VISJON: - Kan vi få hjelpa nokon til å setja beina under seg - få trua på seg sjølv til å gå med faste skritt - er det visjonen bak denne skulen. Det er det vi ynskjer, sa generalsekretær Erik Furnes i ImF under opninga av Sjøholt folkehøgskole. FOTO: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

– Menneske er det viktigaste på Sjøholt

Under den offisielle opninga av Sjøholt folkehøgskule fortalte generalsekretær Erik Furnes i ImF om ei oppleving som hadde opna augo hans.

I helga var det duka for opning av Sjøholt folkehøgskole (FHS). Fredag var det middag og fest for inviterte gjester, og då var det alt frå entreprenørar, ordførar, eigarstyre, media og støttespelarar i prosessen for å få Sjøholt FHS dit skulen er i dag, som var invitert.

Mange stod på talarlista, og ein av dei var naturleg nok rektor Lars Johan Klokk. Han fortalte mellom anna om Jan Eggums song «Toya». Den handlar om ein litt klønete, stygg andunge som viste seg å vera ei svane, ei vakker svane.

– Eg vonar at denne skulen skal bli ei vakker svane i utdanningssystemet, med eit tilbod for dei som verkeleg treng det, sa Klokk.

Rektoren peika på at ImF har satsa stort på denne skulen, og han dro ein samanlikning til Eggums songtekst.

MARKERING: Rektor Lars Johan Klokk gledde seg over å kunne markera at skulen har starta opp. FOTO: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

– Brusa med fjørene

– Mange av dei elevane vi får inn, er ikkje slike som har fiksa alt. Dei har vore litt klønete på skulen, kanskje har dei blitt trakka på, kanskje har dei blitt mobba, kanskje har dei opplevd mykje vondt i skulesamanheng. Vi skal vera med på å heia på dei, og måtte dei gå ut herifrå som ei svane og få brusa med fjørene og kjenna på det. Det måtte vera heilt fantastisk å få vera med på det. Det kan vera ei håpets havn for mange å koma hit. Og vårt mål er å ta vare på dei på ein skikkelig måte – sjå dei, løfta dei og gi dei framtid, sa Klokk i talen sin.

På spørsmål om korleis det var å ha nådd fram til opningshelga, svarar Klokk at det kjennes litt rart og veldig greitt på same tid.

– Det er veldig fint å få markera at vi har starta opp. Vi er godt i gong med ein fin elevflokk, og skuleanlegget er snart klart til å ta imot 100 elevar.

Helga

Dei inviterte gjestene under opninga fredag kveld var samansett av folk frå ulike styre, nokre frå bygda og vidare folk som har vore med på dugnad og folk som på ulike måtar har støtta realiseringa av skulen.

– Og ikkje minst også dei som har vore med på byggjearbeidet, seier Klokk.

Laurdagen var det foreldra sin dag, saman med elevane.

– Då summerer vi opp hausten for dei, seier Klokk.

– Kor stolt er du av å visa fram dette?

– Hovudbygninga er blitt eit staseleg hus. Det var eit veldig nedslitt hus vi begynte på, og no er det blitt ein fantastisk fin folkehøgskule, kanskje landets finaste. Det er tilrettelagt for å driva god folkehøgskule.

Skattane

På talarlista var og eigaren av skulen, Indremisjonsforbundet, representert, ved generalsekretær Erik Furnes. Han fortalte at han for nokre veker sidan forsto kor mykje meir menneske er verd enn kroner og øre i dette store prosjektet.

– I mange månadar har eg tenkt at dette handlar om pengar – om alle desse millionane som vi mangar, om korleis vi skal få prosjektet til å gå i hop. Inntil eg for nokre veker sidan høyrte på Ruben (Lie Monsen, assisterande rektor, red.anm.). Han fortalte om kvardagen på skulen og om ungdommane som er komne hit. Om kva for ei reise dei har hatt, og korleis dei opplever å koma på denne skulen. Så gjekk det opp for meg: «Skattane i mørket» – kva er det eigentleg det handlar om, kva er det eigentleg som betyr noko? Det er menneske. Det er menneske som Gud har skapt, som Gud har kjøpt, som Gud har gjort alt for. Umistelege er vi alle oss som er her, og umistelege er alle desse dyre ungdommane. Dei er skattar. Og kan vi få hjelpa nokre av dei som er i mørket, kan vi få hjelpa nokre til å setja beina under seg, til å få ein stø kurs – få trua på seg sjølv til å gå med faste skritt – er det det som er visjonen bak denne skulen. Det er det vi ynskjer, sa Furnes.

Glad

LEIAR: For Odd Christian Stenerud vart vervet som styreleiar arbeidskrevande. FOTO: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Odd Christian Stenerud kom inn i prosjektet som styreleiar, noko som blei til mykje meir enn eit vanleg styreverv. Korleis kjennes det for han med opningshelg?

– Det er fantastisk og noko vi har sett fram til veldig lenge. Samtidig har vi gleda oss over dei elevane vi har hatt her sidan august, og verkeleg fått sett at dette kjem til å fungera.

