SARON: Jens Kåre Reime og sonen Bendik kjem til å nytta seg av det nye tilbodet framover. FOTO: PETTER OLSEN

Fullt hus i Sammen

- Her trur eg vi blir "tittgjengde", seier Jens Kåre Reime. Saman med sonen Bendik på eitt og eit i halvt år er han med på opninga av Sammen på Saron.

BRYNE: Tysdag 15. oktober er gangen i første etasje i bedehuset Saron på Bryne full av barnevogner, og inne i Nystova myldrar det med foreldre med små born. Dei har vore saman i to timar på det er som første samling i Sammen, eit nytt tilbod for denne målgruppa. Bak står Blå Kors Bryne, der Bedehuskirken og Misjonskirken på Bryne er involvert.

sambåndet.no fortalde 7. september i år at Blå Kors Bryne har fått lovnad om 300.000 kroner i årleg tilskot frå Time kommune fram til 2027 for å etablera ein møteplass for foreldre med små born. Tilbodet skal erstatta den opne barnehagen på Nyland.

SAMAN: Mykje folk og stor stas då Blå Kors Sammen, eit nytt tilbod for foreldre med sma barn, opna på bedehuset Saron på Bryne. FOTO: PETTER OLSEN

Vera saman

Møteplassen har altså fått namnet Sammen, og Hilde Birkeland – ei av dei tilsette – spela på dette då ho ynskte velkomen til offisiell opning.

– Det er viktig å vera saman, å bruka tid i saman, sa ho.

På sokkeleisten

Ingen ringare enn varaordførar Gaute Stokka (Frp) er møtt fram for å representera kommunen. Han kjem inn i Nystova på sokkeleisten, slik dei andre har gjort.

– Det er kjekt at det er så mange her første gongen. Eg er glad for at Blå Kors Bryne tok utfordringa med å driva dette, og eg har stor tru på at det skal bli ein suksess, seier Stokka.

Snorklyppig høyrer naturleg med til ei opning, og når barnet som eigentleg skulle håndtera saksa, bed seg friteken, er ikkje varaordføraren vond å be.

HØGTIDSSAMT: Varaordførar Gaute Stokka i Time kommune klypper snora, godt hjulpen av Hilde Birkeland (t.v.) og Maria Torland. Heilt til høgre står Kjersti Landro, som er styremedlem i Blå Kors Bryne. FOTO: PETTER OLSEN

– Me takkar Time kommunen for den tilliten dei har vist oss, responderer styremedlem i Blå Kors Bryne, Kjersti Landro – før det er klart for kake og boller.

Frå Klepp

Sammen skal ha ope tysdagar og torsdagar. For Jens Kåre Reime betyr det at han og kona kjem til å dela dagane mellom seg slik det høver med permisjonane deira.

Saman med sonen Bendik har han tatt plass ved ein bordende.

– Me bur på Klepp og har gått litt i opne barnehagar på Nærbø og Sandnes. Då tilbodet her på Bryne kom, passa det godt for oss, fortel han til sambåndet.no.

Familien går frå før i Bedehuskirken, og dermed kjenner han ein del av dei andre foreldra.

TYSDAGAR OG TORSDAGAR: Tydelege spor i gangen på Saron om kva aldersgruppe som sto i sentrum denne dagen. FOTO: PETTER OLSEN

Bedehuskirken

Styremedlem i Blå Kors Bryne, Kjersti Landro, er til dagleg tilsett som pastor i Bedehuskirken. Forsamlinga er informert om ho fram mot sommaren 2025 vil bruka om lag halve stillinga si på arbeidet i Blå Kors Bryne. Då denne foreininga vart etablert i 2019, var det som del av Bedehuskirken sin visjon om å vera til beste for byen.

I Blå Kors Bryne går Kjersti Landro no inn i ei mellombels rolle som dagleg leiar. Ho skal jobba med nye prosjekt og med tilsetjingar, strukturar og ordningar for personal og økonomi.

«Vi tror Gud gjør noe her, og det ønsker vi å følge inn i», skreiv staben i Bedehuskirken i ein e-post til medlemmene i forsamlinga.

Blå Kors Bryne driv frå før Lyspunkt, som er ein samlingsplass for flyktningar og innvandrarer som også driv med utdeling av gratis klær.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.