NATTVERD: Ein middag i Knut Renslemo sin regi vert gjerne innleia med nattverd. Foto: Privat.

Lagar nattverdssett til heimebruk i vanskelege tider

  – Slik tidene er no, vil det i framtida vere fleire som må møtast i heimane for å halde kristne møte og oppbygging, trur Knut Renslemo.

I Hallingdal sit ein 82-åring og lagar nattverdssett til heimebruk. Slike trur han det vil bli mykje bruk for i åra som kjem.

Knut Renslemo hadde ein kristen oppvekst, men venta heilt til han vart 57 før han tok eit klart kristent standpunkt. Sidan har han brukt all tida si og kreativiteten sin på å spreie den kristne bodskapen og på å fornye kristne sitt andelege medvit.

Arbeidet med nattverdssett er ein del av denne innsatsen, for i framtida trur Renslemo at kristne vil oppleve vanskelege tider.

– Slik tidene er no, vil det i framtida vere fleire som må møtast i heimane for å halde kristne møte og oppbygging. Då kan desse setta bli nyttige når dei skal feire nattverd, trur han.

Derfor byrja han like godt å produsere slike sjølv.

Les óg: Fri nattverd (leiarartikkel)

Kasserte trestykke

Historia startar i ein snekkarverkstad. Der såg Renslemo ein haug kasserte trestykke som låg slengt på golvet.

«Dei skal brennast», sa snekkaren.

«Nei! Dei er altfor fine til det», kom det frå Renslemo. Han har alltid har vore ein kreativ kar og byrja å tenkja på kva trevirket kunne nyttast til.

Der og då oppsto ideen om å lage nattverdssett av desse materiala, og dei siste to åra har han laga mange slike sett med tanke på heimebruk.

Ekte

Kvart sett består av ei tjukk treplate med plass til sju nattverdsbeger. Alle begra er sett inn med ein olje som gjer at ein kan drikke av dei. Treplata har Renslemo designa og dekorert, og det er viktig for han at dei ikkje ser masseproduserte ut. Om materiala har vore skakke og hatt hakk, har han halde på dette for at det skal sjå ekte ut.

– Dette er eit møbel som skal stå framme og nyttast jamnleg, ikkje ein skjult skatt som takast fram ved heilt særskilte høve, seier han til Kristelig Pressekontor.

Han omset setta på nettet og er for tida utseld og i gang med å lage nye. Han er ikkje så oppteken av store salstal, men glad for at fleire vil ha dei, så 82-åringen vil halde fram med å produsera setta så lenge han har krefter til det.

Nattverd først

HÅNDVERK: Knut Renslemo lager nattverdssett i verkstedet sitt på hjemgården i Hallingdal. Han tror det vil bli mer bruk for slike sett i kommende tider. Foto: Privat.

Knut Renslemo er utdanna kokk. Det merker ein når ein kjem på middagsvisitt. Ein middag i Renslemo sin regi har dessutan ei spesiell innleiing, for først er det nattverd. Han er oppteken av kva tyding nattverden har, så det er ikkje tilfeldig at han lagar nattverdssetta.

Idét vi kjem, er middagen ferdig og bordet dekka. Knut har for dette høvet kledd seg i finstasen. Det er tydeleg at han veit korleis ein skal gjera eit måltid attraktivt. Han inviterer til bords, men sjølv vert han ståande. Han syner oss nattverdssettet som er klart til bruk. Brødet og vinen er gjort i stand.

– Dette har ein venn av meg og eg gjort kvar torsdag i 12 år, seier han og fortel om det han kallar Øvre sal. I Bibelen var dette rommet der Jesus og disiplane var samla då Meisteren innstifta nattverden. I Gol der Renslemo bur, ligg Øvre sal i eit ombygd stabbur på gardstunet.

Teologi

Renslemo drøymde om å bli prest, men vart det aldri. Nattverdsteologien hans er nokså enkel. Han sluttar seg korkje til den katolske læra om transsubstansiasjon – at vinen fysisk vert til Jesu blod og brødet til lekamen hans – eller den lutherske forståinga av nattverden som sakrament. Han heller i staden mot Zwinglis oppfatning av nattverden som minnemåltid.

– Nattverden er viktig, ikkje fordi vi kan måla at vi er betre eller dårlegare enn dei som ikkje tek del i han, men fordi det gjer noko i den andelege verda. Vi inntar nattverden for å ta vare på og halde ved like det personlege tilhøvet til Gud og kvarandre, seier Renslemo.

Så les han frå Bibelen og seier fram takkebønna for det Gud har gjort for oss menneske. Deretter bryt han brødet og heller vinen i begra – frå det eigenproduserte nattverdssettet. Slik skaper han ei innvigd stund før det neste måltidet: middagen.

Seint truande

Knut Renslemo er fødd og oppvaksen på Svenkerud gard i Gol i Hallingdal der han framleis held til. Han var godt van med kristen forkynning. Sjølv om han eigentleg tenkte å bli prest og arkitekt, førte tilfellet til ei anna karriere. Som ung jobba han først på fabrikk og drog så til sjøs. Han opplevde mykje fint, men sto óg midt i livsfarlege og dramatiske hendingar som kunne ha endt ganske ille.

Kokk

Heime hadde han lært å finna gode løysingar på praktiske oppgåver, og han har ofte nytta seg av kreativiteten sin. I oppveksten lærte han også å laga mat, så om bord vart han sett til å jobbe i byssa.

Det vart utløysande for Knuts lange karriere som kokk. Då han gjekk i land, vart han kjøkkensjef. Etter kvart kjøpte han fotballrestauranten på Ullevål stadion og serverte mange prominente gjester der, mellom dei kong Olav.

Fødd på ny

Oppveksten i ein kristen heim vart ein verdfull ballast, og som vaksen har Knut bedt Fader vår kvar kveld, men lenge utan å ta noko personleg standpunkt for Gud. Kallet var likevel der, og etter ein lang og dramatisk prosess høyrde han ei tydeleg tiltale frå Gud i stova heime på Svenkerud. Der opplevde han bli fødd på ny og eit heilt nytt livsperspektiv. Knut måtte bli 57 år før det nye livet kunne starta, og det vart eit tydeleg før og etter.

Interessa for kokkefaget og kreativiteten var intakt. No brann Knut for å dela det han hadde opplevd, og sidan har han formidla trua i ulike former. Sjølv i hans høge alder ser det ikkje ut til at energien og kreativiteten har minka.

Forfattar

Renslemo har skrive fleire bøker, mellom anna ei kokebok med bibelvers. Ho er den einaste i sitt slag, trur han. Han har óg gjeve ut bok om frimurarane, som han sjølv var ein del av, men i dag advarer mot. No er han komen langt med ei bok om endetida, eit tema han var oppteken av allereie som skolegut.

– Endetida har vore ein del av meg heile livet mitt, fortel Knut som har skrive 300 sider om dette i boka som skal heite Når krisen oppstår. Nattverdssetta er et annet bidrag fra hans hånd med tanke på kommende krisetider. KPK

Artikkelen er skriven av Terje Kingsrød, Kristelig Pressekontor.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.