Innlegg

SOFAPRAT: – Hadde eg visst kva som kom, hadde eg styrt unna, sa Bjarte Ystebø fredag om Norge Idag-striden – i samtale med leirsjef Solveig Hosøy. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Ystebø: – Ei oppleving av Guds godheit

Han har lagt eit dramatisk halvanna år bak seg etter striden i Norge Idag. Fredag fortalde han som sofagjest på Lyngdal Bibelcamp om opp- og nedturane sine.

Publisert 22. juli 2023 kl. 12.05.

Bjarte Ystebø (44) er eit godt stykke inn i eit heilt nytt kapittel i livet. I 23 år var han journalist, redaktør og kronprins i vekeavisa Norge Idag, men då han trudde han skulle ta over som sjefredaktør, vart det i staden open strid om makta med avisgründar Finn Jarle Sæle.

Eit år etter den dramatiske generalforsamlinga i avisa i juni i fjor stilte Ystebø fredag 21. juli som gjest i sofaen på bibelcampen i Lyngdal som Indremisjonsforbundet (ImF) står bak.

– Her kjenner eg meg heime, sa Ystebø.

Han har sjølv pinsebakgrunn, men fekk eit godt tilhøve til indremisjonsfolk og andre kristne gjennom tida si som elev på Danielsen videregående skole i Bergen. Dette hadde lært han å snakke «det kristne språket» flytande, sa han under kveldsmøtet fredag med fleire hundre  tilhøyrarar til stades.

– Ei stor oppleving

Kristelig Pressekontor snakka med Ystebø i forkant av sofavisitten. Han sa då at han ikkje heilt visste kva spørsmål han ville få.

– Men eg går ut ifrå at det vil dreia seg om arbeidet eg no driv i Kristen Media Norge og det eg har opplevd det siste halvanna året, sa Ystebø til KPK på telefon over Atlanteren frå USA der han oppheldt seg tidlegare i veka. I ein kort samtale snakka han ut om tida sidan han gjekk frå stillinga som redaktør i vekeavisa Norge Idag.

– Korleis har det siste året vore for deg?

– Det har vore ei stor oppleving av Guds godheit. Han var med meg og hjalp meg då eg hadde det vanskeleg på ein sånn måte at når eg ser attende på det, er eg glad for det eg har opplevd. Eg er blitt kjend med Gud på ein måte som eg ikkje var før.

Under sofapraten fredag la han til:

– Hadde eg visst kva som kom, hadde eg styrt unna, men det eg visste med hovudet om Guds godheit og truskap, har eg no røynd i livet mitt. Så eg er glad for det eg har opplevd.

Uvissa verst

Det tyngste, seier Ystebø, med perioden då det sto strid om kven som skulle ha hand om drifta i Norge Idag, var uvissa.

– Det verste var påkjenninga knytt til at det var ein berg og dal-bane av kjensler rundt utfallet av prosessen. Ville eg lukkast eller ikkje? Det var ein periode då eg kjende at eg hadde full kontroll, med store aksjonærar på mi side, og så var det periodar då eg trudde det kom til å glippa på generalforsamlinga. Undervegs låg alt i potten, og det var ei veldig påkjenning, for heile yrkeslivet mitt var knytt til Norge Idag. Der låg óg heile framtida mi, slik eg såg det. Men i den fasen fekk eg leggja alt i Guds hender, seier Ystebø.

Han legg til at det alltid er anstrengande når relasjonar vert sett på prøve. Også det var ei stor bør.

TV-PRODUKSJON: – Vi har ein stabel med idear om program vi vil lage. Det er berre ressursane som hindrar oss, sa Bjarte Ystebø om Kristen Media Norge sitt arbeid fredag. Til venstre Solveig Hosøy som intervjua Ystebø på podiet. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Kvifor stiller du no på Lyngdal bibelcamp og let deg intervjua om dette?

– Eg har snakka til eit stort publikum kvar veke på TV, og for meg er det heilt naturleg å fortelja om dei dyrebare røynslene eg har hatt. Dei deler eg veldig gjerne med andre som vil høyra vitnesbyrdet mitt.

– Har gått vidare

– Somme vil tenkja at det hadde vore tid for harde utfall frå di side, men det har vi vel ikkje sett noko særleg til etter at du slutta i Norge Idag?

