TIPS I KRISETID: Den spanske kristne lagsrørsla sin overlevingsguide, skrive av over 50 kristne psykologar, inneheld 132 praktiske tips. Alle tipsa er knytt til eit bibelavsnitt. FOTO: Skjermbilde frå gbu-es.org

Har laga bibelsk overlevingsguide

(Korona) Spanske psykologar har gått saman om å laga ei overlevingsguide for pandemi-tida med utgangspunkt i Bibelen. – Slik rettleiing er gull verd, seier Karl-Johan Kjøde i Laget.

Den 60-sider lange guiden er gratis tilgjengeleg på spansk og engelsk, skriv nettstaden Evangelical Focus. Guiden er gitt ut av Grupo de Psicólogos Evagélicos (GPE) som er ei faggruppe under den kristne spanske studentlagsrørsla Grupos Bíblicos Unidos (GBU)

Guiden tilbyr 132 praktiske tips, alle knytt til eit bibelavsnitt. Innhaldet er fordelt på 10 seksjonar. Blant temaene som er tatt opp, er «Å forstå krisa og veksa i den», «Bruk tida di med omhu», «Ta vare på dei unge og eldre» og «Viss du sørger».

Generalsekretær i Noregs Kristelege Student- og Skoleungdomslag (Laget), Karl-Johan Kjøde, hadde ikkje høyrt om guiden før Kristelig Pressekontor tok kontakt, men etter å ha sett kjapt på han, er han veldig positiv til initiativet.

– Dette er veldig inspirerande. Eg tenker umiddelbart at dette er noko vi bør få omsett til norsk. Eg synest det har ein stor verdi at yrkesgrupper som psykologar rettleier òg som kristne, seier han.

Kristus midt i lidinga

Initiativet starta i Spania dei første vekene av korona-epidemien i Sør-Europa. I løpet av litt over ei veke produserte meir enn 50 psykologar, som deler ei felles evangelisk tru, dette materialet for å svara på behova dei såg rundt seg – i samfunnet og i kyrkja.

I innleiinga til dokumentet, som er publisert på nettstaden til GBU, er det understreka at Kristus er midt i lidinga.

– Som menneske er vi kristne ikkje fritatt for å oppleva alle desse tinga. Også vi erfarer eit visst nivå av frustrasjon, tvil eller frykt. Dødens skugge har vorte meir handgripelig og er nærmare enn nokon gong, og den skremmer oss. Jesus sjølv opplevde mange av desse forferdelege kjenslene i løpet av si tid på jorda, skriv psykologane i GPE.

– Kristus viser oss at vi kan og bør læra å leva annleis midt i ei krise: på ein måte som lèt oss veksa og gå djupare i trua vår på Gud, kven vi stoler på når det gjeld vår frelse og kven som har kontroll over alle situasjonar (òg denne!), skriv dei vidare.

Grill ein kristen psykolog

Kjøde seier han er kjent med at den spanske lagsrørsla GBU er gode på å publisera relevant stoff av denne typen.

For tida publiserer Laget jamleg «Grill ein kristen»-videoar på Facebook. Kjøde kan fortelja at dei planlegg å laga ein video med ein psykolog ganske snart.

– Vi trur psykologar har ei veldig viktig rolle i å rettleia i ei tid som denne. Vi kjenner fleire kristne psykologar som klarer å samanfatta det kristne verdsbildet sitt med det å rettleia i samsvar med dei psykologiske mekanismane, seier generalsekretæren.

Han er inspirert av korleis den spanske guiden har klart nettopp dette.

– Eit døme ser du i kapittel to, der dei enkelt forklarer omgrepet angst og gir det ein kontekst, før dei rettleier med ei bibelsk verkelegheitsforståing i kvifor du ikkje skal la hjartet bli gripe av angst, seier Kjøde og viser til Johannes 14.

INSPIRERANDE: Kjøde i Laget synest det er inspirerande korleis dei spanske psykologane klarer å samanfatta det kristne verdsbildet sitt med det å rettleia i samsvar med dei psykologiske mekanismane; som her i kapittel 2 i guiden. FOTO: Skjermbilde frå gbu-es.org

Fag og tru

Gruppa av spanske psykologar har jobba i over ti år med å samla fagpersoner på området sitt gjennom ulike konferansar og workshops for å tenkja og samtala rundt korleis psykologi og Bibelen er i høve til kvarandre.

Også i Laget i Norge er det danna nokon fagbaserte mentorgrupper. Samtidig samarbeider lagsrørsla noko med fag-tro-organisasjonar som til dømes Norges Kristelige Legeforening og Emmaus psykologiforeining.

– Vi ser at desse sit på god kompetanse, og det er viktig at fornuftige folk får komma til orde. Laget ønsker å gi plass til stemmer som ber med seg eit kristent verdsbilde innanfor alle ulike sfærar. Det trur vi er til stor oppmuntring og gir ein dimensjon av von i kriser, seier Kjøde.

Generalsekretæren i Laget påpeikar at slik rettleiing òg er viktig når det ikkje er pandemi.

– Krisene er jo like reelle for folk då, berre at då er dei meir på eit individuelt plan eller gruppenivå. Dyktige yrkesfolk som opererer både med stor grad av openheit om trua si og nyttar den faglege kompetansen sin, er gull verd, avsluttar han. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.