NY KURS: – Som odelsgut var eg programmert frå eg var barn til at eg var den som skulle ta over heimgarden, seier Lars Stian Tveit, her på tunet på garden han kunne vore eigar av. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Lars Stian skulle drive gard. Så kom Gud

Då Gud kalla på han, bestemde gardbrukar Lars Stian Tveit seg for å seie frå seg odelsretten og gå «all in». Han har aldri angra.

Vi møter 71 år gamle Tveit på tunet på heimgarden med same namnet. Garden ligg snøkledd og blenkjer i solskinet ei halv mil nord om Drangedal sentrum. Våningshuset han vaks opp i, står sør for gardsplassen, villaen han bygde til seg sjølv og familien, på ein knaus midt imot. Fjøset er rett ved, og rundt ligg jorda og all skogen. Det var denne herligdomen han skulle overta og drive. Det hadde han vore innstilt på frå han var liten gut. Alt peikte i den leia.

Så kom Gud.

Programmert

Året er 1987. Lars Stian er 37 år og godt inne i alle rutiner på bruket han skal ta på odel. Som førebuing har han jobba attmed faren heile oppveksten og teke agronomutdanning i Lyngdal.

I 1971 giftar han seg med Marit, og dei får tre barn. Livet blomstrar. Det moderne huset på den flotte tomta med utsikt over garden, er eit bevis på kva dei planlegg. Dei har slått rot i den jorda slekta har dyrka i over 300 år. Lars Stian er berre den siste i rekkja.

– Som odelsgutt var eg programmert heilt frå eg var barn til at eg var den som skulle ta over. Det var det eg vart opplært til av far min. Det var dette eg skulle, seier Tveit.

ANGRAR IKKJE: Lars Stian Tveit, alltid med Marit ved sida si, vart utfordra til å arbeide for Ungdom i Oppdrag. – Det verka som ein heilt vill idé, seier han. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

35 år seinare er han pastor i Frikyrkja i heimbygda. Frå Drangedal har han med undring fylgd debatten rundt The Send, som vert arrangert i Telenor Arena til sommaren. Det har han gjort i ljos av si eiga kallshistorie og misjonslivet han har levd sidan han la familiegarden bak seg.

– Ein vill idé

Tidleg på 80-talet kjem familien i kontakt med misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag (UIO) og familiearbeidet deira. Mot slutten av tiåret skal Lars Stian etter planen ta over stadig meir av faren sitt ansvar på garden. Samstundes er dei dregne mot familiearbeidet.

I 1987 er familien på fem på familieleir i UIO-regi. På Geilo treff dei Judith og Ingvar Torvik som er nestorar i dette arbeidet. Dei blir mentorar for paret, og ei tid med endring tek til.

– Tanken om å ta over garden var der framleis, men så vart Marit og eg spurde om vi ikkje kunne vere med å ta ansvar i denne delen av UIO sitt arbeid, fortel Lars Stian.

Samme hausten møter dei Inger Johanne og Kjell Magnus, foreldra til Alv Magnus som då var leiar for Ungdom i Oppdrag. Lars Stian fortel historia med eit smil:

– Dei utfordra oss til å kome og jobbe for UIO. Det verka som ein heilt vill idé å skulle bryte opp frå alt og ikkje ha fast løn. Det var liksom inga enkel avgjersle.

Utfordringa sette i gang ein tankeprosess hjå han. Etter mange år med slit i skogen var odelsguten ikkje så sikker lenger på at det var kallet hans i livet å drive garden han var fødd til å ta over. Kanskje skulle dei heller dra til UIO sin hovudbase på Grimerud gard i Stange?

Krig i tankane

Ei helg på Grimerud tok vekk all skepsisen. Møtet med staden og UIO-staben blei avgjerande.

VANSKELEG VAL: – Skulle eg skrive frå meg heimgarden? Det vart litt krig inni meg, seier Lars Stian Tveit om valet han måtte ta då Gud kalte han. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Det vart ei stadfesting på at vi skulle flytte på oss. Samstundes låg det med heimgarden framme i tankene mine. Skulle eg skrive han frå meg? Det blei litt krig inni meg. Eg hadde gjennomgått programmet som var lagt opp for meg, og det var liksom opplagt at eg skulle drive Tveit-garden. Men så kom denne utfordringa, og eg vart møtt av Gud. Det var dette kallet som endra alt, kallet til å vere med i misjonsteneste, seier Lars Stian.

