FLEIRE SØKARAR: Nærare 30 prosent fleire enn i fjor ynskjer å studera musikk på NLA Høgskolen i Staffeldtsgate. FOTO: NLA

Musikalsk auke på NLA

NLA melder om ein auke på nær 30 prosent i antalet søkjarar på deira to bachelorprogram i musikk på skulen i Staffeldtsgate i år.

Avdelingsleiar for musikk, Ole Kristian Kogstad, fortel at tidlegare studentar har mykje å seia for at søknadstala aukar for kvart år.

– Studentane er dei fremste ambassadørane våre. Når folk ser kva for nokre fantastiske musikarar som blir uteksaminerte frå skulen vår, er det den beste reklamen vi kan få. NLA har styrkt posisjonen sin som den fremste utdanningsinstitusjonen i landet innanfor rytmisk musikk, seier Kogstad i ei pressemelding.

To bachelorprogram

NLA tilbyr to bachelorprogram i musikk: Utøvande rytmisk musikk (URM) og Musikk menighet og ledelse (MML). URM er for dei som ønsker ein profesjonell karriere som utøvande musikarar, og MML er for dei som ønsker å kombinera utøvande musikk med emne i teologi og leiing.

Kogstad trekker òg fram samarbeidet med vidaregåande skular og folkehøgskular, leidd av alumniansvarleg Ole Fredrik Norbye, som sentralt i rekrutteringsarbeidet.

– Vi er stadig på jakt etter samarbeidspartnarar for å tiltrekka oss dei beste søkarane, og vi har dei siste åra samarbeidd med fleire musikkskular rundt omkring i landet, seier Kogstad.

Lærarane til høgskulen får òg noko av æra for suksessen.

– Musikkavdelinga ved NLA legg vekt på å ha pedagogar på høgt akademisk nivå, samtidig som det blir vektlagt at lærarane skal vera aktive musikarar som er aktuelle for studentane, seier han.

Lærer seg å navigera i musikkbransjen

Musikarar frå NLA Høgskolen i Staffeldts gate er ifølgje skolen sjølv attraktive på arbeidsmarknaden, og du ser dei stadig igjen rundt om i Noregs musikkbransje.

– Vi kan ikkje berre læra folk å spela eit instrument, vi må gi dei verktøy for å kunna leva som musikarar. I tillegg til at kvar student har sin eigen instrumentlærar henta frå musikkbransjen, får dei jamnlege besøk av gjesteforelesarar, og det blir arrangert seminar og kurs med aktuelle bransjeaktørar for å læra seg å navigera i musikkbransjen, fortel Kogstad.

Men berre dei beste får studieplass, og prosessen vidare er at aktuelle søkarar blir kalla inn på prøvespel basert på innsende videodemoar.

– Vi gledr oss veldig til å høyra kva søkarane har å by på, avsluttar Ole Kristian Kogstad. KPK

POPULÆRT: Dei to bachelorstudia i musikk på NLA Høgskolen er populære og tidligare studentar står for mykje av rekrutteringa meldar skolen. FOTO: Ingrid Svelland/NLA

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.