FOLKSAMT: Søndagsskulen i Stavanger er Noregs eldste søndagsskule. Deira utflukter til leirstaden Folkvang var populære i mellomkrigstida. FOTO: ukjent/ Søndagsskolen Rogaland krets.

Den eldste søndagsskulen i landet jubilerer

For 175 år sidan vart den første søndagsskulen i Noreg formelt stifta i Stavanger. I dag tyr ein til kreative løysingar når fleire kyrkjelydar i byen legg ned søndagsskulane sine.

10. mars 1844, som det året var fastelavnssøndag, vart den første søndagsskulen i Stavanger og Noreg formelt stifta. Dette skal feirast på søndag med både gratis jubileumskonsert og utgjeving av jubileumsboka «Fotspor», som tek for seg historia frå 1844 og fram til i dag.

– I starten fekk gutane og jentene undervising kvar for seg, og vi kan òg sjå at søndagsskulen dreiv ei solid leiartrening, fortel søndagsskulekonsulent i Rogaland, Helga Fykse.

Den første søndagsskulen vart starta av Svend Svendsen etter inspirasjon frå England. Svendsen var med i vekkingsrøyrsla kalla Brødrevennene, og søndagsskulen heldt til i lokala deira. Saman med haugianarane hadde brødrevennene, ifølgje Stavanger Aftenblad, stor innverknad i det arbeidet som la grunnlaget for misjonsbyen Stavanger.

– Dette var ressurssterke menneske som stod sentralt i handelsstanden. Dei var òg involvert då den første misjonssamskipnaden i landet vart danna i Stavanger i 1826 og då NMS vart starta i 1842, fortel Fykse.

Norsk Søndagsskuleforbund, som no heiter Søndagsskulen Noreg, vart først etablert i 1889 .

Kreative løysingar

FLANELLOGRAF: Søndagsskuleleiarar i Rogaland gir framleis bibelfortellingane liv via flanellografen. Barna følger nøye med. FOTO: Sørnes kyrkjelyd/Søndagsskolen Norge.

Fykse fortel at det enno skjer veldig mykje bra og spennande arbeid i søndagsskulane i Stavanger.

– Samstundes merkar vi i byane at ein del søndagsskular faktisk vert lagt ned i kyrkjelydane. Det er trist. Her skjer det nok ein prioritering i ressursbruk i trusopplæringa, men det er trist at eit kontinuerleg tiltak som borna kan gå på jamleg, ikkje vert tatt med, seier ho.

Søndagsskulekonsulenten trur søndagsskular kan gjera det meir attraktivt for barnefamiliar å gå på gudstenestene.

– Når det ikkje er tilrettelagt for ungane, ynskjer dei naturleg nok ikkje å gå, noko som kan gjera at barnefamiliane held seg borte, seier Fykse.

Ho legg til at det likevel skjer mykje kreativt for å gje borna eit søndagsskuletilbod.

– Ein arrangerer søndagsskule på andre dagar og i ulike lokale for å leggja til rette for eit slikt tilbod. I tillegg til tradisjonelle søndagsskulegrupper har vi mellom anna kor, tårnagentgrupper, aktivitetsgrupper og tweensgrupper knytt til Søndagsskulen Noreg her, seier Fykse.

Nedskrive historie

Jubileumsboka «Fotspor», som er ført i pennen av Ole Jone Eide, omhandlar oppstartinga av den første søndagsskulen og vidare stiftinga av Stavanger Søndagsskoleforening, og boka gjev innblikk i livet til sentrale personar og kva for ei tyding dei hadde for søndagsskulen. Boka belyser tema som fredagsmøter, gode hjelparar, likestilling, krigen og ikkje minst utfluktsstaden Folkvang og korleis minna herfrå har sett spor.

– Det vart etter kvart fleire søndagsskular i byen, og i 1867 vart Stavanger Søndagsskoleforening etablert. Då den vart nedlagd i 2015, kom ønsket om å samla historia, og no lanserer vi boka i samband med jubileet, fortel Fykse.

Ho fortel at søndagsskuleforeiningane i fleire byar etter kvart vart nedlagd då det vart meir naturleg å berre organisera seg under kretsane i Søndagsskulen Noreg.

– Men det var alltid eit tett samarbeid mellom Stavanger Søndagsskoleforening og kretsen.

Jubileumsfeiringa vil skje på Stavanger revyscene som òg har ei forhistorie som det tradisjonsrike bedehuset Betania. KPK

KREATIVT: Dei eldste barna i Gausel kyrkjelyd saman med leiar Bjørn Bakkane utformar bibelhistorier i leire. FOTO: Ole Jone Eide/Søndagsskolen Norge 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.