INTERNAT: Slik er skuleanlegget tenkt, med hybelbygg foran hovudbygninga. ILLUSTRASJON: MOLDSKRED AS

Sjøholt-prosjektet har vokst

Når arbeida på Sjøholt folkehøgskole no startar opp igjen, er det som eit endå større prosjekt enn det var i vår.

I nr. 06–07/20 skreiv Sambåndet at byggjearbeida etter planen skulle takast opp igjen i haust. Det skjer i desse dagar.

Etter at koronapandemien sette ein mellombels stopp for byggearbeida i mars, har skulestyret arbeida med ei vidareutvikling av anlegget. I bladet som kom ut før sommarferien, kunne leiar i ImF-styret, Gabriel Pollestad, òg fortelja om planar for eit eige selskap som skulle stå for bygging og drift av dei to internatbygga.

Aukt kostnad

Til eit ekstraordinært møte i ImF-styret 29. august la styreleiar og generalsekretær fram plan for fullfinansiering av skuleanlegget, med oppstart av skuledrift hausten 2021. Kostnadsramma er no på 65 millionar kroner, 25 millionar meir enn sist. For det får skulen endå betre løysingar for elevar og tilsette og moglegheit for sommarhotelldrift.

Eit nytt eigedomsselskap, Sjøholt folkehøgskole Eiendom AS, er under stifting. Det skal eiga dei to nye internatbygga for 90 elevar og det rehabiliterte hovudbygget frå 1935, som skal husa klasserom, gymsal, kjøkken, matsal og rom for ti elevstipendiatar. Bygga skal leigast ut til Sjøholt folkehøgskole AS, som skal stå for drifta av skulen.Finansiering.

Finansiering

Ein såkalla «bindande forhåndsuttale» frå Skatteetaten sikrar at med denne løysinga vil eigedomsselskapet få fullt momsfrådrag for oppføring av internatbygga, kostnadsrekna til 36 millionar, og rehabilitering for 29 millionar av hovudbygget. I planen for fullfinansiering er momsrefusjonen forsiktig rekna til 10 millionar kroner.

Vidare vil ImF søkja om å få auka banklånet frå 40 til 50 millionar og går sjølv inn med to millionar i aksjekapital. ImF-styret vedtok elles å invitera ImF Sunnmøre til å bli medeigar og gå inn med aksjekapital i driftsselskapet. Som eit siste punkt i finansieringsplanen bed styret ImF-administrasjonen om å «hente inn resten av eigenkapitalen frå andre som deler visjonen og ser på investeringa som eit ideelt føremål».

– ImF Sunnmøre har takka ja og går inn med 0,5 millionar i aksjekapital. Så må me arbeida med å få inn resten – 2,5 millionar kroner. Det er eit løft for ImF dette, og det vonar eg givarane legg merke til. Sjøholt folkehøgskole er ei positiv utvikling i den viktige skulesektoren, seier Erik Furnes til Sambåndet.

Framdrift

Odd Christian Stenerud leiar styret for Sjøholt folkehøgskole AS, altså skulestyret. Han er glad for det arbeidet ImF som eigar har gjort med finansieringa.

– Det var stor glede rundt bordet over vedtaket i ImF-styret, og den jobben som er gjort, er heilt avgjerande, seier Stenerud til Sambåndet.

Sidan den mellombelse byggestoppen har det blitt gjennomført ei rekkje prosjektmøte, og skulestyret har lagt ein framdriftsplan for hovudbygget. Dei to internatbygga må byggjemeldast på nytt med nye teikningar.

– Me håpar på rask sakshandsamling i kommunen slik at me kan starte bygginga av internat i midten av oktober. Deler av bygga er prefabrikkert slik at det skal bli fort tett, seier Stenerud.

Verdidokument

Styreleiaren trekkjer fram visjonen for skulen. – Sjøholt er noko nytt i folkehøgskulelandskapet. Vi tilbyr ein kristen folkehøgskule for ungdommar frå 16 år som treng ei pause før vidaregåande, der vi vil gå saman med dei for å motivera og gi rådgiving, slik at dei er motiverte for vidare utdanning, seier Stenerud.

I vinter var det mykje mediemerksemd knytta til verdidokumentet for skulane i ImF, særleg om samlivsetikk. Stenerud er takknemleg for arbeidet som rektor Sven Wågen Sæther har gjort for å revidera verdidokumentet for Ålesund folkehøgskole. ImF-styret vedtok 5. juni å gjera denne teksten gjeldande òg for Sjøholt – utan at synet på ekteskap og samliv er endra.

På generalforsamlinga for Sjøholt folkehøgskole 5. juni vart det òg gjort ei endring av vedtekene for skulen. Tidlegare sto det at tilsette måtte skriva under på verdidokumentet, medan det no står at dei må «vise lojalitet» til det som står der.      

– Me trur det nye verdidokumentet kommuniserer betre, seier styreleiar for Sjøholt folkehøgskole AS, Odd Christian Stenerud.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.