Forførarane og dei forførte

LEDER Forføring er den største utfordringa for kristne i eit av dei mest sekulariserte landa på kloden, skriv Erik Furnes på leiarplass i Sambåndet.

Det vert sagt at vi i Norge ikkje har mange forfølgde, men mange forførte. Det er heilt rett, sjølv om vi innan omgrepet «forfølgde» må inkludere alt frå utstøytingar, nedbryting av omdømme, hindringar for arbeid osb. til det mest alvorlege som tortur og død. Likevel er forføring den største utfordringa for kristne i eit av dei mest sekulariserte landa på kloden. 

Det er enormt sterke stemmer som snakkar ned evige sanningar i byte med datostempla verdiar.

Barn, unge og vaksne vert forført. Det er enormt sterke stemmer som snakkar ned evige sanningar i byte med datostempla verdiar der «det som er sant for deg, ikkje er sant for meg». Bibelens bodskap om å tilbe Skaparen og Frelsaren, er for mange bytta ut med tilbeding av det skapte. Tydelegast kjem dette til uttrykk innan kjønnsideologi og ateistisk naturalisme, og haldningane brer om seg langt inn i kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn.

Ordbruken er så sterk at vi kan synast Han tek for hardt i.

Gud har eit hjarte som bankar for dei forførte. Vi finn aldri ei fordøming frå Jesus om dei som på ein eller annan måte er forførte av menneske, til dømes i form av vranglære, lovisk utøving av religion eller maktmisbruk. Vi finn heller ikkje fordøming og harde ord om dei som lever i synd, berre eit kall til omvending og nytt liv.  

Bodskapen frå Jesus er ein annan om dei som forfører andre, og ordbruken er så sterk at vi kan synast Han tek for hardt i. Desse to perspektiva ser vi veldig tydeleg i Matteus 18 der Jesus stiller eit barn framfor seg og understrekar at vi må alle ha barnets tillit til Gud for å kome inn i himmelriket. Så seier han: «Den som forfører éin av desse små som trur på meg, for han var det betre om ein kvernstein vart hengd om halsen på han og han vart søkkt i havsens djup. Ve over verda for hennar forføringar! For forføringar må koma, men ve over det mennesket som forføringa kjem ved!»

Om vi ikkje talar imot forførarane, vil enno fleire bli forført.

Som kristne, og spesielt som leiarar i våre kristne fellesskap, må vi vere leia av Jesu eksempel også her. Vi skal halde fram Evangeliet om Guds grenselause kjærleik og nåde for all synd som er sanna innfor Gud. Vi skal også vere tydelege imot alle stemmer som talar for å leve i strid med Guds openberre vilje med våre liv. Om vi ikkje talar imot forførarane, vil enno fleire bli forført. 

På mange måtar summerer desse to aspekta også opp ytterpunkta i mi teneste som leiar for ImF. Takk for all omsorg og forbønn, og Guds velsigning over alle som tener Gud i truskap i ulike delar av ImF sitt arbeid. 

Erik Furnes

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.