POPULÆR: Videokonferansetenesta Zoom har vorte populær for religiøse fellesskap som ønsker å møtast digitalt. Men appen er òg sårbar for hacking av nett-roll som spreier hat. ILLUSTRASJONSFOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Nynazistar og nett-troll angrip religiøse nettmøte

(Korona) Såkalla «Zoom-bombing» har vorte eit problem for mange bibelgrupper, kyrkjer og synagogar i USA.

Mens koronaviruset herjar og folk held seg heime, har mange kyrkjer og synagogar i USA, som her i Noreg, funne nye måtar å nå ut til medlemmene sine på.

Ei digital plattform som har vorte veldig populær, er videokonferanseappen Zoom. Her kan du dela ein møte-ID som gir folk tilgang til det religiøse fellesskapet. Men nokon opplever å bli angripe av individ og grupper som vil spreia porno, hat, rasisme og trakassering gjennom såkalla Zoom-bombing, skriv Religion News Service (RNS).

Dei fortel om søndagsskulelærar Alex Merritt frå Texas som opplevde at bibelgruppechatten han hadde med unge vaksne frå St. David’s Episcopal Church, plutseleg strømma over av obskøne bilete og ein person som viste fram sitt kjønnsorgan.

– Det var generelt kaotisk og umogleg å stoppa. Det var ein stor vekkjar for meg fordi eg er grunnskulelærar, og eg vil ikkje at barna i klassen min skal bli utsett for nokon av dei pornografiske bileta trolla sende oss, seier Merritt til RNS.

Kan ikkje dela offentleg

Merritts kyrkjegruppe, som måtte legga ned møtet og oppretta eit nytt, la opphavleg ei offentleg Zoom-kopling på nettsidene sine. No vil gruppa berre senda lenka til medlemmer av dei private Facebook-gruppene sine, som alle er godkjente.

Søndagsskulelæraren synest det er uheldig at dei ikkje kan vera opne for alle.

– Tilbedingsstader ønsker ideelt sett å vera stader der alle kan delta. For augneblinken må dei balansera ønsket om å vera open for alle søkande med verkelegheita i at det er folk der ute som vil sabotera desse digitale romma, seier Merritt til RNS.

Mange trusbaserte organisasjonar har no byrja å dela tips med medlemmene sine for å unngå Zoom-bombing.

Minoritetar særleg utsett

Religion News Service skriv i ein annan artikkel at kyrkjer med overvekt av afroamerikanske medlemmer og jødiske synagogar særleg er utsett for rasistiske og nynazistiske Zoom-bombingar. Desse angrepa ber preg av å vera utførte av koordinerte nettverk av troll.

Online-klassar ved Yeshiva University vart Zoom-bomba sist veke (veka før påske, red.anm.) av antisemittar som la ut Holocaust-fornektingar og kommentarar der dei sa «Heil Hitler» og trua med å gassa deltakarar. Gudstenester livestrømma av ein London-synagoge, vart forstyrra av nærare 40 kontoar som byrja å legga ut ei rekke valdelege kommentarar.

Også LHBT-vennlige kyrkjer opplever å bli angripe med anti-LHBT ytringar.

I eit blogginnlegg veka før påske bad Zooms administrerande direktør, Eric Yuan, brukarane om orsaking for å “komma til kort” når det gjeld tryggleiks-, personverns- og tryggingsspørsmål. Zoom har òg publisert ein omfattande guide på sin blogg til dei funksjonane vertar kan bruka for å verna møta sine. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.