OVERGANG: 1. august går Reidar Røyland (t.v.) frå å sitja i kretsstyret til å bli kretsleiar i ImF Rogaland i eitt år. Han løyser av Torgeir Lauvås, som no blir pastor på heiltid. FOTO: TERJE SLETTEBØ

Ny leiing i ImF Rogaland

Først Terje Slettebø og deretter Reidar Røyland tar over stafettpinnen etter Torgeir Lauvås som kretsleiar i ImF Rogaland.

9. juni i fjor kunne sambåndet.no melda at Torgeir Lauvås var tilsett i full stilling som pastor i forsamlinga Fredheim Arena i Sandnes frå 1. oktober 2023. Samtidig vart det opplyst at Lauvås ville bli leigd tilbake til ImF Rogaland i 50 prosent stilling fram til kretsårsmøtet i 2024.

Engasjement

Årsmøtet var 23. april, og her vart det markert at Torgeir Lauvås sluttar som kretsleiar etter 15 år i stillinga. Formelt skjer det etter at arbeidsdagen 30. april er slutt.

Kretsstyret hadde overgangen klar. Frå 1. mai blir administrasjonsleiar Terje Slettebø kretsleiar i ein periode på tre månader. Så, frå 1. august, går Reidar Røyland inn i eit engasjement på eitt år som kretsleiar i 50 prosent.

– Kretsstyret er i dialog med folk med tanke på permanent kretsleiar frå 1. august 2025, seier Torgeir Lauvås til sambåndet.no.

Nettverk

Reidar Røyland sit i dag i kretsstyret for ImF Rogaland, men trer ut at det vervet frå 1. august. Frå hausten av reduserer Terje Slettebø elles til 80 prosent stilling i kretsen og går inn i 20 prosent stilling i forsamlinga Inn-kyrkja på Lye.

Slettebø og Røyland skal leia kretsen i ein periode med start på ein endringsprosess der ImF Rogaland går frå krets til nettverk. I år er det meininga å etablera to støttenettverk – for krets- og nasjonaldrift og for leirarbeid og drift av Ognatun.

I tillegg skal det etablerast to «vanlege» nettverk der eitt kan leiast av kretsleiaren. I 2025 skal det opprettast inntil tre nettverk til og veljast eit kretsråd. I 2026 skal det leggjast fram forslag til kretsårsmøtet om nye lovar for ImF Rogaland som er tilpassa den nye modellen.

Les meir i Sambåndet nr. 04/24, som kjem ut tysdag 30. april.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.