NY JOBB: Vegard Hetlebakke blir ny dagleg leiar for Nordhordland Indremisjon. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Han skal leia Nordhordland Indremisjon

26 år gamle Vegard Hetlebakke blir ny leiar i Nordhordland Indremisjon.

Styret i Nordhordland Indremisjon har tilsett 26 år gamle Vegard Hetlebakke som ny krinsleiar, går det fram av ei pressemelding. Han startar umiddelbart i delar av stillinga, for så å utvida etterkvart til heil stilling.

Hetlebakke var fram til august tilsett i barne- og ungdomsarbeidet i indremisjonskrinsen, men slutta då for å ta vidare utdanning. I tillegg overtok Vegard Hetlebakke deltidsstillinga som vaktmester i Betania studentfellesskap i Laksevåg i Bergen, saman med kona.

Tre søkjarar

No var han ein av tre søkarar til stillinga som dagleg leiar i krinsen han nyleg forlot, og han var den styret valde å tilsetja.

Han vil få hovudansvaret for å leia arbeidet i krinsen, men stillinga innber også ein god del forkynnararbeid.

– Takksame

– Vi er takksame for at dette har løyst seg så godt etter at begge leiarstillingane i krinsen vart ledige i haust, seier styreleiar Ove Fotland.

Som Sambåndet meldte i novembernummeret, har Bjarte Vesetvik (42) nett starta i stillinga som kontorleiar, ei stilling som også skal avlasta krinsleiaren i det administrative arbeidet.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.