Ikkje digital, men fri nattverd

Vi må minne om at nattverden er "fri", og vi har aldri snakka om vår feiring som "eit alternativ", skriv Sambåndet på leiarplass.

Når vi no går gjennom ei tid der den kristne forsamling ikkje kan samlast på vanleg vis, vert det naturleg nok sjeldan at vi får ta del i feiringa av Herrens nattverd.

Dette nåde- og samfunnsmåltidet er gitt til Guds folk, og når vi les i Det nye testamente, forstår vi at det hadde ein sentral plass i det kristne fellesskapet. «Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede», står det i Apg 2:46. Så skulle dette enkle, men viktige måltidet ha ein sentral plass også i våre fellesskap.

Sjølv før den lovmessige endringa om fri nattverd i 1913 var det ei brei forståing mellom lekfolket på bedehuset at dette måltidet var like fritt som Guds ord er fritt. Like fullt var nattverdstriden ein hard kamp, og nokre fekk erfare den sterkare enn andre. Etter 1913 skulle likevel all tvil vere rydda av vegen. Nattverden er «for dei einskilde kristne fritt på same måten som ved bruk av Guds ord», skreiv kyrkjestatsråden den gong, og det var heilt i samsvar med korleis leiarane for lekmannsrørsla tenkte ut frå Bibelens ord. «Lekfolket kunne med det med frimod samlast til nattverd, både i heimen og i venesamfunnet» (Ordets folk, side 101).

Når nattverd i denne tid vert feira i heimane, eventuelt i samband med leiing via ei nett-gudsteneste, vert dette no problematisert. At katolske teologar har vanskar med det er å forvente, men at konservative teologar gjer det same kan gjere nokre usikre på om dette er rett.

Vi vil avvise at det er snakk om eit nødsprinsipp når Jesu vener på denne måten et og drikk til minne om Herrens død

Når det no vert brukt ord som «digital nattverd», eller til og med «nødnattverd», må vi altså minne om at nattverden er «fri», og vi har aldri snakka om vår feiring som «eit alternativ». Andreas Lavik skreiv i 1907: «Det menighetsbegrep som Jesus etterlot oss, er dette: ‘Hvor to eller tre er sammen i mitt navn, der er jeg midt iblant dem’. Til denne menighet har han også overgitt nattverden». Vi vil avvise at det er snakk om eit nødsprinsipp når Jesu vener på denne måten et og drikk til minne om Herrens død.

Det er ein fare med det framveksande forsamlingsarbeidet i bedehuset, der vi oppmoder til å døype, feire nattverd, ha truvedkjenning osb: Vi har lett for å innføre ei forsamlings- og embetsforståing som er framand for våre åndelege røter. Særleg vert dette forsterka ved måten det er blitt vanleg å nytte ved nattverdfeiring i dag, og som har mykje til felles med den kyrkjelege praksis som Ludvig Hope kalla «et fremmedmanns-vesen», der «vi skal mates».

Vi vil derimot ikkje problematisere måten vi gjer dette på, for her kjem det inn praktiske omsyn og ulik oppleving av kva samfunn med andre truande er. Enten vi kneler ved ein alterring, er på vandring fram til nokon som deler ut, eller vi sender til kvarandre i stolradene i heim eller bedehus, så er dette det same: Vi høyrer innstiftingsorda saman, vi et brødet med orda «dette er Jesu kropp, vi drikk med orda «dette er Jesu blod», og vi takkar Gud for hans sonoffer og nåde. Ved det forkynner vi Herrens død til dess Han kjem.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.