Stenerud peikar på at det har vore greitt å få prøva det ut med ein liten elevflokk i starten.

– Vi har sett at personalet fungerer godt, vi er så takknemleg for dei.

– Kor stolt er du av resultatet?

– Eg er veldig stolt – og mest takknemleg. For det første har vi opplevd Guds leiing gjennom alt som vi har stått i. Personar har kome til oss med ynskje om å hjelpa oss. Og vi har hatt fantastisk gode folk som har vore med og bygd, som verkeleg har forstått kva dei held på med. Vi har hatt eit felles mål, og det er å bli ferdig med eit stort bygg.

Krevjande

– Det har vore både opp- og nedturar fram til de er kome dit ein er i dag. Du har òg hatt mange roller i denne prosessen. Kor letta er du då over at det no er ferdigstilt – det er kome elevar og personale?

– Eg vil stadfesta at det har vore ein veldig krevjande prosess. Vi har hatt veldig mange utfordringar både på bygg og finansiering. At nokon av oss har hatt ei tung bør å bera på, er det ingen tvil om. Det er gjort ein kjempejobb her lokalt, og ikkje minst også eigaren har verkeleg måtta stått på for å få dette i hamn, seier Stenerud.

Styreleiaren vonar at folk no byrjar å undra seg over kvifor ein gjer dette, i staden for berre å tenkje på at «dette er blitt altfor dyrt».

Innsamling

– For det faktiske er at vi hadde ei konsulentfirma som tok ein sidemannskontroll på alt vi hadde gjort, og konklusjonen var at vi hadde fått mykje for pengane. Samtidig er det ei fattig trøyst når ein måtte ut og be om meir pengar.

– Og det har de gjort, både til kommune, til privatpersonar og ulike instansar. Kva er tilbakemeldingane?

– For det første har eg lyst til å understreka at vi har finansiering på alt vi gjer. Men ImF har sett seg i ei stor gjeld, og dei ynskjer å samla inn penger og utfordra folk til å vera med på å gi. Til no har tilslaget vore under det eg hadde trudd. Eg hapar verkeleg på at vi får merksemd på kva vi skal gjera, kvifor vi har satsa her, kva som er målet vårt, seier Stenerud.

Og målet er å hjelpa ungdommar til å finna kursen vidare.

– Anten du har behov for å ta eit pauseår før du startar på vidaregåande, eller du ikkje har peiling på kva du skal gjera, vil vi ta imot deg. Vi vil vera med på å rådgi elevane, og dei kan kanskje få smaka på eit yrke. Det er mange moglegheiter. Og så ynskjer vi å vera ei håpets havn for dei som har droppa ut av vidaregåande skule midt i skuleåret òg, så kan vi tilby elevplass, utdjupar Odd Christian Stenerud.

KULTURELT: Ole Andreas Høyberg med band deltok med musikk under opninga. Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Siterte Henry Ford

Ole Andreas Høyberg med band deltok med musikk under opninga, og leiar for ImF Sunnmøre, Johan Halsne, kom med ei helsing.

– I ImF Sunnmøre gler me oss stort over dette. Vi er glad for at ImF valde å plassera denne skulen her på Sunnmøre. Eg har hatt gleda av å sjå Knoll og Tott, som eg kallar dei – Lars Johan og Odd Christian – bevega seg i kontorlandskapet vårt til å begynna med. Plutseleg var dei borte, og då forsto me at det var framskritt.

Halsne siterte det han omtale som ein kjent mann som han ikkje trudde gjekk på folkehøgskule: «Å komme sammen er begynnelsen, å holde sammen er framskritt, å arbeide sammen er suksess.»

– Det var det Henry Ford som sa, og dette er eit bevis på nettopp det. Når eg kjem hit no, med bakgrunn i å ha sett skulen slik den var i starten, tenkjer eg på eit sitat frå Paulus: «Det gamle er forbi, se alt er blitt nytt». Ikkje alt er blitt nytt, men det meste, og alt blir nytt til slutt. Det er utrolig flott å sjå. Vi ynskjer lukke til og er glad for å vera ein liten del av dette og ser fram til eit godt samarbeid i åra som kjem, sa Johan Halsne.

HELSING: Ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune valde rektor Lars Johan Klokk som mottakar av kommunale blomar. FOTO: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Ordførar på jobb-jakt

Ordførar i Ålseund kommune, Eva Vinje Aurdal, delte frå si oppleveing av å gå på folkehøgskule. Ho kom òg med ei helsing og beklaga at det ikkje var ein sekk full av pengar.

– Dette er heilt fantastisk, og det engasjementet de har mot ungdommane, er inspirerande òg for meg i den samanhengen eg står. Og så tenkte eg på om de har ein skikkeleg norslærar her. Det kan henda ein dag når eg er arbeidsledig, at eg kan koma og ha lesesirkel her, sa ordføraren med smil om munnen.

Reportasje ved  Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, Radio Sunnmøre. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.