Innlegg

FRITT BLAD: Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja gjev ut eit nytt magasin til sommaren. Biletet syner Austre Frikyrkje i Oslo. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Diskusjon i Frikyrkja: Blir redaktøren uavhengig nok?

Frikyrkja kjem om kort tid med eit nytt papirmagasin. – Det er viktig at redaktøren er uavhengig av leiinga i Frikyrkja, seier eks-redaktør.

Per Eriksen var tidligare redaktør i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja sitt hovudorgan, Budbæreren. Han er blant dei som har sakna papirutgåva av bladet etter at ho vart lagt ned for to år sidan. Når Frikyrkja snart skal gje ut eit nytt magasin på papir, legg han stor vekt på at bladet vert redigert uavhengig av leiinga sine føringar.

Info-leiar vert redaktør

No er det likevel klart at det er Frikyrkja sin kommunikasjonsleiar, som er ein del av leiinga for kyrkjesamfunnet, som blir redaktør for det nye magasinet.

Eks-redaktør Eriksen har før kritisert Frikyrkje-leiinga for å gjera kyrkjesamfunnet toppstyrt. Han knyter kritikken til nedlegginga av Budbæreren på papir og legg vekt på at redaktøren for det nye magasinet som kjem før sommaren, vert styrt etter presseetiske reglar. Han viser til Redaktørplakaten som legg stor vekt på at redaktøren er uavhengig.

– Kor viktig er det at kyrkjesamfunnet sitt organ vert redigert etter Vær Varsom-plakaten og Redaktørplakaten?

– Det er kjempeviktig. Det har vore viktig også tradisjonelt at redaktøren for Budbæreren har redigert bladet etter desse plakatane. Det er viktig at redaktøren er uavhengig av Frikyrkja si leiing, seier Eriksen til Kristelig Pressekontor.

– Overstyrt

I november 2019 – då vedtaket om å leggja ned Budbæreren på papir vart kjent – sa Eriksen til Vårt Land at Frikyrkja meir og meir var blitt ein overstyrt organisasjon på bekostning av kyrkjelydar og medlemmer.

– Då eg var redaktør, var vi opptekne av at Budbæreren var abonnentane sitt blad, ikkje leiinga sitt. Vi skilde veldig tydeleg mellom kyrkjesamfunnet si leiing og redaktøren. I dei siste åra har informasjonsleiaren i Frikyrkja vore ansvarleg redaktør. Det er ei rolleblanding, sa Eriksen til avisa.

Reaksjon

5.juni i fjor la synodemøtet – Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja si «generalforsamling» – inn ei klar bestilling til den sentrale leiinga i kyrkjesamfunnet om å: «… iverksette arbeidet med et nytt Frikirkens magasin i papirformat med en uavhengig redaktør, med ambisjon om at første utgave kommer innen sommeren 2022».

Dette skjedde etter at synodestyret i oktober 2019 vedtok at det då 136 år gamle hovudorganet Budbæreren, ikkje lenger skulle gjevast ut på papir. Det vart gjennomført året etter.

Vidare vedtok synodestyret at «Frikirkens informasjons- og kommunikasjonsarbeid skal være et verktøy for synodens og hovedkontorets ledelse». Synodemøtet sitt vedtak om nytt magasin vert av mange sett på som ein reaksjon på synodestyret si avgjerd om å leggja ned Budbæreren på papir. Ulike kjelder uttrykkjer misnøye både med nedlegginga, måten det fann stad på, og synodestyret si formulering om kva budbareren.no skal vera.

Arbeidet med magasinet er no kome langt, og den første utgåva er venta å koma til sommaren. Truleg vil det vera klart til synodemøtet som skal haldast i Oslo 10.–12. juni.

UENDRA: – Anne-Kristine B. Wiecek vil som redaktør for det nye bladet få same rolla som ho hadde tidlegare, seier synodeformann Jarle Skullerud. Bildet er frå ein Awana DNA-konferanse. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Dobbeltrolle

Anne-Kristine B. Wiecek er i dag «leder for administrasjon, kommunikasjon og service (AKS)». Ho er også redaktør for budbareren.no. Denne nettstaden vil endra namn når det nye magasinet kjem. I januar gjekk det ut ei intern «pressemelding» til Frikyrkja sine kyekjelydar der det går fram at Wiecek vert redaktør også for det nye magasinet. KPK får stadfesta dette hjå synodeformann Jarle Skullerud.

