TRENDAR: Stadig fleire hjelpeorganisasjonar oppmodar givarane sine til å gi symbolgåver i staden for materielle ting til jul. Pengar til geiter til fattige menneske er eit typisk døme. Foto: Sergiu Vălenaș / Unsplash.

Meiner geit til jul har røter i umedvitne kristne verdiar

Kanskje får du ikkje ny stavmiksar eller mobil til jul i år, men eit kort der det står at pengane i staden gjekk til ein fattig afrikanar som har fått ei geit. Då er du del av ein aukande trend med symbolgåver.

Sosialantropolog Runar Døving ved Høyskolen Kristiania meiner symbolgåvene sin popularitet har røter i umedvitne kristne verdiar i det norske overflodssamfunnet. For nordmenn har eit lite reflektert tilhøve til verdibakgrunnen sin, hevdar professoren.

– Dette er relatert til den absurde rikdomen nordmenn har opplevd dei siste førti åra, seier Døving. – Når ein ser på all plastskiten ungane får berre på julekvelden, vert det noko ubehageleg når ein tenkjer på bombinga i Gaza, legg han til.

«Idiotisk»

Døving spør ofte studentane sine om dei er kristne.

– Svaret er som regel: «Nei». Men barnedøpt? Konfirmert? Medlem i Den norske kyrkja? Ja, det er dei. Uavhengig av det idiotiske omgrepet å vere «personleg kristen», så er jula ein kristen tradisjon der ein skal tenkje på fellesskapen og andre menneske, seier Døving.

Sjølv har han i år nytta seg av Frelsesarmeen sitt Others-konsept der gåva bidreg til arbeidsopplæring for folk under vanskelege tilhøve, som offer for menneskehandel.

Frå England

Siv E. Bonde er seksjonsleiar for nettverk i Kirkens Nødhjelp med lang og grundig røynsle frå innsamlingsarbeid. Ho fortel at geitekonseptet dukka opp i England i 2004. Derifrå breidde fenomenet seg nokså raskt. I Norge var Kirkens Nødhjelp (KN) raskast med å plukke opp ballen. Dei marknadsførte geiter som alternative julegåver i 2006.

– Først kom vi, og så kom Flyktninghjelpen, minnest Bonde som jobba i KN alt då. Ho ser óg at mange andre aktørar i bistands- og naudhjelpsfeltet har kasta seg på.

Vert sett pris på

Bonde meiner geiter og andre alternativ, gjerne kalt symbolgåver, med åra er blitt sett pris på, både av dei som får julegåva, og av givarar som slit med å finne ut kva dei skal gi til folk som allereie har alt.

Dessutan gir hjelpeorganisasjonane nye vegar å gå:

– Vi har på denne måten fått synleggjort fleire delar av arbeidet vårt. Geiter er eit morosamt døme og særleg relevant når vi skal hjelpe menneske som har mista livsgrunnlaget i tørkekatastrofer. Vi trekkjer óg fram ulike typar naudhjelpspakkar, som hygienepakkar til krigsoffer i Ukraina og i Gaza, seier Bonde til Kristelig Pressekontor.

Stigande trend

– Er det ein stigande trend å gi slike gåver?

– Ja, det er det nok. Stadig fleire opplever at vi har alt vi treng frå før. Elles var det ein klar trend med alternative gåver dei første åra etter 2004 då dette enno hadde nyhetsinteresse. Så har vi måtta utvikle andre idear for å følgje opp, for folk likar å leggje noko nytt under treet neste år, seier Bonde som ikkje tek det for gitt at trenden vil halde fram.

Korona

I koronatida gjekk mange for det enkle ved å vipse gåver til organisasjonar som KN.

– Ein kombinasjon av symbolgåver og Vipps gjekk voldsomt opp under pandemien, fortel ho.

– Er det bra at andre óg nyttar geiteideen som de var først med?

– Ja, det er bra at det trendar. Med klimaendringane oppstår det store behov. Det er óg bra at mange får augene opp for at humanitære aktørar treng støtte og vil gjere noko med lidingane når det er krig, konflikt og katastrofer. Det må vere av det gode, meiner Bonde.

Fleire geiter

Akkurat geita har halde på og styrka posisjonen sin som symbolgåve. Særleg har det vore populært å gi geiter til foreldre i lavinntektsland som slit med å brødfø familiane sine.

Gåvemottakaren får gjerne eit sertifikat frå hjelpeorganisasjonen om at gåva deira er gått til nokon som treng ho meir enn dei. Då sit mottakaren «berre» att med godkjensla over å ha gjort noko godt for andre, medan givaren får knekt den årlege julenøtta: «Kva skal eg gi til den som har alt?»

Mellom dei som stadig marknadsfører geiter, er forutan Flyktninghjelpen og Kirkens Nødhjelp også Misjonsalliansen, Strømmestiftelsen, Håpets Stjerne og Kenyahjelpen – for å nemne nokre aktørar som KPK har oversikt over. Men det kan vere langt fleire.

I misjonssektoren er elles Mission Aviation Fellowship (MAF) kjende for bensinkannene sine, medan Mercy Ships marknadsfører operasjonar på hospitalskipet sitt som alternativ julegåve.

Operasjonar som livbøye

Mercy Ships Norge har i år sendt ut kort forma som ei livbøye til givarane sine. Dagleg leiar Martin Aarflot vonar dette skal få merksemd hjå folk.

– Om alternativet er ei vinflaske eller ei skjerefjøl med spekepølser og slikt – for det er ein del som går i den grøfta – så er det godt å kunne tilby eit rausare alternativ, seier Aarflot.

Han har sansen for kampanjar som tydeliggjer samanhengen mellom gåvene og verksemda det vert samla inn til. Konseptet med symbolske gåver meiner han no er godt innarbeidd i nordmenn si juletenking.

Organisasjonen har femdobla inntektene på tre år og har ambisjonar om å halde fram veksten – gjerne med bidrag frå symbolgåvefeltet.

Geitehald som klimaprosjekt

Misjonsalliansen har ikkje marknadsført geiter som symbolgåve før og legg dermed ut på nye beitemarker i år ved å bidra til geitehald i Vietnam.

– Vi ser alt at dette får fleire til engasjere seg, seier Andreas Haug Løland, kommunikasjonssjef i Misjonsalliansen.

Dette er ein viktig kampanje for ein organisasjon som får inn rundt 30 prosent av einskildgåvene sine like før jul. Ifylgje Løland er satsinga på geiter eit gunstig klimaprosjekt i elvelandet som dei siste åra er blitt meir og meir flomutsett. Det står i motsetnad til land i Afrika og Midtausten der geiter som overbeitar har bidrege til avskoging og forørking.

Løland meiner det er krevjande å konkurrere mot Black Friday og andre marknadskrefter. Han opplever at det er ein balansegang mellom det å skape kampanjar som engasjerer givarar, og det å skulle gi eit heilskapleg bilete av ein kompleks fattigdomsproblematikk.

– Kritikken mot symbolgåver har vore at dei forenklar røynda. Samtidig har vi tru på at givarane óg forstår at verda er komplisert, seier kommunikasjonssjef Andreas Haug Løland i Misjonsalliansen. KPK

Artikkelen er skriven av Kjersti McElwee og Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.