Sambåndet

Fredag 30. juli 2021
RSS
KORONA: Kvite evangelikale er den gruppa av kristne i USA som i høgast grad kjenner på svekka tilknyting til forsamlinga si samanlikna med før koronapandemien. ILLUSTRASJONSFOTO

Pandemien gir lågare forsamlingstilknyting

Nesten halvparten av dei spurte i ei undersøking svara at dei kjenner lågare tilknytning til den kristen forsamlinga si no enn før koronapandemien.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor den 2. januar 2021.

Ei fersk amerikansk undersøking frå den uavhengige forskingsorganisasjonen PRRI (Public Religion Research Institute) tar for seg innverknaden koronapandemien har på religiøst liv.

I rapporten sin skriv PRRI at dei fleste religiøse gruppene ser pandemien som ein betydeleg grunn til bekymringar, men at politiseringa av pandemien har resultert i store forskjellar i støtte til restriksjonar, oppfatningar av pålitelege styresmakter og religiøs praksis.

Sjølve undersøkinga vart gjennomført i september 2020, før talet på smitta auka i oktober og november.

Evangelikale skil seg ut

SKIL SEG UT: Kvite evangelikale var den einaste religiøse gruppa som ikkje hadde koronapandemien på topp tre som kritisk viktige saker i september då PRRI-undersøkinga vart gjennomførd. FOTO: PRRI

Eit fleirtal av amerikanarar (60%) og fleirtal av dei fleste religiøse grupper svarer at koronapandemien er eit kritisk problem. Pandemien er ei topp otte blant svarte protestantar (79%), latinamerikanske katolikkar (72%), medlemmer av ikkje-kristne religionar (70%), religiøst ikkje-tilhøyrande amerikanarar (66%), andre kristne (62%), kvite katolikkar (58%), kvite hovudlinjeprotestantar (55%) og latinamerikanske protestantar (54%).

Kvite evangeliske protestantar er den einaste religiøse gruppa der viruspandemien ikkje rangerer blant topp tre av kritisk viktige saker, med berre 35% som seier problemet er kritisk. Dei rangerer i staden abortsaka, eit rettferdig presidentval og terrorisme på topp tre.

Religiøs tilknyting under pandemien

Undersøkinga viser at blant amerikanarar som deltar på gudstenester minst eit par gonger i året, seier nesten halvparten (47%) at dei føler seg mindre knytt til den religiøse forsamlinga si no enn før pandemien. Omtrent ein tredel (32%) seier at dei føler same nivå av tilknyting, og omtrent ein av fem (21%) seier at dei føler seg meir tilknytt.

Desse mønstera går ifølgje PRRI igjen for dei fleste religiøse grupper, bortsett frå kvite evangeliske protestantar og kvite katolikkar, som har større sannsyn for å føla seg mindre knytt til (høvesvis 54% og 55%) og mindre sannsyn for å føla seg meir knytt til kyrkjene sine eller religiøse forsamlingar (10% kvar).

Religiøse unntak for sosiale samlingar

Meir enn fire av ti amerikanarar (44%) støttar at kyrkjer og andre religiøse organisasjonar skal kunna halda fram med å halda fysiske samlingar, sjølv når regjeringa har gitt ordrar som avgrensar sosiale samlingar på grunn av koronavirus, samanlikna med eit fleirtal av amerikanarane (54 %) som er imot dette.

Også her skil kvite katolikkar og evangelikale seg noko ut med høvesvis 59 og 75 prosent som meiner at kyrkjer bør få halda fysiske samlingar sjølv når styresmaktene elles strammar inn på sosiale samlingar. Hos dei fleste andre kristne gruppene er fleirtalet imot unntak for kyrkjer og religiøse samlingar, men forholda er i mange tilfelle jamt (sjå tabell).

JAMT: I mange religiøse grupperingar er det jamt mellom dei som støttar at religiøse samlingar bør få unntak for smittevernsrestriksjonar og dei som er imot unntak. FOTO: PRRI

Ein firedel trur Gud vil verna truande

Omtrent ein av fire amerikanarar (23%) er samde i at «Gud påskjønner alltid dei som har tru med god helse og vil verna dei mot å bli smitta av koronavirus», medan tre av fire er usamde (76%), inkludert eit fleirtal som er heilt usamd (56%).

Svarte protestantar (52%) og latinamerikanske protestantar (39%) er mest sannsynleg samde om at Gud vil verna dei truande mot koronavirus. PRRI påpeikar at desse gruppene likevel er blant dei med høgast sannsyn for å rapportera at dei alltid er iførte munnbind når dei går ut offentleg, og til å seia at påbod og restriksjonar er rimelege forsøk på å verna menneske.

Færre enn tre av ti kvite evangeliske protestantar (29%), spanske katolikkar (29%) og andre kristne (23%) er samde i påstanden om Guds vern. Endå færre kvite hovudlinjeprotestantar (19%), ikke-kristne religiøse amerikanarar (17%), kvite katolikkar (15%) og religiøst uavhengige amerikanarar (10%) er av denne oppfatninga

Fleirtalet aksepterer smittevernsrestriksjonar

Rundt tre av fire amerikanarar (76%) seier at lockdown, munnbindpåbod og andre smittevernsrestriksjonar vedtatt av statlege og lokale styresmakter sidan pandemien starta, er rimelege forsøk på å verna menneske, medan 23% seier at dei er urimelege forsøk på å kontrollera menneske.

Fleirtalet av alle religiøse grupper seier at desse tiltaka er rimelege forsøk på å verna menneske. Meir enn sju av ti ikkje-kristne religiøse amerikanarar (84%), religiøst uavhengige amerikanarar (81%), kvite katolikkar (79%), kvite hovudlinjeprotestantar (76%) og farga protestantar (71%) er samde i at desse tiltaka er rimelege.

Kvite evangeliske protestantar skil seg ut som minst sannsynleg å vera samde om at desse tiltaka er rimelege (59%) og har større sannsyn for å meina at desse handlingane er urimelege forsøk på å kontrollera menneske (39%). KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Olsok blir feira til minne om Olav den heilage, men han var slett ikkje åleine blant dei norske kongane om å bidra til innføringa av kristendommen i Noreg.

I desse dagar er det 100 år sidan det nokre vil rekna som den fyrste Bibelen på norsk, vart tatt i bruk her i landet.

Det er et sterkt møte med den forfulgte kirke i Kina på Ungdomscampen, og ungdommene er engasjerte.

Ruben Lie Monsen søkte på lærerjobb på den nye Sjøholt Folkehøgskole. Han ble i stedet tilbudt stilling som assisterende rektor.

Det er et variert program på Kveldsåpent, Lyngdal Bibelcamps tilbud til godt voksne.

Copyright © Sambåndet 2021