– Korleis harmonerer det med synodemøtet sitt vedtak – om at redaktøren skal vera uavhengig – at kommunikasjonsleiaren får den nye redaktørstillinga? Kan redaktøren vera uavhengig med si nære tilknyting til synodestyret?

– Dette er same kombinasjonen som ho har hatt som kommunikasjonsleiar og redaktør av Budbæreren. Eg har ikkje oppfatta at det er dette som har vore kritisert gjennom vedtaket om å utgi eit nytt magasin. Wiecek vil som redaktør for det nye bladet få same rolla som ho hadde. Derfor har vi oppfylt vedtaket, meiner Skullerud.

Sjå intervju med Anne-Kristine B. Wiecek lenger nede i artikkelen.

– Ikkje informasjonsblad

Gudmund Noddeland Myhren var ein av dei som sto bak framlegget om eit nytt magasin under synodemøtet i fjor. Han seier:

– Budbæreren har etter mi oppfatning tidlegare fulgt vanleg presseskikk og vore medlem av dei relevante presseorganisasjonane. Det viktigaste for oss som kjem med forslaget, er at det nye magasinet skal vera eit journalistisk produkt og ikkje berre eit informasjonsorgan for Frikyrkja si leiing. For min del handlar det mest om at redaktøren ikkje skal driva med informasjonsarbeid, men journalistikk.

– Men blir det ikkje rolleblanding når redaktøren alt er kommunikasjonsleiar og dermed ein del av Frikyrkja si sentrale leiing?

– Ideelt sett skjønar eg at redaktørstillinga burde vore fristilt, men det blir den same rolla som dei tidlegare redaktørane Geir Øystein Andersen og Per Eriksen har hatt. Dei har greidd å balansere det høveleg greit, meiner Noddeland Myhren.

Geir Øystein Andersen var redaktør for Budbæreren i eit par år. Han meiner det kan vera på sin plass å diskutera om redaktøren i det nye magasinet bør ha fleire hattar samstundes.

– Det er ein grei diskusjon å ta utan at det er grunn til å lage religion av det, seier han.

Andersen ser vedtaket om eit nytt magasin som ei form for reaksjon frå kyrkjelydane på nedlegginga. Han trur saknet av ei papiravis har vore der, men at få har tenkt prinsipielt kring det presseetiske og journalistiske knytta til punktet om uavhengig redaktør.

Eks-redaktør Per Eriksen seier fylgjande om kor vidt vedtaket om uavhengig redaktør no vert fylgt opp:

– Det er eit definisjonsspørsmål og ei mogeleg problemstilling. Eg vil ikkje seia så mykje meir enn dette.

Synodeformann Jarle Skullerud kommenterer Eriksen sine ulike utsegner slik i ein e-post: «Jeg registrerer at Per Eriksen gjentar det som var temaet før og under synodemøtet i juni i fjor. Synodens vedtak fremskyndet arbeidet med et nytt magasin. Nå håper jeg at vi får anledning til å lansere det nye magasinet, og gi ut noen eksemplarer, før man feller en dom. Magasinet skal ha en uavhengig redaktør, og pr nå vil den stillingen kombineres med annen stilling på hovedkontoret. Jeg er trygg på at redaktøren vil utøve sin selvstendighet på en god måte, slik hun i dag gjør på debattsidene.»

GLAD: – Kyrkjelydane ga eit viktig signal gjennom sitt vedtak i juni om kor viktig det er med ein uavhengig redaktør, seier Budbæreren sin redaktør Anne-Kristine B. Wiecek. Foto: Privat.

Kommunikasjonsleiar Anne-Kristine B. Wiecek i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja vert altså redaktør for det nye magasinet trussamfunnet skal gje ut. Ho svarer her på spørsmål som er stilt gjennom Kristelig Pressekontor si dekning av saka, særleg frå eks-redaktør Per Eriksen.