– Eg har ikkje på noko tidspunkt hatt trong til å koma med slike utfall. Det har eg ikkje no heller. Eg har ikkje noko eg kjenner at eg treng å seia. Eg har gått vidare og konsentrerer meg om det arbeidet eg held på med no. Så kjem det kokre fråsegner som eg må svara på, men eg søkjer ingen debatt etter hendingane i 2022, seier Ystebø.

– Kjekkare enn avis

– Har du no funne di rette hylle?

– Eg trudde at eg var på rett hylle, og det var eg for den tida. Og no er arbeidet eg står i, det som er rett for meg. Eg stortrivst med å laga fjernsyn, og TV er mykje kjekkare enn avis. Eg ser ikkje vekk ifrå at eg kan koma til å stella litt med avisproduksjon att i framtida óg, men det vi gjer no, har mykje å seia for mange.

Ingen rike onkler

– Ut av splitten i Norge Idag er det kome to nye kristne medieaktørar, Kristen Media Norge og nettavisa Verdinytt. Er det plass til alle om ein ikkje har nokre rike onklar med seg?

– Eg har ingen rike onklar, men til å byrja med fekk vi litt hjelp frå nokre som kunne dra på litt ekstra. Elles er det vi held på med, finansiert av gjevarar. Eg trur på det arbeidet som vert dreve av Kristen Media Norge og av venene våre i Verdinytt, men mediebildet generelt er i endring. No har vi fire kristne TV-kanalar, men det har vi kanskje ikkje om fem år. Sektoren generelt er prega av endring, og papiravisa er langt på veg dau, men eg trur at Verdinytt, som vi har ein stoffutvekslingsavtale med, skal klara seg.

– Når de nye sjåarar og lesarar, eller er det berre fleire aktørar som kjempar om merksemda i det same segmentet slik at det vert vanskelegare for alle?

– I den grad det er konkurranse, så er det mellom TV-kanalane. Vi er berre innhaldsprodusentar, omtrent som TV Inter, som leverer program gratis til to kristne TV-kanalar, Kanal 10 og Bedehuskanalen. Eg trur det er betre at vi har denne verksemda enn om vi ikkje hadde halde på, seier Ystebø.

Han poengterte for den fullsette salen i Lyngdal at arbeidet han no driv, er heilt og fullt basert på gåveinntekter.

– Vi har ein stabel med idear om program vi vil laga. Det er berre ressursane som hindrar oss, sa han vidare.

– Ingen god situasjon

Ein bieffekt av striden i Norge Idag vart kampen om rettane til arrangementet Oslo Symposium der Ystebø har vore sentral i fleire år. Så langt har det enda med at det i 2023 er to samlingar som nyttar akkurat same namnet. Norge Idag si utgåve gjekk av stabelen i april, Ystebø sitt symposium vert halde i august.

  – To arrangement med same namnet, vert ikkje det litt rart i lengda?

– Eg skulle gjerne vore utan dette, men eg har freista å ikkje la meg distrahera av det, og vi er på god veg med vårt eige arrangement. Men det er ikkje nokon god situasjon om det held fram, og det veit vi ikkje om det gjer. Vi tek eit år om gongen. Det har vi alltid gjort når gjeld Oslo Symposium, seier Bjarte Ystebø. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, KPK – stein@kpk.no

Vil ha meir kristendom i politikken

Kristne skal ikkje vere diskvalifisert frå å delta i den politiske samtalen, meiner arrangøren av Oslo Symposium.

Oslo Symposium (sjå faktaboks) var i år frå 3.-4. mars og hadde rekordmange deltakarar. Fleire av dei meiner konservative verdiar ikkje får plass i media.

– Vi er opptekne av kristelege verdiar, og dette er den fellesarenaen vi har anna kvart år. Det er fint å setje seg ned i to dagar og faktisk vere einig med det du høyrer på.

Orda tilhøyrer Eskil Reite som er deltakar på Oslo Symposium for tredje gong saman med kona Anita A. Reite.

– Eg synest vi skal ha litt fleire kristne verdiar inn i politikken. Det er jo det vi forfektar og mykje av grunnen til at vi er her. Vi bør blande politikk og religion meir, meiner Reite.

Står opp for Israel

Ekteparet slår følgje med Israel-venn og paret si felles venninne, Sølvie Sandbakk frå Bodø.

– Dette er òg eit seminar der dei står opp for Israel, og det betyr veldig mykje for meg. Midtaustens einaste demokrati blir ikkje framsnakka i media i Noreg, så her kan det vere nyttig for mange som ikkje har gjort seg opp ei meining om det som skjer der, seier ho.

