var det salg av kaker og kaffi i pausen, alt til inntekt for Raknestunet.
Stemninga i salen under og etter konserten tyda på at publikum likte det dei høyrde, og at bodskapen nådde fram. Takk for ein fantastisk kveld!
Geir Jensen:
Anita Solbakk hadde igjen fått Lynda Randle til Frekhaug. Hun var her for tre år siden, og spenningen var stor om publikum igjen ville komme til å fylle opp salen på konserten torsdag sist uke. Ca. 300 mennesker hadde tatt turen denne kvelden. Overskuddet gikk til leirstedet Raknestunet som har vært Solbakks hjertebarn i alle år.
Lynda Randle var på en to uker lang Norges-turné med åtte konserter som begynte i Nord-Norge og fortsatte blant annet med sangfestivalen Skjærgårdssang i Langesund. Å komme til Norge denne gangen viste seg å være en utfordring. Forsinkede fly. Bagasje som ikke kom fram. Og når den kom fram, var kofferter og innhold ødelagt.
Randle er en artist som har sterke vitnesbyrd om Jesus mellom sangene, og hun fortalte ærlig og åpenhjertig om motstanden hun hadde møtt den siste tiden. Hun fortalte om utfordringer blant søsken der det handlet om narkotika, fengselsopphold og sorg etter å ha mistet familiemedlemmer.
Mellom sangene snakket hun åpenhjertig om vanskelige tema som depresjon og selvmordstanker. Men midt i det vanskelige og sorgen ville hun peke på at Jesus er der. Gud er der, midt i motgangen. Hun knyttet vitnesbyrdene sammen med sanger som «God On the Mountian», «He Will Carry You» og «Til the Storm Passes by». Dette sterke budskapet preget konserten på Frekhaug denne kvelden. Hun understreket også at hun elsket å synge om blodet og korset.
Å komme tett på Lynda Randle var en annen opplevelse enn å sitte i en sal med 3000 mennesker på Langesund. Her kunne vi føle og kjenne ektheten i sangene og vitnesbyrdene. Sanger og vitnesbyrd som virkelig traff hjertet.
Måtte vi bare få til flere konserter av dette kaliber i Bergensområdet.
Takk til Anita Solbakk som stod som arrangør, og alle de frivillige som støttet opp om denne konserten.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!