– Synoden gjorde i juni [i fjor] eit viktig og riktig vedtak ved å presisera betydningen av redaktørplakaten. Dei presseetiske prinsippa og rolla «uavhengig redaktør» har mangeårig historie og sterk legitimitet i Frikyrkja. Kyrkjelydane ga eit viktig signal gjennom sitt vedtak i juni. Eg er svært glad for at vi har fått dette på plass igjen, seier ho.

– Viktige presiseringar

Vidare sluttar ho seg til innspela frå Gudmund Noddeland Myhren, som er ein av dei som sto bak forslaget om eit nytt papirmagasin, samt frå dei to tidlegare redaktørane Geir Øystein Andersen og Per Eriksen:

– Andersen, Myhren og Eriksen kjem med viktige presiseringar. Eg har bekledd rolla som uavhengig redaktør av bladet Budbæreren, som vart «nedlagt i nåværende form» i 2019. Kvar har ein uavhengig redaktør lojaliteten sin, kven vil «bruka» redaktøren, kor tett er ein i realiteten på leiinga? Dette er ikkje nye spørsmål for oss. Dette er dilemma heile Fagpressen har. Som organ for ei kyrkje eller «Jakt og Fiske», har ein ein tydeleg eigar som har sin agenda som utgjevar. Både i Budbæreren og no i det nye magasinet, vil eg få fram heile mangfaldet i kyrkja vår, uavhengig av maktposisjon, kjønn og alder, seier Wiecek.

– På min måte

Ho har lenge motteke innspel:

– I 2006 vart eg som fyrste kvinna tilsett som ansvarleg redaktør for Budbæreren. Eg registrerer at fleire ynskjer å gje meg råd om korleis eg skal praktisera at eg er uavhengig. Dette er ikkje noko nytt. Fleire har gjeve velmeinande råd som tyder på at dei meiner å ha fasiten på korleis rolla som uavhengig redaktør skal utøvast i Frikyrkja. Nokre gonger vert det opplevd meir som kritikk enn støttemarkeringar til den som har jobben med å utøva redaktørplakaten. Uansett har eg som første kvinnelege redaktør i Frikyrkja gjort det på min måte og vil ikkje vere ein kopi av mine mannlege forgjengarar. Eg gler meg til å gründa eit nytt magasin for Frikyrkja, og vi er godt i gong.

Saknar papirutgåve

Om det å gje ut eit trykt blad, seier redaktøren:

– Vi opplever at folk saknar at Frikyrkja kjem «heim» til dei, slik eit papirmagasin kan. Det kan dei få tilbake no. Eg er dedikert til å spegla heile mangfaldet i Frikyrkja. Det ser vi no på debattsida vår. Mi rolle som redaktør er å forsvara den einskilde sin rett til å ytra seg, uavhengig av standpunkt. «Eg er djupt ueinig i det du seier, men vil til min død forsvara din rett til å seia det». Denne setninga, som er tillagt Voltaire, formulerer sjølve kjernen i forsvaret av ytringar.

Samtidig ser vi at rommet for ytringar er blitt hardare. Janne Haaland Matlary sa nyleg til lokalavisa Lindesnes: «Demokratiet har som hederstegn å tåle uenighet og at partene likevel respekterer hverandre. Nå er det slik at de som er uenige med deg blir fiender. Det fører til emosjonelle og usaklige debatter, og den sunne diskusjonen hvor man leter etter kompromisser forsvinner.» I dag let vi debatten leva på Budbæreren si gamle nettside, som naturleg nok er under omarbeiding. Vi ynskjer å la røystene få koma til, men ynskjer samstundes å vera brobyggarar, seier Anne-Kristine B. Wiecek. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen i Kristelig Pressekontor. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

Redaktørplakaten

 

