VERT KRITISERT: Bestemødre for fred – som her deler ut løpesetlar ved Løvebakken – vert anklaga for å kome med ukvemsord mot Israel og for mangel på balanse i materiellet sitt. Foto: Stein Gudvangen, KPK

Prisvinnarar fordømer Israel, men ikkje Hamas

Bestemødre for fred fekk i februar Ikkevoldsprisen, som mellom andre Norges Kristne Råd står bak. Gruppa kritiserer Israel hardt for Gaza-krigen, medan Hamas-terroren knapt vert nemnt.

Bestemødre for fred (BFF) vart tildelt Ikkevoldsprisen for 2024 ved ei tilstelling sist månad. Han vert delt ut i tilknyting til den årlege Martin Luther King-dagen.

No kjem det reaksjonar på tildelinga og på at prisvinnaren er einsidig.

Komiteen bak Ikkevoldsprisen har i år bestått av Niels Fredrik Skarre og Birgitte Velund, begge oppnemnt av baptisteigde Oslofjord Folkehøgskole, Randi Heinert, oppnemnt av Norges Fredsråd, Einar Tjelle og Fred Håberg, oppnemnt av Norges Kristne Råd, og Billy Taranger, oppnemnt av Baptistkirken Norge. Roger Dahl frå Baptistkirken er komiteen sin sekretær.

Generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd var til stades under tildelinga.

Verbale åtak

Kristelig Pressekontor har gjennomgått alle løpesetlane Bestemødre for fred har delt ut sidan 7. oktober då Hamas-krigarar storma inn i Israel frå Gazastripa og skånselslaust drepte over 1200 menn, kvinner, barn og eldre og tok minst 240 gissel. Dei fleste av ofra var sivile. Hendinga utløyste krigen i Gaza som framleis herjar.

BFF har i tida etterpå kome med ei rad verbale åtak på Israel og krigføringa deira. I same tidsrommet gir ikkje Bestemødre for fred til kjenne nokon tydeleg reaksjon på terroråtaket frå Hamas i løpesetlane sine.

Reagerer på slagside

Jan Benjamin Rødner er jøde, nestleiar i styret for Med Israel for Fred (Miff) og styremedlem i Hjelp Jødene Hjem (HJH). Han meiner materialet har ei soleklar slagside og kritiserer at BFF knapt nemner dramaet 7. oktober. Han reagerer óg på at ein slik aktør får ein pris knytta til Martin Luther King sitt namn og meiner King neppe ville ha slutta seg til tildelinga.

Rødner har grundig lese løpesetlane frå i år og i fjor samt fleire lenger attende i tid.

– Eg snakka med nokre frå Bestemødre for fred for mange år sidan. Då tenkte eg at dei var frykteleg naive, og eg har no fått forsterka det inntrykket, seier han til Kristelig Pressekontor.

Han seier dette om at BFF ikkje tek avstand frå Hamas-terroren:

– Dei har vore opptekne av palestinarane si sak lenge, og det pregar løpesetlane, som er voldsomt einsidige. Om ein verkeleg er for fred, må ein lure på korleis dei kan tru at dei skal oppnå det mellom to partar om ein karakteriserer den eine som heilt uskuldig og den andre som totalt skuldig. Det er så mange ukvemsord mot Israel i løpesetlane at det er ingen grenser. Og det er ingen sjanse for at initiativet deira skal føre til noko godt. Det kan ikkje skje når ein beskriv den eine parten som ondskapen sjølv, seier Rødner, som får inntrykk av at BFF freistar å legge opp til fred i Midtausten utan Israel.

Det vesle som vert sagt om Hamas-åtaket, ser han som eit slags fikenblad.

– Det druknar fullstendig i kritikken mot Israel, seier han.

Tilsvar i eiga sak under artikkelen.

Ikkje nemnt

Bestemødre for fred er å sjå ved Stortinget med løpesetlane sine dei fleste onsdagane utanom sommarsesongen. Den første løpesetelen etter Hamas-åtaket kjem 11. oktober. Her er ikkje massakren nemnt. Temaet er i staden Nobels fredspris til iranske Narges Mohammadi.

18. oktober vert det ikkje delt ut løpesetlar. 25. oktober – 18 dagar etter dramaet i Israel og før bakkeinvasjonen i Gaza – står det heller ikkje noko i løpesetlane om terroren. No er merksemda retta mot krigen i Ukraina og norsk våpenproduksjon.

Først ei vke seinare vert Midtausten teke opp. No spør bestemødrene: «Er israelske og palestinske liv like mye verdt?» Så fylgjer ein tekst om Israel sin konflikt med Hamas og palestinarane. Der er Hamas-massakren berre såvidt nemnt. Datoen med blodskrift i israelsk historie, 7. oktober, er ikke å sjå – men Israel vert fordømt for si handtering av palestinarane i avsnitt etter avsnitt.

15. november spør bestemødrene: «Hvor mange flere liv må gå tapt før Israel stanser det som vi anser som et folkemord?» Så fylgjer ein statistikk over talet på drepte og særleg kor mange barn som har mista livet i israelske luftangrep. Tal som fortel kor mange som vart drepne i Hamas-massakren, vert ikkje lagt fram.

