NY JOBB: Den 1. september startar Helge Åkernes som journalist i Radio Sunnmøre. Her har han seminar om Åpne Dører på Lyngdal Bibelcamp i 2022. FOTO: Brit Rønningen
Helge Åkernes ny journalist i Radio Sunnmøre
Radio Sunnmøre får snart ny tilsett og har gjort endring i vedtektene.
Den 1. september begynner Helge Åkernes som journalist i Radio Sunnmøre i 60% stilling. Han er utdanna lærar og har tidlegare arbeidd både i Søndagsskolen Sunnmøre krets, Krik (Kristen Idrettskontakt) og Ålesund folkehøgskole. Dei siste åra har han jobba i Åpne Dører.
– Han kjenner mange folk og har ei bredde og forståing for det kristne landskapet. Som person er han kreativ og ein god formidlar. Så eg tenkjer det kan bli kjempebra, seier dagleg leiar og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund til sambåndet.no.
Åkernes skal framleis jobba i Åpne Dører, men ha permisjon frå deler av stillinga.
Likar radio
– Kvifor vil du jobba som journalist i Radio Sunnmøre?
– Eg synes det er spennande, for eg likar radio og den si moglegheit som medium, og eg kjenner godt til kristenheita både på Sunnmøre og eigentleg også elles i landet. Det er eit ønskje å sjå om det kan vera noko som eg kan trivast med, seier Åkernes til sambåndet.no.
Han understrekar at han ikkje startar i Radio Sunnmøre fordi han ikkje trivst i Åpne Dører.
– Eg vil ikkje sleppa Åpne Dører. Eg brenn for det. Det har vore en utruleg passande jobb for meg.
Ta pulsen
– Kva vil vera viktig for deg som journalist i Radio Sunnmøre?
– Det er å ta pulsen på kristen-Norge og spesielt på Sunnmøre, og det er å få tak i og få fram i lyset heile breidda av alt som skjer av kristen aktivitet. Så er det møte med enkeltpersonar som har gode historiar og som kanskje ikkje er dei som er mest framme i lyset, men som kan bidra til å inspirera kristen-Norge.
Endra vedtekter
Ny medarbeidar er ikkje det einaste nye i Radio Sunnmøre. På årsmøtet 10. mars gjorde dei endringar i vedtektene der redaktøransvaret vart flytta frå eigarorganisasjonen til nærradioen, slik at Espelund no også er redaktør.
– Det gjorde vi på grunn av Vær varsom-plakaten $2.1. Radio Sunnmøre er ei eiga foreining no, og vedtektene har ikkje blitt endra på mange år. Så det var på tide å gjera det i samsvar med slik som det blir organisert no.
Formalisert
– Kva tenkjer du om redaktøransvaret, og kva betyr det for deg?
– Eg har hatt det ansvaret i praksis i alle desse ti åra eg har vore her, då med tanke på at det er eg som har hatt ansvar for det redaksjonelle innhaldet, presentasjon og publisering. Så det blir ikkje noko stor endring. Vi har flytta tittelen, for å seia det sånn. No er det blitt formalisert at vi også opptrer fritt og uavhengig av eigarorganisasjon, seier Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!