Det var ikkje det dei kalla det den gongen, men dette var odelsgutten si personlege «all in»-oppleving. Skulle han satse alt på noko anna enn det planlagde, og gå ut av det opptrakka sporet?

Familien bestemde seg for å dra, og i heimbygda var det ikkje berre forståing å få. Ein kunne då ikkje berre reise frå gard og grunn og odelsrett!

– Det kom ein del verbal motstand. Heile odelsgreia handlar om at son fylgjer far, så oppbrotet herifrå var så som så. Eg braut med ein tung tradisjon og ein regel, seier Lars Stian, som let lillebroren sin, Tyke, ta over garden. Dermed vart han verande i slekta.

Kjenner fallgruvene

– Kva med all in-debatten? Ein del unge har brent seg i ulike kristne samanhengar?

– Eg tenkjer at skepsisen er øydelegjande. Det er kanskje godt meint, men den vert eit hinder, og The Send blir dratt ned. Vi treng i staden å støtte ungdomen. Eg trur The Send vil skape noko nytt. Eg har vore med på misjonsarbeid så lenge, og eg kunne ikkje ha gjort det om eg ikkje hadde gått heilt inn for det. Og det er betre å gjere ein feil enn ikkje å gjere noko i det heile. Så eg sender gjerne ungdom frå kyrkjelyden til Fornebu til sommaren.

Lars Stian tykkjer det er trasig at somme har brent seg når dei har satsa alt på å leve for Gud.

– Mange leiarskap burde gått i seg sjølv, men vi må ta vare på ungdomsiveren. Einar Lundby sa at dei eldre skulle ha ungdommen sin iver og dei unge dei eldre sin visdom, seier Lars Stian, som saman med Marit har vore eit slag ekstra-foreldre for ungdomar i oppdrag.

Han er klar over fallgruvene og har sjølv ramla i nokre av dei:

– Eg har vore utbrend eit par gonger, fordi eg arbeidde for hardt. Å vere både pastor og å drive med hjelpesendingar til Aust-Europa tok på. Men det er eit ansvar eg må bere sjølv. Alt har vore i teneste for Herren, og Gud er ikkje den som pushar oss, seier pastoren.

I AUSTERLED: Lars Stian Tveit og familien fekk mellom anna ei teneste som har ført dei på over 100 bussturar til Aust-Europa med hjelpesendingar. Foto: Privat.

Han er lite glad i avisdebattane om The Send og ynskjer ikke å gå i rette med einskildpersonar.

– Men eg vil gjerne oppmuntre ungdom til å satse alt for Jesus. Det gjev mykje velsigning.

Angrar ikkje

– Har odelsguten aldri angra på livsvalet sitt?

 – Nei. Eg har absolutt aldri angra, for eg ser all velsigninga Gud har gjeve oss og andre gjennom arbeidet. Vi har fått ein så mykje større rikdom enn om vi var blitt att på garden.

Etter seks år flytta familien attende til Drangedal der Lars Stian etter nokre år vart pastor i Frikyrkja. Familien blei også sterkt involvert i eit arbeid med hjelpesendingar til Aust-Europa då Jernteppet fall. Som bussjåfør har han køyrd minst 100 turar til Baltikum, særleg Latvia.

Hjelpearbeidet der har gitt mykje. Mange fattige er hjulpne med mat og klede, gudsord og husrom. Etter nær 30 år er det no slutt, men engasjementet i Drangedal kan ikkje gløymast.

– Heile bygda har vore med, og dei som ikkje er kyrkjegjengarar, har gitt mest. Eg har dessutan lært at du sjeldan får noko frå dei rike, men vanlige folk gjev gjerne, seier pastor Tveit.

– Det var flyttinga frå garden som førte oss inn i dette. Vi byrja medan vi var i UIO, og vi heldt fram etterpå. Det har vore ei stor velsigning å få bli med i den tenesta. Det er det som skjer når ein gjev heile livet sitt til Gud, og eg måtte, som det heiter, gå «all in». Vi har vore heldige og fått vere i Guds teneste fordi vi valde å bryte opp frå det vanlege livet vårt og fylgje Gud som den ledestjerna han er for oss. Og han er den beste sjefen, sier odelsguten frå Tveit. KPK

Reportasjen er laga av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.