Først to månader etter Hamas-åtaket, 6. desember, står det eksplisitt: «Hamas sin brutale aksjon 7. oktober må betraktes som terrorisme. ..» Etterpå kjem fylgjande setning: «Det kan imidlertid herske liten tvil om at også Israel bedriver rå og systematisk terrorisme». Sitatet er klipt frå eit innlegg i Klassekampen, signert professor Emil A. Røyrvik.

17. januar kjem det meir Israel-kritikk: «Bestemødre for fred håper at FN-domstolen sin høring om folkemordanklagene mot Israel leder til en ordre om pause i krigføringen …». Løpesetelen har óg eit bilete av ei massegrav i Gaza. 31. januar vert Gaza-krigen omtalt som ein pågåande massakre. 7. februar vert Israel anklaga for å ville fjerne «det palestinske flyktningproblemet».

KRITISERER: Jan Benjamin Rødner i Med Israel for Fred meiner det lille som vert sagt om Hamas-terroren 7. oktober i løpsetlane druknar i Israel-kritikk. Foto: Stein Gudvangen, KPK

– Blår i augene

– Eg er litt forbausa over Ikkevoldsprisen, for det vert kasta blår i augene på folk. Gamal visdom seier at om du vil ha fred, må du førebu deg på krig. Bestemødre for fred gjer, mellom anna gjennom sin Nato-motstand, kva dei kan for at vi ikkje skal vere rusta til ein eventuell krig, meiner Rødner som tilsvar på at BFF driv «verkeleg fredsarbeid».

– Det er politisk aktivisme og eit muldvarparbeid som er skremmande, meiner han.

Rødner seier dette om at Norges Kristne Råd og Baptistkirken har gitt Ikkevoldsprisen til BFF:

– Eg har ikkje noko intimt kjennskap til dei som har delt ut prisen, men eg har kjensla av at dette dreier seg om menneske av god vilje og med stort sosialt samvit som likevel ikkje forstår kva dei held på med.

– Meiner du BFF ikkje burde fått prisen?

– Eg greier ikkje å reagere med voldsomt sinne på tildelinga, for til det er dette for smått og marginalt. Eg er meir komen i den situasjonen at eg vert oppgitt over at endå ein aktør var nøydd til å kaste seg på denne vogna, seier Rødner – og legg til at dette seier han som bestefar. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, KPK

 

Bestemødrene vil ikkje

kommentere kritikken

Vinnarane av Ikkevoldsprisen går ikkje inn i kritikken mot løpesetlane deira. Det gjer heller ikkje komiteen bak prisen.

Kritikken frå Jan Benjamin Rødner mot Bestemødre for fred (BFF) og tildelinga av Ikkevoldsprisen til dei, er lagt fram for prisvinnarane og priskomiteen. Korkje komiteen sine medlemer eller prisvinnarane svarar på kritikken.

Vil ikkje uttale seg

Elsa-Britt Enger er kontaktperson for Bestemødre for fred. Ho seier til Kristelig Pressekontor at gruppa har diskutert kritikken mot løpesetlane og bestemt seg for ikkje å uttale seg offentleg om dette.

– Vi er ein uavhengig organisasjon som har ytringsfridoom. Vi har ingen kommentarar til kritikken og vil ikkje gå ut i nokre medium eller seie noko meir, svarar Enger.

Svarar ikkje

KPK har óg gitt medlemene av priskomiteen og generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd høve til imøtegå Rødner sin kritikk.

Kontakten har vore formidla av komiteen sin sekretær, administrasjonsleiar Roger Dahl i Baptistkirken Norge.

Ingen av medlemene i komiteen har respondert innan den oppsette svarfristen. Det har heller ikkje generalsekretær Hermansen gjort.

– Står for Rødner si rekning

Men sekretær Dahl har sendt oss kommentaren nedanfor på e-post. Han strekar under at dette ikkje er eit svar frå komiteen, men at han svarar «på vegne av Ikkevoldsprisen» og som administrasjonsleiar i Baptistkirken Norge:

«Med Ikkevoldsprisen ønsker vi å hedre norske enkeltpersoner og organisasjoner som arbeider for fred med en ikkevoldelig metode. Det mener vi Bestemødre for fred gjør der de uke etter uke er synlige i flere lokalsamfunn, deler ut løpesedler og taler fredens sak. Det er dette engasjementet som er grunnlag for at Bestemødre for fred ble nominert og til sist valgt ut av priskomiteen», skriver Dahl som fortsetter:

«At [Jan Benjamin] Rødner velger å karakterisere noen som naive, og at han trekker fram den kritiske situasjonen i Midtøsten og andre spørsmål der det er ulike politiske oppfatninger, får stå for hans regning. Tildelingen er ikke basert på denne type kriterier, men et ønske om å løfte fram vanlige mennesker med et ekte engasjement for fred, som gjør det med en ikkevoldelig metode.»

«Organisasjonene som står bak Ikkevoldsprisen, ønsker selvfølgelig å stå opp mot antisemittisme. Vi beklager situasjonen i Midtøsten, både Hamas’ angrep på Israel 7. oktober og den massive krigføringen i etterkant der tusenvis av sivile rammes på det mest grusomme. En situasjon begge parter, Hamas og Israel, må bære ansvaret for. Desto større grunn til å løfte fram ikkevold som metode, noe Martin Luther King Jr. lykkes godt med i Borgerrettighetskampen i USA.» KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.