UNDERSKRIFTER: Leder for Bønnelista, Jo Hedberg (t.v.) leverte fredag over underskriftslistene til Kirkerådets avdelingsleder for kirkeordning, Ole Inge Bekkelund, på Kirkens hus i Oslo. Ifølge Hedberg inneholder lista 377 navn med representanter fra alle bispedømmene bortsett fra Møre. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

‘- Kan ikkje vera kyrkje utan å ta Bibelen på alvor

Initiativtakarane til den konservative val-listaBønnelista har samle nok underskrifter til å stilla ved Kyrkjevalet i 2019.

I 2019 får Kyrkjevalet i Den norske kyrkje ei ny val-liste til valet av bispedømmeråd og Kyrkjemøtet, ved sida av listene til Nominasjonskomiteen og Åpen Folkekirke. Den nye konservative vallista, «Bønnelista – Forening for kirkevalg og kirkeledelse», har kome i mål med dei 300 underskrifta dei trengde før nyttår. Fredag leverte initiativtakarane underskiftene til Kyrkjerådet på Kirkens hus i Oslo.

sambåndet.no skreiv om Bønnelista første gong 26. september.

Saman med sekretær Åsmund Brøvig heldt leiar Jo Hedberg ein pressekonferanse før overleveringa av listene med underskrifter.

– Det vanskelegaste er å skaffa kandidatar. Folk vegrar seg, og mange som ville vore gode kandidatar, har meldt seg ut av Den norske kyrkje, seier Jo Hedberg som er leiar i Bønnelista.

Minimumet for å stilla liste i eit bispedømme er sju kandidatar.

– Vi satsar på å stilla lister i alle bispedømme og bør få 15 namn på kvar liste. Per i dag har vi fem til sju kandidatar totalt som har sagt ja, seier Hedberg.

Fristen for kandidatlistene er 30. april.

Bibel, bøn og lokalforsamling

Det førebelse programmet til bønnelista framhevar at lokalkyrkjelyden skal fungera som evangeliserande og disippelgjerande fellesskap.

– Vi er oppteke av at lokalforsamlinga skal fungera og vera sjølvstyrt for å engasjera folk. Å ha ein sentralstyrt kyrkjelyd slik dei andre ønsker, tyder i praksis å leggja ned kyrkja, seier Hedberg.

Dei set særleg søkelyset på bøn og Bibelens ord.

– Vi trur ikkje ein kan vera kyrkje utan å ta Bibelen heilt på alvor, òg det vi ikkje forstår og synst er ubehageleg. Vi vil gjera tydeleg at vi må bøya oss for Gud elles har vi ingen kyrkje viss ikkje Gud er Herren, seier Hedberg.

Hedberg har òg tidlegare sagt at dei ynskjer å reversera vedtaket om vigselsliturgi for likekjønna, utan at dette vert nemnt eksplisitt i programmet.

– Lite demokratisk

Hedberg meiner ordninga med liste frå ein nominasjonskomité er dårleg.

– Det er ei lite demokratisk liste. Det er ofte folk med liberale synspunkt som sit i råd og komitear fordi dei trur det er dei sjølv som skal forandra verda, medan dei som gjer det reelle kyrkjearbeidet i sundagsskular, ungdomsklubbar og liknande, ofte er konservative, seier han.

Bønnelista sine talspersonar meiner mange ved førre kyrkjeval vart forleda til å tru at lista til nominasjonskomiteen var ein motsats til Lista til Åpen Folkekirke.

– Eg trudde eg røysta på dei konservative si side, men på grunn av samansetninga av lista enda eg opp med å òg røysta på dei liberale, fortel Brøvig.

Ifølgje ei pressemelding ynskjer Bønnelista ved neste års kyrkjeval å vera eit tydeleg alternativ og utfordra det dei kallar den liberale trenden i kyrkja. Dei vil arbeida med å få inn kandidatane sine, med «eit tradisjonelt kyrkjesyn», til bispedømmeråd i heile landet, som igjen vert representantar til Kyrkjemøtet.

– Ved førre val var det berre oppnemnt 72 kandidatar med tradisjonelt syn, mot 233 kandidatar på begge lister til saman med liberalt syn. Ved neste års val vil det verta meir demokratisk, med høve for omtrent like mange kandidatar på begge sider av denne verdiaksen, skriv bønnelista i pressemeldinga.

Ynskjer konkurransen velkomen

Åpen Folkekirke leverte underskriftene sine til Kyrkjerådet for nokre veker sidan, ifølgje avdelingsleiar for kyrkjeordning Ole Inge Bekkelund.

Gard Sandåker-Nielsen, som er leiar i Open Folkekyrkje (ÅF), sa tidlegare i haust at han ynskjer konkurransen velkomen og trur listene gjer det lettare for medlemmar av Dnk å avgjera kven dei vil røysta på.

– Akkurat slik Åpen Folkekirke ynskjer at veljarane skal ha eit alternativ og eit tydeleg høve til å påverka utviklinga i Den norske kyrkje, er det fint at Bønnelista ynskjer å gje veljarane eit tilsvarande høve til å røysta på dei, sa han til Kristeleg Pressekontor (KPK) i oktober.

Under Kyrkjemøtet i år vart det med eit knapt fleirtal avvist å gå for ei valordning med reint listeval, noko Åpen Folkekirke kjempa for. Dermed vil nominasjonskomitear i bispedømma enno stilla med samansette lister medan andre lister, som Åpen Folkekirke og Bønnelista kjem i tillegg. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.