NYTT: Kommunikasjonsleiar Anne-Kristine Bjørgsvik Wiecek i Frikyrkja er ansvarleg redaktør for kyrkjesamfunnet sitt nye magasin, som har fått namnet Veien. Foto: Ole Andreas Husøy.
Frikyrkja har lansert nytt uavhengig magasin
Frikyrkja sitt nye trykte magasin, Veien, vart lansert då kyrkjesamfunnet sitt synodemøte starta i Oslo fredag. Anne-Kristine Bjørgsvik Wiecek er redaktør for bladet.
I første omgang fekk delegatane på synodemøtet i hende ei 12 sider stor prøveutgåve på papir. Til hausten kjem det første ordinære nummeret av magasinet, som vert på 36 sider.
Det nye magasinet vil bli gratis tilgjengeleg på nettet. Dei som ynskjer papirutgåva tilsendt, må abonnere på ho.
Veien vil innehalde fleire faste spalter, slik at det blir nokre «veimerke» lesarane vil kjenne att i kvart nummer.
Nedlagt papirutgåve
Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja la ned papirutgåva av organet sitt, Budbæreren, i 2019. For eit år sidan vedtok synodemøtet, trussamfunnet si generalforsamling, at det skulle koma eit nytt magasin, med uavhengig redaktør.
– Vi er stolte og glade for å lansera eit heilt nytt konsept. Vi står på skuldrane til dei mange som har laga Budbæreren, og no ser vi framover og voner mange vil lese Veien, seier kommunikasjonsleiar i Frikyrkja, Anne-Kristine Bjørgsvik Wiecek.
Skal fylgje VVP
I det nye magasinet står det at redaksjonen skal fylghe Vær Varsom-plakaten (VVP) og Redaktørplakaten, og at Veien, slik Budbæraren har vore fram til no, er medlem i bransjeorganisasjonen Fagpressen.
Wiecek er ansvarlig redaktør for Veien og får Geir Arne Johansen, Sondre Topland og Martin Hasseleid med seg i redaksjonen.
Felt i PFU
Kommunikasjonsleiar Wiecek i Frikyrkja skal vera redaktør i ei 40 prosents stilling.
24.mai vart Budbæreren og Wiecek felt i Pressens Faglige Utvalg (PFU) for brot på god presseskikk. PFU syner til VVP-paragraf 2.2 der det står at «Redaktøren [skal] verne om sin uavhengighet, integritet og troverdighet» og «Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindinger som kan skape interessekonflikter eller føre til spekulasjoner om inhabilitet.»
«Etter PFUs mening er det å være kommunikasjonsleder for egen utgiver ikke forenlig med samtidig å være redaktør», står det i uttalen frå utvalet.
Kristelig Pressekontor har bede Wiecek kommentere fellinga i PFU sidan ho no ser ut til å halde fram i ei dobbeltrolle, men ho har avvist å uttale seg om saka.
Les òg: Diskusjon i Frikyrkja: Blir redaktøren uavhengig nok?
Nøgd
Ole Angell, utsending frå Oslo Austre Frikyrkje, var den som på synodemøtet i fjor fremma framlegget om å starte eit nytt magasin. Han er godt nøgd med prøveeksemplaret og tykkjer det lovar godt for vegen vidare.
– Eg hadde fått tilbakemeldingar frå mange som sakna Budbæreren, og eg er einig i at det er viktig med eit papirbasert magasin i tillegg til digitale løysingar. Derfor fremma eg framlegget i fjor, seier Angell. KPK
Artikkelen er skriven av Ole Andreas Husøy og Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!