  • Redaktørplakaten er ei fråsegn om redaktøren sitt sjølvstende, plikter og ansvar. Plakaten kom i stand i 1953 i ein avtale mellom Norsk Redaktørforening og dåverande Norske Avisers Landsforbund (no Mediebedriftenes Landsforening).
  • Kjerneprinsippet i avtalen dreier seg om at redaktøren er uavhengig av eigar eller utgjevar. Dette vart lovfesta 1. januar 2009 gjennom Lov om redaksjonell fridom i media som i 2020 vart ein del av den nye Medieansvarsloven.
  • Plakaten seier at: «Redaktøren må forplikte seg på eiers utgivergrunnlag og arbeide i tråd med mediets grunnsyn og formålsbestemmelser. Innenfor denne rammen skal redaktøren ha en fri og uavhengig ledelse av redaksjonen og full frihet til å utforme og beslutte mediets innhold og meninger.»
  • Vidare: «Verken offentlige myndigheter, eiere, kommersielle aktører eller noen annen interessegruppe kan gripe inn i denne friheten. Kommer redaktøren i uløselig konflikt med utgivergrunnlaget, plikter han/hun å trekke seg fra sin stilling.»
  • Redaktørplakaten vart gitt ein teknologinøytral tekst i 2004.
  • Etter vedtak i ImF-styret er òg Sambåndet forplikta på denne plakaten. Det same gjeld til dømes P7 og Radio Sunnmøre, gjennom medlemskapet i Norsk lokalradioforbund.

NYTT BLAD: Budbæreren si fysiske utgåve gjekk inn i fjor, men neste år skal Frikyrkja igjen gi ut eit blad i papirformat. Foto: Budbæreren.

Frikyrkja tilbake til uavhengig redaktør

Synodemøtet i Frikyrkja har gitt synodestyret i oppdrag å få på plass igjen eit papirmagasin med uavhengig redaktør.

Den Evangelisk Lutherske Frikirke skal på nytt gi ut eit magasin på papir, eit drygt år etter at Budbæreren si papirutgåve gjekk inn.

Den første utgåva av eit heilt nytt magasin er planlagd å komma ut før sommaren i 2022 etter eit vedtak 5. juni i synodemøtet, som er Frikyrkja sitt øvste organ.

Det er Frikyrkja sitt talerør, Budbæreren, som melder dette på nett.

Budbæreren kom ut i trykt format frå 1884 til 2020 og var hovudorgan for Den Evangelisk Lutherske Frikirke i alle desse åra. Nedlegginga av den fysiske utgåva fann stad etter eit vedtak i synodestyret hausten 2019.

Uavhengig redaksjon

I vedtaket frå 2019 sto det at «Frikirkens informasjons- og kommunikasjonsarbeid skal være et verktøy for synodens og hovedkontorets ledelse».

Dette innebar at Budbæreren ikkje lenger vart redigert etter Redaktørplakaten og pressens Vær Varsom-plakat.

Redaktør Anne-Kristine Bjørgsvik Wiecek hadde fram til papirutgåva gjekk inn, eit uavhengig ansvar for publikasjonen, og Frikyrkja si leiing kunne ikkje overstyre redaktøren sine avgjersler. Dette endra seg med synodemøtet sitt vedtak i oktober 2019.

Men det nye magasinet skal ha ein redaktør som – slik som tidlegare – er uavhengig av leiinga, står det i det ferske vedtaket.

Det var under diskusjonen om treårsmeldinga at saka kom om. Ifølgje budbæreren.no vart det mest debatt om styrets avvikling av «Budbæreren i nåværende form». Dette munna ut i et tillegg som fekk flertall og blei vedtatt: «Synoden gir et tydelig oppdrag til det nye synodestyret om å iverksette arbeidet med et nytt Frikirkens magasin i papirformat med en uavhengig redaktør, med ambisjon om at første utgave kommer innen sommeren 2022.»

Kritikk

Synodemøtet sette spørjeteikn ved om prosessen rundt nedlegginga av Budbæreren hadde vore god nok, og om Frikyrkja sine medlemer og tilsette var blitt høyrde i samband med vedtaket om nedlegginga av bladet i det dåverande formatet.

Synodevedtaket om å etablere eit nytt magasin kan sjåast i samanheng med dette, og synodestyret har no fått i oppdrag å sette i verk arbeidet med eit nytt papirmagasin. KPK

Jon Magne Lund var profilert ansvarleg redaktør for Budbæreren før han gjekk til avisa Vårt Land og vart sjefredaktør der. Både Sambåndet og Agenda 3:16 (Normisjon) har uavhengig redaktør og blir redigert etter Redaktørplakaten.