NØGD REKTOR: Rektor ved NLA Høgskolen, Erik Waaler, trur nøgde studentar og fokus på at den enkelte skal bli sett er nokre av grunnane til økte søkjartal på teologistudiane. ARKIVFOTO: Brit Rønningen, ImF Media

NLA doblar søkjartal frå i fjor på teologi

Teologistudiar ved NLA Høgskolen har totalt ein auke på 63 prosent førsteprioritetssøkarar til sine bachelor-program, viser tal frå Samordna opptak.

I ei pressemelding beskriv NLA Høgskolen utviklinga som ein svært positiv trend.

– Dette er skikkeleg gøy! Vi gler oss til å ta imot ein stor gjeng motiverte teologistudentar, og vi skal jobba knallhardt for å gi dei eit relevant og interessant studium, seier Bård Eirik Hallesby Norheim, som er avdelingsleiar for teologi, religion og filosofi ved NLA Høgskolen.

NLA Høgskolen tilbyr tre ulike bachelor-studiar i teologi på studiestadene sine i Bergen og Oslo. Tala frå Samordna opptak viser meir enn ein dobling av førsteprioritetssøkarane til desse samanlikna med i fjor. Dette viser ifølgje NLA òg ei betydeleg forskyving frå årsstudiar til bachelor-studiane.

Målretta utvikling
– Vi står midt i ei spennande brytningstid, der både kyrkja og plassen til religionen i samfunnet er i endring. Vi har jobba målretta med utvikling av teologistudiane våre for å møta denne endringa, seier Norheim.

Han synest derfor det er ekstra gledeleg å få ei såpass markant auke av førsteprioritetssøkarar.

– No er det berre å «bretta opp ermane» og fortsetja det langsiktige arbeidet med rekruttering, men først og fremst å utdanna menneske som kan formidla og fortolka tru på ein truverdig måte, seier han.

Høgskule i vekst
NLA Høgskolen er ein kristen, privat høgskule med avdelingar i Bergen, Kristiansand og Oslo. Dei siste fire åra er den totale mengda søkarar nesten dobla. Årets søkartal viser at høgskulen held fram med å veksa.

Rektor Erik Waaler trur at studentar vel NLA Høgskolen fordi fleire har fått kjennskap til studietilboda, og at høgskulen får gode skotsmål frå tidlegare studentar.

– Vi har mange studiar der det er tette relasjonar mellom lærarar og studentar, og vi legg vekt på at den enkelte skal bli sett. Vi har ei grunnhaldning til at vårt menneskesyn skal prega alle studieplanar og undervisninga ved høgskulen vår, seier Waaler.

Ifølgje pressemeldinga viser journalistutdanninga ved NLA Mediehøgskolen i Kristiansand òg ein svært positiv trend av førsteprioritetssøkarar i år samanlikna med i fjor, og i Oslo har lærarutdanninga og utdanninga i økonomi- og administrasjon òg auka mykje. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.