ISRAEL-VENNER: Eskil og Anita A. Reite fra Stathelle ble kjent med Sølvie Sandbakk fra Bodø på tur i Israel. Nå er de sammen på Oslo Symposium for tredje gang. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Oslo Symposium plasserer seg på høgresida i norsk politikk og kampen for eit ikkje-sosialistisk styre og engasjement for Israel står sentralt. Deltakarane på Oslo Symposium er, ifølgje Ystebø, opptekne av kristne verdiar og korleis dei får prege det norske samfunnet.

– Dei som kjem her, er folk som har ein kjærleik til landet vårt og vil at det skal vere prega av kristendom og kristne verdiar, seier Ystebø.

Får ikkje plass nok

At dei verdikonservative sine synspunkt ikkje får kome til utrykk i mediene er noko mange av deltakarane kjenner på.

– Eg opplever at høgresida og dei konservative kristne synspunkta blir undertrykt og veldig lite lytta til. Eg synest dette er eit veldig viktig arrangement særleg fordi det snart er nytt val og det då er det viktig å vise støtte til dei synspunkta som kjem fram her, seier Sigrun Urdal Svingen frå Molde.

-VIKTIG FORUM: Vennninnene Sigrun Urdal Svingen (t.v.) og Wanda Villa Wilkens fra Molde mener Oslo Symposium er et viktig forum for verdikonservative synspunkt. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Dei fleirårige deltakarane Vivi-Ann og Knut Goderstad er einige.

– Eg trur at vi lever eit heilt liv, og at kristendomen er ein viktig del av politikken. Slik har det vore gjennom heile historia, og vi må ikkje gløyme det, seier Knut Goderstad som er aktiv i Normisjon i Arendal.

Vil bli meir politisk aktiv

Wanda Villa Wilkens frå Pinsekyrkjelyden Sion i Molde har eit klart mål for medverknaden sin på Oslo Symposium.

– Eg har valt å kome her for å bli litt meir politisk medviten og tenkje på kva parti eg ønskjer å stemme på, seier Wilkens som er førstegangsdeltakar i år.

– Det er viktig å ha eit forum der kristne blir samla og finn fellesskap med kvarandre på tvers av kristne forskjellar, for å sjå kva som skjer med verdiane i landet vårt, fortset ho.

Haldis Kleppe Akselsen og Jan Roger Akselsen frå Klepp (bildet øverst) er òg på Oslo Symposium for fyrste gong i år.

– For nokre år sidan las vi boka «Sønn av Hamas» av Mosab Hassan Yousef, og då vi såg at forfattaren skulle vere her, måtte vi nytte høvet, seier Haldis Kleppe Akselsen.

Ho meiner det er viktig at det finst eit forum der ein kan ha innlegg og debattar om verdisaker i Noreg.

– Å vere kristen er ein naturleg del av kvardagen, og det vil òg prege avgjerdene våre og val vi tek om kven som skal bestemme i Noreg og kva slags lover vi skal ha.

– Kristne er ikkje diskvalifisert

REKORDMANGE DELTAKERE: Oslo Symposium har i år rekordmange deltakere. Gjennomsnittsalderen på deltakerne er imidlertid relativt høy. FOTO: Markus Plementas. KPK

Arrangør Bjarte Ystebø tviler på at dei som meiner dei gjer ei uheldig samanblanding mellom religion og politikk, har vore på arrangementet.

– Her er det politiske argument som blir førte fram. Det skal ikkje vere sånn at kristne skal vere diskvalifisert for å delta i den politiske samtalen. Det er heilt naturleg at dei er med, og dei som meiner noko anna, meiner eg gjer ei feilvurdering, seier han.

Han fortel at konferansen i år har eit rekordhøgt tal deltakarar med over 600 betalande gjester. Sist gong var det rundt 450 betalande. Men han innrømmer at gjennomsnittsalderen på deltakarane er relativt høg.

– Det er folk i alle aldrar men med tyngdepunkt i godt vaksne folk. Det er jo dei som er mest fryktlause og mest brennande, både når det gjeld Israel og når vi snakkar om å kjempe tilbake mot sekularismen, meiner han og legg til:

– Vi vil at Noreg framleis skal vere eit kristent land, og det blir det ikkje dersom vi ikkje kjempar for det. Ein del av den kampen handlar om å etablere seg i den offentlege samtalen. Oslo Symposium er eit forsøk på det som har vore veldig vellukka. KPK