I PRAKSIS: På Reach The City lærer Elisabeth Vestrum (37) å dela evangeliet i praksis, gjerne kokt ned til eitt minutt. – Eg treng dette, seier ho. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK
‘- For lite i forsamlingane om evangelisering
På Reach The City lærer kristne å dela evangeliet med framande på gata i Oslo. Dette er ein type praktisk undervisning mange saknar i den lokale forsamlinga si.
Denne veka arrangerer Open Air Campaigners (OAC) for niande året på rad sommerstevnet Reach The City. Her lærer deltakarane gjennom undervisning, workshops og ikkje minst praksis, korleis dei kan dela evangeliet om Jesus med framande personar på gata.
Elisabeth Vestrum er med på Reach The City for første gong i år. 37-åringen kom tilfeldig over ein workshop i gateevangelisering i fjor haust, og no ønskjer ho å læra meir.
– Eg føler ikkje eg har fått nok utrusting på dette feltet i nokon av forsamlingane eg har gått i, seier Vestrum til Kristelig Pressekontor (KPK).
– Eg hadde falle i fella der eg tenkte at evangelisering var noko enkelte hadde ei gåve for, og heldigvis var ikkje det meg, men no har eg vorte overtydd om at dette er noko alle kan vera med på, held ho fram.
– Enklare å berre ta imot
Leier for OAC i Noreg, Hartvig Kloster, fortel at ideen bak Reach The City er å utrusta deltakarane til evangelisering i praksis.
– Dei skal ikkje berre sitja og lytta, men praktisera. Det meiner vi er ein bibelsk måte å gjera det på, slik Jesus gjorde det, seier han.
Kloster opplever at mange kristne ikkje blir utrusta av forsamlingane sine til evangelisering.
– Eg saknar å sjå meir av dette i kristen-Norge. Det er altfor mykje vekt på å sitja og ta imot og lite merksemd om det å praktisera. Ja, det er ein kamp å skulle dra ut og evangelisera, og det er mykje enklare å berre sitja i ei forsamling. Eg trur denne kampen, kombinert med menneskefrykt og tradisjon, er grunnen til at det er lite praktisk evangelisering i forsamlingane, seier han.
– Kan aldri læra nok
Gunnar Salmelid (21) er med på Reach The City for andre gong i år.
– Ein kan aldri læra nok. Her får vi eit tett fellesskap der vi får dela tru saman og motivera og styrka kvarandre i oppgåva, seier han.
Vestrum er samd i at å bli ein god gateevangelist ikkje er noko som skjer magisk over natta.
– Det er ikkje sånn «woosh, så får du gåva», det er litt meir keisam disiplin. Du må berre stå på og vera trufast og stola på at Gud er med, seier ho.
Eit ønskje om å læra og veksa i tenesta er ei av grunnhaldningane i OAC.
– Som Jesu disiplar er vi alltid elevar, og vi blir aldri utlærd, seier Kloster.
Går i tru
Både andregongsdeltakar Salmelid og førstereisdeltakar Vestrum fortel til KPK at dei tidlegare tenkte at gateevangelisering ikkje var noko for dei, men at dette endra seg når dei kom over den første terskelen.
– Eg har verkeleg følt Guds leiing og opplever at Gud leier rett folk til meg slik at vi kan ha personlege samtalar utan at det blir for pushy, seier Vestrum.
Deltakarane har ei klar oppfordring til andre kristne som kvir seg for å evangelisera til framande.
– Prøv det ut! Finn nokon som driv med det, og bli med. Når du ser at evangeliet blir formidla, ser du at det er heilt ufarlig og utruleg bra, seier Salmelid.
Vestrum fortel at ho sjølv kvidde seg i mange år.
– Det kjem aldri ein dag der du føler deg klar. Du må berre byrja å gå og ha tru på Gud og at han hjelper deg.
Kreativ formidling
På Reach The City blir deltakarane utfordra til å vera frimodige i trua og dela ho på gata.
– Vi utfordrar dei òg til å jobba godt med evangeliet slik at dei kan presentera det på kreative måtar, seier Kloster.
Blant dei kreative teknikkane som blir lærte bort, finn vi mellom anna bruk av sketchboards, gospeltrylling og det å kunne koka ned vitnesbyrdet sitt om evangeliet til rundt eitt minutt.
– Det er skikkeleg utfordrande, men bra. Eg treng dette, seier Elisabeth Vestrum. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!